Aukande forventningar for første gong på fem år

Samla vurdering

Aukande forventningar for første gong på fem år

Den negative forventningstrenden næringslivet i fylket har vore inne i sidan 2012, ser ut til å ha snudd. Samla forventningsindeks har gått opp frå -1 prosent i 2015 til 9 prosent i 2016 og alle delindeksane er no på den positive sida.

Norsk økonomi er inne i ein nedgangskonjunktur som i stor grad skuldast lågare oljeprisar. Dette har ført til lågare sysselsetjing og auka arbeidsløyse, spesielt på Vestlandet. Sogn og Fjordane har relativt få sysselsette innan petroleumsnæringane og er ikkje råka av denne utviklinga på same måte som nabofylka. Hittil i år har arbeidsløysa i Sogn og Fjordane auka med 10 prosent, mot 12 prosent på landsnivå. I Rogaland har arbeidsløysa auka med heile 68 prosent, I Hordaland med 35 prosent og i Møre og Romsdal med 36 prosent.   

Men nedgangskonjunkturen har ikkje berre vore negativ. Lågare kronekurs har vore ein føremon for eksportbedriftene og reiselivet. Dette kan vere ei årsak til at næringslivet i Sogn og Fjordane no ser lysare på framtida.

Betre økonomisk situasjon gir ikkje fleire tilsette
Optimismen er størst når det gjeld omsetnad og lønsemd. På begge desse områda har indeksen auka med 15 prosentpoeng frå i fjor. Når det gjeld investeringar, har indeksen auka frå minus 4 i fjor til pluss 3 i år. Optimismen er minst når det gjeld venta utvikling i talet på tilsette. Her har indeksen berre auka frå 1,5 prosent i fjor til 4 prosent i år. Sjølv om mange verksemder trur på ein betre økonomisk situasjon, er det mindre tru på at dette vil føre til fleire tilsette det komande året.

Særleg stor optimisme innan byggjenæringa og reiselivet
Dei fleste næringane er langt meir optimistiske enn i fjor. Optimismen er særleg stor innan byggjenæringa og reiseliv.

Innan bygg og anlegg har det vore nedgang i forventingane sidan 2012, men no ser stemninga ut til å ha snudd totalt. Den samla forventingsindeksen har gått frå minus 14 i fjor til pluss 15 i år. Det er særlig når del omsetnad og lønsemd at optimismen no er større. Indeksen for investeringar har vore sterkt negativ dei siste par åra, men er no oppe på null. Berre når det gjeld tilsette, held den negative trenden fram. Prosentdelen som ventar færre tilsette er no like stor som prosentdelen som ventar fleire. Likevel er det trua på stabilitet som er størst. Åtte av ti verksemder ventar uendra bemanning.

Låg kronekurs gir optimisme i industrien
Mange industriverksemder nyt godt av lågare kronekurs. 22 prosent av eksportverksemdene trur på auka eksport, mens berre 13 prosent trur på mindre eksport. Etter eit par år med kraftig nedgang, går den samla forventingsindeksen opp frå 1 i fjor til 4 i år. Det er delindeksane for omsetnad og lønsemd som går opp, mens indeksane for tilsette og investeringar held fram med å gå ned. Indeksen for tilsette er likevel framleis positiv – prosentdelen verksemder som ventar auke i bemanninga er større enn prosentdelen som ventar nedgang.  

Innan transport og engros har utviklinga gått litt i bølgjedalar dei siste åra. Samanlikna med fjoråret, er optimismen større på alle område, sett bort frå tilsette. Indeksen for tilsette er likevel positiv, og 21 prosent av verksemdene trur på auka bemanning det komande året.

Optimisme i finansnæringa
Finans og forretningsmessig tenesteyting har hatt fallande forventingar sidan 2012, men også her ser tendensen ut til å ha snudd. Samla indeks har auka frå minus sju prosent i 2015 til pluss sju prosent i år.  På alle delindeksane er det framgang frå i fjor. Indeksen for tilsette har størst betring. Den har gått frå minus 17 i fjor til null i år.

Varehandel og privat tenesteyting er den minst optimistiske næringa . Samla indeks har gått ned frå 4 prosent i fjor til 1 prosent i år. Berre delindeksen for lønsemd viser ei positiv utvikling. Indeksen for tilsette har gått ned frå minus 2 i fjor til minus 12 i år.

Reiselivet trur på betre tider
Kultur, reiseliv og oppleving viser ei veldig fin utvikling. Samla indeks har gått opp frå minus to i fjor til pluss ti i år. Berre indeksen for tilsette går tilbake. Den er no på null. Det vil seie at prosentdelen verksemder som vil auke bemanninga er like stor som prosentdelen som vil redusere. Indeksen for investeringar har gått frå minus 22 i fjor til pluss ti i år. Betre konkurranseevne som følgje av låg kronekurs og terrorfrykt i andre land, er mellom årsakene til den auka optimismen innan reiseliv. Det blir også jobba målretta med å utvikle opplevingstilbodet og utvide sesongen.

Innan havbruksnæringa er optimismen framleis svært stor, men her er det få verksemder som har svart på undersøkinga, slik at ein må vere forsiktig med å generalisere funna til heile næringa.