Behov for fagfolk

Rekruttering

Behov for fagfolk

Mangel på kvalifisert arbeidskraft pregar framleis delar av næringslivet i fylket. Svake konjunkturar har ikkje gjort behovet for fagfolk mindre. 

Til saman manglar fylket kring 600 nye medarbeidarar i 2014, viser prognosar frå NAV. Det er ein nedgang på berre 50 personar frå i fjor. Størst er mangelen i helse- og sosialtenesta. Til saman manglar 225 personar i denne sektoren. Det gjeld først og fremst helsefagarbeidarar innanfor pleie og omsorg, men fylket manglar òg sjukepleiarar og legar.

Rekrutteringsvanskar i bygg og anlegg
Trass i dei svake utsiktene i byggjenæringa, manglar mange verksemder framleis fagfolk. NAV sine prognosar viser at næringa manglar 75 tilsette i 2014. Det er færre enn i fjor, då det tilsvarande talet var 125 personar. Kor mykje av reduksjonen som skuldast konjunkturutviklinga er vanskeleg å seie. Det kan vere at næringa i større grad får dekka opp mangelen, mellom anna gjennom utanlands rekruttering. Samtidig viser undersøkinga frå NAV at fleire verksemder opplever rekrutteringsvanskar. Andelen bygg- og anleggsverksemder som har mislukkast med rekrutteringsprosessen dei siste tre månadene, auka frå 10 prosent i fjor til 14 prosent i år.

Færre rekrutterer utanlands
Til saman melder 11 prosent av verksemdene i fylket om rekrutteringsvanskar. Det inneber anten at dei har ikkje har lukkast i å rekruttere nye medarbeidarar, eller at dei har vore nøydde å tilsette nokon med lågare kvalifikasjonar. Talet er likevel noko lågare enn i fjor. Forutan byggjenæringa gjeld utfordringa først og fremst transportbransjen og visse delar av industrien.

For verksemder i desse næringane er difor utanlands rekruttering framleis ein viktig kanal. Kring 20 prosent i desse næringane planlegg å hente arbeidskraft frå utlandet i 2014. Innan kultur og reiseliv planlegg 18 prosent det same.

Samla sett er det likevel færre som planlegg å rekruttere utanlands i år samanlikna med i fjor.  Berre 10 prosent av verksemdene i fylket seier at dei vil hente arbeidskraft frå utlandet i 2014, mot 17 prosent i fjor.

Språk største utfordringa
Bruk av utanlandsk arbeidskraft lettar utvilsamt situasjonen for verksemder i rekrutteringsknipe. Men det stiller òg verksemdene overfor ei rekkje nye problemstillingar. Somme av dei er av praktisk karakter, som det å finne bustad og jobb til ektefeller. Andre er knytt meir direkte til arbeidssituasjonen, som den faglege og språklege kompetansen til arbeidstakaren. Verksemdene i Sogn og Fjordane opplever språkvanskar som det klart største problemet (sjå figur 3). Tala frå Næringsbarometeret viser at nesten fire av ti verksemder meiner språket er eit stort problem.

Ein del har òg vanskar med å finne den rette kompetansen. Det kan skuldast at kompetansen ein søkjer er for spesialisert. Men det kan også vere vanskelegare å vurdere utanlandske kandidatar sin kompetanse grunna ulike utdanningssystem. Kulturforskjellar er i mindre grad eit problem.