Arbeid er rota til alt godt

Leiar

Arbeid er rota til alt godt

Overskrifta snur på eit ordtak som er mykje meir brukt, og det er på tide at vi gjer det. Nyare forsking viser at det er eintydig positiv samanheng mellom arbeid, helse og livsglede.

I tillegg er inntektene som arbeid gir viktige for den einskilde og for samfunnet.  Sigbjørn Johnsen understrekar ved alle høve at berekrafta i velferdsordningane våre byggjer på brei deltaking i yrkeslivet for flest mogleg, og slett ikkje på oljeinntektene i eit lenger tidsperspektiv.

Norge har gode velferdsordningar for å tryggje dei av oss som ikkje kan delta heilt eller delvis i ordinært arbeidsliv.  OECD meiner nokre av ordningane er for gode, mens andre fagmiljø peikar på at ordningane tvert om bidreg til høg yrkesdeltaking fordi du har eit sikkerheitsnett under deg om helsa sviktar.  Eg overlet denne diskusjonen til dei som eig den.

Sogn og Fjordane kjem ofte best ut på statistikkar for helse og trivsel, men vi har likevel like store utfordringar som landet elles knytt til personar utanfor arbeidslivet.  Om lag 12 000 personar i aldersgruppa 16-67 år, tilsvarande 20 prosent av arbeidsstyrken, deltek ikkje i det ordinære arbeidslivet.  Vi veit at mange i denne gruppa både kan og ønskjer å bidra, men vi får det rett og slett ikkje til trass i stort fokus og svært mange ulike verktøy mellom anna i regi av min etat. 

Krava som arbeidslivet møter ungdom med i dag er heilt annleis enn for få tiår sidan.  Krava til kompetanse og personlege eigenskapar er vanskeleg å imøtekome for mange unge.  Både utdanningssystema og NAV er heilt avhengige av bedrifter som tek samfunnsansvar og opnar dørene.  Litt arbeidstrening i kombinasjon med «teorien» kan vere det som skal til for å snu motløyse til motivasjon.  Fleire bedrifter ser no at kampen om arbeidskrafta vert tøffare og at det er ein god langsiktig strategi å ta inn ungdom som praktikantar.  –Vi må bruke alle mulegheiter for å sikre rekrutteringa framover, seier avdelingsleiar hjå Tine Meieriet Byrkjelo, Kristen Kleppe.  Barometeret besøker mellom anna Tine i denne samanhengen.

Den viktigaste negative samanhengen er tid.  Sjansen for å kome attende til arbeid, uavhengig av årsak, minkar  dramatisk månad for månad. Vi har også svært god diagnosestatistikk som syner at sjukefråver i stor grad er knytt til muskel og skjelett og lettare psykiske lidingar.  Som vi har gode døme på i barometeret er tilrettelegging og kontakt med arbeidsplassen avgjerande viktig for å redusere sjukeperioden og auke sjansen for at du kjem tilbake for fullt.  «Sjukemelding kan sidestillast med vanedannande medikament», har ein lege uttalt.  Kombinasjon av arbeid og behandling har synt seg å vere særleg positivt for personar med lettare psykiske lidingar som er den nye folkesjukdomen.

Tore Thorsnes
Direktør NAV Sogn og Fjordane