Atterhald i sør

Regionalt utsyn

Atterhald i sør

Sunnhordland er den minst optimistiske regionen i Hordaland. I maritim og marin sektor går det for fullt, men på andre område er ikkje regionen framtidsretta nok.

Det er sjøen som blæs i liv i Sunnhordland. Regionen er den nest største i fylket innan maritime næringar, med Bergen suverent på topp. Maritime arbeidsplassar utgjer  om lag 40 prosent av sysselsettinga innanfor industri og oljeutvinning i regionen. Særleg på Stord og Bømlo står maritime næringar sterkt.

Låge forventingar
Til tross for stor aktivitet både offshore, onshore og subsea, er det ikkje rosenraudt innan maritime næringar heller. Til dømes opplever skipsleverandørindustrien nedgang i marknaden, grunna sterkare konkurranse og sviktande etterspurnad. Det er dette biletet som truleg blir reflektert i Næringsbaromenteret sin forventingsindeks (sjå figur 1).

Maritime næringar omfattar mellom anna reiarlag og skibsbygging. Medan reiarlag i Norge i stor grad er lokaliserte til Bergen, har Sunnhordland ein etter måten stor andel  av  verftsindustrien med bygging av skip og oljeplattformer.  Også tenesteleverandørar og utstyrsprodusentar til maritim sektor er sterkt representert i regionen.

Sentrum for marin verdiskaping
Sunnhordland står for nesten halvparten av verdiskapinga innan marin sektor i Hordaland, i følgje Statistisk sentralbyrå og Hordaland fylkeskommune (AUD-rapport nr.2-2012). Regionen har også flest tilsette og flest føretak i fylket. Marine næringar omfattar fiske og fangst, fiskeoppdrett og foredling. Utover dette inngår også sal, tenesteleverandørar og utstyrsprodusentar i den marine næringsklynga. Austevoll er saman med Bømlo dei viktigaste kommunane når det gjeld marin sektor. Austevoll er klart størst både innan oppdrett og fiske, men kommunen er også størst i landet med omsyn til fangstmengd.

Ikkje attraktiv nok
Men kompetansearbeidsplassar og andre framtidsretta næringar er det færre av i Sunnhordland. Regionen ligg under snittet både i fylket og landet sett under eitt på fleire viktige faktorar knytt til regional utvikling og attraktivitet. Det kjem fram i ei utgreiing Hordaland fylkeskommune har gjort i samband med utarbeiding av regional planstrategi (AUD nr.4-12). Særleg for «framtidsnæringar», kompetansearbeidsplassar, utdanningsnivå og folketilvekst er det verd å merke seg skilnadane.  «Framtidsnæringar» er næringar innan IKT og annan privat forretningsmessig tenesteyting, medan «kompetansearbeidsplassar» er arbeidsplassar innan bransjar der minst 39 prosent av dei sysselsette har universitets-eller høgskuleutdanning. Sunnhordland lukkast altså ikkje i å trekkje til seg den mykje omtala og ettertrakta «kreative klassen».

Høgt tempo, høgt nivå
Til tross for det noko dystre biletet, går det som det susar for både maritim og marin sektor i Sunnhordland. Det blir utvikla og produsert mange høgteknologiprodukt i regionen som krev fagkompetanse på høgt nivå.  Dette er ein kompetanse som ikkje berre er knytt til høgare utdanning, men til høgt spesialiserte handverksfag og til lange industritradisjonar. Den kanskje største utfordringa for næringslivet i Sunnhordland er truleg mangelen på kvalifisert arbeidskraft og dårleg kopling mellom utdanning og yrkesliv. Regionen slit også med låg tilflytting.

