Arbeidsløysa aukar

Arbeidsmarknaden

Arbeidsløysa aukar

Dei siste månadene har arbeidsløysa i Sogn og Fjordane auka. Hittil i år er det ein auke på fem prosent, og det er industrien som står for det meste av auken. 

Auken i arbeidsløysa er likevel mindre enn det NAV hadde rekna med i prognosen for 2013, og fylket har framleis låg arbeidsløyse. Ved utgangen av april var 1 135 personar i Sogn og Fjordane – 2,0 prosent av arbeidsstyrken – heilt utan arbeid. Det er ein auke på to prosent frå april 2012. Hittil i år (til og med april) har Sogn og Fjordane ein auke i arbeidsløysa på fem prosent. På landsnivå er det ein auke på to prosent.

I 1. tertial i år hadde Sogn og Fjordane i gjennomsnitt 2,0 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt utan arbeid, mot 2,6 prosent på landsbasis. I tillegg var 0,4 prosent av arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane på arbeidsmarknadstiltak, mot 0,7 prosent på landsnivå. Berre Rogaland har lågare arbeidsløyse enn Sogn og Fjordane (figur 1). 

Størst auke i industrien
Det er ganske store forskjellar mellom dei ulike næringane når det gjeld utviklinga i arbeidsløysa (figur 2). Industriarbeid har ein auke på 23 prosent til og med april i år, medan butikk- og salsarbeid har ein auke på 13 prosent. Dei næringane som har størst reduksjon i arbeidsløysa, er kontorarbeid med 11 prosent og serviceyrke med 10 prosent. 

Auke i Sogn og Nordfjord
Regionane Sogn og Nordfjord har ein auke i gjennomsnittleg arbeidsløyse på høvesvis 14  og åtte prosent frå 1. tertial 2012 til 1. tertial 2013. Ytre Sogn/ytre Sunnfjord har uendra arbeidsløyse, mens Sunnfjord har ein reduksjon på fem prosent. Ytre Sogn/ytre Sunnfjord har lågast arbeidsløyse med 1, 4 prosent, mens Nordfjord har høgast arbeidsløyse med 2,5 prosent. I Sogn og Nordfjord er det høvesvis Årdal og Vågsøy som står for størsteparten av auken i arbeidsløysa, mens det i Sunnfjord er Flora som står for det meste av reduksjonen. 

Ventar auke i arbeidsløysa i 2013
Ifølgje dei siste prognosane frå NAV, kan gjennomsnittleg arbeidsløyse auke med fem prosent på landsnivå i 2013. NAV Sogn og Fjordane trur at det i Sogn og Fjordane kan bli ein auke på ti prosent, året sett under eitt. Det kan dermed bli om lag 1 100 heilt ledige i gjennomsnitt i 2013, mot 1 000 i 2012. Til tross for den venta auken, vil fylket framleis ha ei svært låg arbeidsløyse. 
 

Artikkelen er utarbeidd for Næringsbarometeret av NAV i mai 2013.