Cruisar gjennom stormen

Kultur, reiseliv og oppleving

Cruisar gjennom stormen

Turistar frå eurosona svikta Noreg i 2012. Men cruisenæringa lir ikkje under krisa – dei bur seg på nok eit rekordår.

– Slik eg ser det, er det meir uvisse enn nokon sinne, seier administrerande direktør i Fjord Norway, Kristian Jørgensen, om utsiktene for reiselivsnæringa på Vestlandet for året som kjem. Han meiner det framleis vil vere ein tøff situasjon i Europa, og at problema ikkje vil løyse seg med første. – Korleis 2013 blir, hengjer saman med utviklinga i andre land og område. Likevel ser næringa sjølv ut til å vere optimistisk til det komande året. Den samla forventingsindeksen frå bedriftsundersøkinga er på 31 poeng. Det er ei auke på 14 poeng frå mai og tyder på at mange trur 2013 kjem til å bli eit godt år for næringa. Forventingane er likevel lågare enn for eitt år sidan (sjå figur 2). 

Ferierer meir i eige land
Det kom langt færre turistar frå eurosona til Noreg i 2012 enn året før. Det viser overnattingstal frå SSB. I følgje Jørgensen i Fjord Norway skuldast nedgangen ikkje berre den økonomiske situasjonen, men òg at veret i mellom-Europa var dårleg i sommar. Mange i dei områda valde difor å dra sørover i staden for nordover.

Trass nedgangen frå Europa, ser det ut til at året har vore bra for hotellnæringa. SSB sine tal frå 2012 (januar – oktober) viser at Hordaland opplevde ein totalvekst på 3,1 prosent i talet på overnattingar samanlikna med året før. Framgangen skuldast auke i både norske overnattingar (3,5 prosent) og i utanlandske (2,4 prosent).

Eurokrisa gjer at fleire nordmenn vel å feriere i eige land, meiner Jørgensen. – I tøffe og uvisse tider vel folk nærmarknader i større grad, ikkje minst eige land. Nordmenn spør seg korleis situasjonen er i dei tradisjonelle ferielanda, som Spania. Vil dei få pengar ut av minibanken? Då er det tryggare å velje det kjente. Reiselivsnæringa har også satsa særleg på nordmenn under krisa, for å kompensere for ein tøff marknadssituasjon i Europa, seier Jørgensen.

Eventyrleg opptur
– Vi har hatt nok eit rekord-år for cruise i Norge, seier Wenche Nygård Eeg, administrerande direktør i Cruise Norway AS. – I Norge generelt auka talet på cruiseanløp med 23 prosent og talet på besøkande gjestar med 26 prosent. Vestlandet ligg definitivt ikkje under gjennomsnittet.

Dei tre største cruisedestinasjonane i fylket er Bergen, Eidfjord og Ulvik.  Der har det vore sterk vekst i talet på cruisegjestar dei siste åra, og prognosane for 2013 viser at det kjem til å bli ytterlegare vekst. Frå 2011 til 2012 auka talet på cruisepassasjerar til desse tre hamnene med 27 prosent. Eit førebels estimat for 2013 syner ein vidare vekst på 16 prosent, til totalt 546 507 passasjerar. Samanliknar ein tala frå 2009 med anslaga for 2013, ser ein at cruisenæringa i Hordaland har auka med heile 98 prosent på dei fem åra. Nokre hamner aukar meir enn andre. I Ulvik forventar ein til dømes åtte gonger fleire cruiseturistar i 2013 enn i 2009.

Dei dårlege økonomiske tidene i Europa ser interessant nok ut til å ha hatt eit positivt utfall for cruisenæringa. Med unntak av Spania har talet på passasjerar frå dei utsette eurolanda auka kraftig. Til dømes auka talet på franske cruisepassasjerar med heile 150 prosent i Norge i 2012. Kristian Jørgensen i Fjord Norway meiner det er ein klar samanheng mellom dårlege økonomiske tider og auke i cruisetrafikken. – Når økonomien blir tøffare, blir folk meir prisfokuserte. Cruisepakka er ein billeg måte å få ein tur inn i fjordane på. Prognosar frå cruisenæringa tyder på nok eit rekord-år i 2013. Førebelse tal viser ein vekst på 11 prosent i talet på anløp og 21 prosent i talet på dagsbesøk.

Kannibalisering av reiselivet?
Men kor bra er eigentleg den aukande cruiseturismen for næringa? Aktørar i reiselivsnæringa er usamde. – Cruiseturistane brukte 2 milliardar kroner i Norge i 2010, seier Eeg i Cruise Norway, og viser til ein studie utførd på oppdrag for Næringsdepartementet. I 2010 var det 2 millionar dagsbesøk frå cruiseturistar. – Det er 1 000 kroner per passasjer per destinasjon. Desse turistane er særleg viktige for opplevingsverksemdene, som til dømes Fløybanen, Flåmsbana, Hardangervidda natursenter og Briksdalen, og for suvenirbutikkane.  I tillegg kjem alle dei indirekte inntektene, til dømes Nox-avgifta til statskassa, hamneinntekter, betaling av los, kjøp av drivstoff, vatn og proviant. Cruisereiarlaga kjøper i større og større grad norsk sjømat frå norske leverandørar for servering om bord på skipa. Ifølgje rapporten frå Næringsdepartementet er den totale årlege verdiskapinga som kjem av cruisenæringa på 4-5 milliardar kronar, seier Eeg.

Andre aktørar er meir skeptiske til effektane av cruiseturismen. Eigar og dagleg leiar ved Ulvik Fjord Hotell i Hardanger, Paul Richards, fortel at dei ikkje tener noko på cruiseturismen. – Cruiseturismen er bra for dei som er involvert i han, ikkje for oss andre. Dei overnattar i båten, og kjem heller ikkje til oss for å ete eller drikke.

Jørgensen i Fjord Norway er uroa for at cruisenæringa et av andre deler av reiselivsnæringa. – Somme av dei tradisjonelle gruppemarknadene som før reiste inn i fjorden har etter kvart flytta seg over på cruise, for kostnadsnivået på land er betydeleg høgare enn på sjøen. Ein kan seie at cruisenæringa har kannibalisert nokre av dei andre segmenta i reiselivsnæringa. 
 

Kjelder
SSB: Talet på gjestedøgn. Tilrettelagt av Fjord Norway
Cruise Norway: Cruiseanløps- og passasjerstatistikk
Nationen.no – artikkel om turiststrategien på Vestlandet (18.4.2012)