Ønskjer meir utvinning

Petroleumsnæringa

Ønskjer meir utvinning

Store olje- og gassfunn på norsk sokkel gir leverandørindustrien i Hordaland god tru på framtida. No må leitinga auke og nye område opnast, meiner næringa. 

- Utvinninga på norsk sokkel må aukast. Det er bodskapen frå interesseorganisasjonen Norsk Olje & Gass i konjunkturrapporten for norsk petroleumsindustri frå november 2012. Tittelen på rapporten er «Gode utsikter, globale utfordringer». I følgje Gro Brækken, administrerande direktør i organisasjonen, har resultata av den høge leiteaktiviteten dei siste åra vore særs god. – Store funn hittil i år viser at det er store ressursar igjen i dei modne områda i Nordsjøen og Norskehavet, seier Brækken.

Trur på Sverdrup
Nye funn er gode nyhende for petroleumsnæringa i Hordaland. Investeringane målt i faste 2012-prisar vil truleg auke frå om lag 184 milliardar kroner i 2012 til 205 milliardar i 2017 (sjå tabell 1). I prosent er ikkje veksten så høg for dei fem åra, men investeringane i 2012 var rundt 30 milliardar kroner høgare enn året før. Det er framleis i Nordsjøen dei største investeringane skjer. Investeringane på norsk sokkel vil være høge og aukande dei næraste åra, skriv Norsk Olje & Gass i konjunkturrapporten. Når nye felt skal byggjast ut og eksisterande installasjonar haldast i hevd og graderast opp, vil leverandørindustrien i Hordaland kunne gå gode tider i møte.

I Nordsjøen vest for Hordaland ligg Johan Sverdrup-feltet – det nest største funnet på norsk sokkel nokosinne. Oljefeltet vil truleg opnast for utvinning i 2018. Det kan gi store oppdrag for petroleumsnæringa her i fylket, både direkte og indirekte (sjå faktaboks). Tre til fire plattformar vil bli sett ut berre på dette feltet, med ei følgjande investering på rundt 30 milliardar kroner dei neste åra. Det viser tal frå konsulentselskapet Pöyry Management Consulting AS i konjunkturrapporten til Norsk olje & gass.

Ringverknader for Hordaland
Ågotnes i Fjell kommune finn vi eit av dei viktigaste kompetansemiljøa innan petroleumsnæringa i Hordaland. Her er verksemda Coast Center Base (CCB) hovudbase for service- og forsyningsaktivitetane til felta i Tampen-området av Nordsjøen. Det vil seie Statfjord, Gullfaks, Veslefrikk, Troll, Huldra og Kvitebjørn. – Dei nye store funna i Nordsjøen vil kunne vere med på å tryggje framtidig drift av våre anlegg og skape nye marknader, seier leiar for sal og marknad i CCB, Arne Aarvik.

CCB er lokomotivet i det store industriområdet på Ågotnes, kor i alt 300 verksemder med rundt 4 000 årsverk har etablert seg. Vel halvparten av dei held til på sjølve basen. – Den aktiviteten vi driv med her ute, med forsyning og subsea, vil kunne vekse og utviklast i samband med dei nye funna, seier Aarvik. – Det gjeld også dei servicetenestane vi allereie driv, til dømes innan vedlikehald og sertifisering ved oppdateringar av eksisterande felt.

Dei nye funna opnar nye moglegheiter og nye verksemdsområde ikkje berre for CCB, men for heile det breie næringsmiljøet på Ågotnes. – Framleis er ikkje noko fastlagt i samband med framtidige forsyningstenester på dei nye felta. Men om dei store oljeselskapa vel å satse på den kompetansen dei finn her på Ågotnes, vil vi og våre leigetakarar ha sikra verksemda i mange år framover og oljeselskapa ha tryggje leveransar, seier Aarvik.

Undervassteknologi i verdsklasse
22,3 prosent av dei tilsette i leverandørindustrien innan norsk petroleumsverksemd bur i Hordaland. Det viser tal frå Menon Business Economics. I Rogaland er talet 41,3 prosent, medan neste region på lista er Oslo/Akershus med 9,3 prosent. Nye funn og auka utvinning vil difor være særs viktig for sysselsetjinga i Hordaland. Det vil òg sikre framtidige arbeidsplassar innan alle dei tre næringane olje- og gassutvinninga omfattar: utvinning, teknisk tenesteyting og røyrtransport.

Til saman utgjer produksjonsverdien i petroleumsnæringa rundt 700 milliardar kroner, i følgje SSB. Dei siste tala frå 2010 syner at produktinnsatsen var på 144 milliardar kroner og meirverdien frå verksemdene i næringa 526 milliardar kroner. Petroleumsnæringa er òg ei kunnskapsintensiv næring, kor vi finn fleire store og solide fagmiljø i Hordaland. Eit av desse er subseaindustrien. Her arbeider i underkant av 5 000 berre her i fylket og verksemdene omset for meir enn ti millionar kroner i året. Subseamiljøet i Hordaland er eit framifrå døme på ei næringsklynge med partnarar frå private verksemder, forsking- og utviklingsmiljø og offentlege styresmakter.

Samlar ekspertise
I 2006 vart dette næringsmiljøet gitt statusen Norwegian Centre of Expertice (NCE Subsea). Føremålet var å forsterke innovasjonsaktiviteten i ei av dei mest vekstkraftige og globale næringsklyngene i Noreg. I dag blir ein stor del av verdas 3 000 brønnar under vassflata drifta frå dette miljøet med hovudsete i Bergen. Hjartet i produksjonen er aktivitetane til Statoil innan installasjon, drift og vedlikehald av undervassinstallasjonar på norsk sokkel. Men tre av verdas leiande leverandørar av anlegg for slik produksjon har òg sine globale installasjons- og vedlikehaldsaktivitetar lokalisert her.

Manglar stadig ingeniørar
Gode nyhende for petroleumsnæringa i Hordaland slår òg inn på den generelle trua på framtida for verksemdene i fylket. Forventingane er høgare hos dei petroleumsretta verksemdene enn i næringslivet generelt. Samla forventingsindeks for verksemder med petroleumsrelatert omsetnad er på 35 poeng, mot 22 poeng for alle verksemder samla.

Framleis er det langt fleire som ventar auke enn nedgang, både i omsetnad, lønsemd og talet på tilsette. Samstundes ser det ut til at forventingane har gått noko ned sidan januar i fjor (sjå figur 1). Det ser vi på alle indikatorar. Særleg investeringsindeksen er låg, noko vi finn i alle næringar i år. Med dei rekordhøge investeringane som har vore i petroleumsnæringa dei siste åra, er det naturleg at veksten flatar noko ut.

Ingeniørmangel ser framleis ut til å vere den største utfordringa. Blant dei mest petroleumsintensive verksemdene (over 25 prosent petroleumsrelatert omsetnad) melder sju av ti om vanskar med å rekruttere ingeniørar og sivilingeniørar. Men problemet gjeld òg faglærte. Seks av ti melder om vanskar med å rekruttere fagarbeidarar.

Kjelder
Bedriftsundersøkinga
Norsk olje og gass: «Gode utsikter, globale utfordringer», konjunkturrapport 2012.
Menon Business Economics: «Nærings- og skattevirkninger  av petroleumsvirksomhet i Nordsjøen». Menon-publikasjon 11/2011
SSB, Årsstatistikk for olje- og gassvirksomhet, 2010