Forventningsindeksen 2013
Næringslivet i Sunnhordland ser ut til å ha redusert forventingane sine samanlikna med same tid i 2012, noko som òg gjeld for dei andre regionane i fylket. Samla forventningsindeks for 2013 ligg på 15 poeng, eitt poeng under Hardanger. Til samanlikning har Region Vest, kommunane vest for Bergen, ein forventningsindeks på 33 poeng. Dette tyder på at store delar av næringslivet i regionen oppfattar marknadssituasjonen dei opererer i som usikker. Men samstundes opplever dei maritime og marine næringane i Sunnhordland gode år, i år som tidlegare år.

Forventningsindeksen for 2013 viser at næringslivet i Sunnhordland ventar lågare omsetnad og lønsemd i 2013 enn næringslivet elles i Hordaland. Sunnhordlendingane er klart mest atterhaldne med omsyn til investeringar, men her ligg forventingane lågt også i resten av fylket. Kvar fjerde verksemd i regionen trur dei vil tilsetje nye medarbeidarar i 2013. Det er om lag likt som dei andre regionane i fylket – med unntak av Hardanger som har lågast forventningar.

Overraska over indeksen
-Eg er særs overraska over at Sunnhordland kjem så dårleg ut på forventnings-indeksen for 2013, seier Gro Jensen Gjerde, dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. - Er det noko som kjenneteiknar næringslivet her, er det at mykje går som det susar, og ein er relativt optimistisk med tanke på framtida. Gjerde tenkjer at sisteplassen på forventningsindeksen kan skuldast at Sunnhordlendingane er nøkterne og ikkje ønskjer å satse overilt.

Når det går godt for Kværner..
-Eit særtrekk ved industrien i Sunnhordland er at han i stor grad er knytt til maritime og marine næringar. Dermed er han følgjeleg òg sterkt eksportretta, seier Gjerde. – Dette gjer at ein merkar dei økonomiske svingingane i Europa særs godt.  Desse næringane har likevel jamnt over opplevd vekst og gode tider til tross for krise i Europa. Når det går godt for større verksemder, kjem det også underleverandørane og heile lokalsamfunn til gode. Som ein bilforhandlar sa det: «Når det går godt for Kværner, kjøper pensjonistane bil.»

Manglar arbeidskraft
Næringslivet og industrien i Sunnhordland slit som mange andre regionar langs kysten med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft. Regionen har verken fagskuletilbod eller ingeniørutdannings-tilbod. – For å bøte på dette har det blitt starta opp ei ordning med fagskuletilbod i Sunnhordland hausten 2011, fortel Gjerde. Tilbodet kom på initiativ frå dei fire verksemdene Apply Leirvik, Advantec, Aker Stord og Wartsila. – Dette er også tenkt på som vidareutdanning for folk som i dag er tilsett i bedriftene og som ønskjer å få fagbrev og kanskje gå vidare på ingeniørskule. Ordninga for desse er slik at dei jobbar tre veker og tar utdanning i ei veke.

Hordaland Fylkeskommune og verksemdene finansierte tilbodet, som var retta mot tilsette i dei fire verksemdene. Verksemder i heile Sunnhordland kan nytte seg av tilbodet. Gjerde understrekar at fagskuletilbodet er viktig for regionen med tanke på rekruttering av kvalifisert arbeidskraft, og viser at verksemdene tenkjer langsiktig.

Men er det noko som i stor grad har prega Sunnhordland, må det vere omstillingsevna, seier Gjerde. – Eg er av den grunn optimistisk med tanke på framtida for industri og andre næringar i regionen.
 

Kjelder
Hordaland fylkeskommune: http://statistikk.ivest.no/hf/ 
Hordaland fylkeskommune: AUD-rapport nr.4-2012 Fortrinn og utfordringar for kommunane og regionane. Forarbeid til regional planstrategi
Hordaland fylkeskommune: AUD- rapport nr. 2-12: Prognose for sysselsetting i Hordaland– etter arbeidsstad – 2011-2035
Hordaland fylkeskommune: Hordaland i tal nr 2-2012: Næring, innovasjon og kompetanse