Cruise vinn i krisa

Kultur, reiseliv og oppleving

Cruise vinn i krisa

Turistar frå Europa svikta Norge i 2012. Men cruisenæringa i fylket lir ikkje under krisa – dei bur seg på nok eit rekordår. 

– Slik eg ser det, er det meir uvisse enn nokon sinne, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norway, om utsiktene for reiselivsnæringa på Vestlandet i året som kjem. Han meiner det framleis vil vere ein tøff situasjon i Europa, og at problema ikkje vil løyse seg med det første. – Korleis 2013 blir, heng saman med utviklinga i andre land og område.

Likevel ser næringa sjølv ut til å vere optimistisk. Den samla forventingsindeksen frå Bedriftsundersøkinga er 25 poeng. Det tyder at mange trur 2013 vil bli eit godt år. Til dømes ventar næringa ein auke i talet på sysselsette på heile 7,5 prosent. Det svarar til 235 nye arbeidsplassar. Ingen andre næringar i fylket ventar ein like stor auke i året som kjem.

Fleire norske gjestar
Hotella i Sogn og Fjordane hadde 2,6 prosent fleire overnattingsgjestar i perioden januar til oktober 2012 samanlikna med året før. Det syner overnattingsstatistikken frå SSB. Auken kjem av at langt fleire nordmenn overnatta på hotella i fylket. Talet på norske overnattingsgjestar gjekk opp med heile 10 prosent, medan talet på utanlandske gjestar fall med seks prosent. Det er gjestar frå eurosona som held seg borte. Norske kroner er dyre for turistar frå Europa, som også slit med svak euro og generelt vanskeleg økonomi. Det er noko av årsaka til den kraftige nedgangen i gjestar frå eurolanda. Men Jørgensen i Fjord Norway meiner òg at veret i Mellom-Europa sommaren 2012 har litt av skulda. – Det var ein dårleg sommar i Mellom-Europa, så mange i dei områda valde å dra sørover i staden for nordover.

Men eurokrise er ikkje berre negativt for hotella. Den sterke auken i norske overnattingar skuldast også krisa, i følgje Jørgensen. – I tøffe og uvisse tider vel folk nærmarknader i større grad, ikkje minst eige land. Nordmenn spør seg om korleis situasjonen er i dei tradisjonelle ferielanda, som Spania. Vil dei få pengar ut av minibanken? Då er det tryggare å velje det kjente. Reiselivsnæringa har også satsa særleg på nordmenn under krisa, for å kompensere for ein tøff marknadssituasjon i Europa.

Eventyrleg opptur
– Vi har hatt nok eit rekordår for cruise i Norge, seier Wenche Nygård Eeg, administrerande direktør for Cruise Norway AS.  Tal frå dei to største cruisedestinasjonane i fylket, Flåm og Olden, syner sterk vekst i talet på cruisegjestar dei siste åra. Prognosane for 2013 viser at det kjem til å bli ytterlegare vekst. I 2012 kom til saman 309 000 cruisepassasjerar til dei to hamnene, ein auke på 28 prosent frå året før. Prognosane for 2013 ligg på 365 000 gjestar, ein auke på heile 52 prosent frå 2011.

Dei dårlege økonomiske tidene i Europa ser interessant nok ut til å ha hatt eit positivt utfall for cruisenæringa. Med unntak av Spania har talet på passasjerar frå dei utsette eurolanda auka kraftig. Til dømes auka talet på franske cruisepassasjerar med heile 150 prosent i Norge frå 2011 til 2012. Kristian Jørgensen i Fjord Norway meiner det er ein klar samanheng mellom dårlege økonomiske tider og auke i cruisetrafikken. – Når økonomien blir tøffare, bryr folk seg meir om pris. Cruisepakka er ein billeg måte å få ein tur inn i fjordane på.

Kannibalisering av reiselivet?
Men kor bra er eigentleg den aukande cruiseturismen for næringa? Aktørar i reiselivsnæringa er usamde. – Cruiseturistane brukte to milliardar kroner i Norge i 2010, seier Eeg i Cruise Norway, og viser til ein studie utført på oppdrag for Næringsdepartementet. Det var to millionar dagsbesøk frå cruiseturistar i 2010. – Det er 1 000 kroner per passasjer per destinasjon. Desse turistane er særleg viktige for opplevingsverksemdene, som Fløybanen, Flåmsbana, Hardangervidda natursenter og Briksdalen, og for suvenirbutikkane. I tillegg kjem alle dei indirekte inntektene, til dømes Nox-avgifta til statskassa, hamneinntekter, betaling av los, kjøp av drivstoff, vatn og proviant. Cruisereiarlaga kjøper i aukande grad norsk sjømat frå norske leverandørar for servering om bord på skipa. Ifølgje rapporten frå Næringsdepartementet er den totale årlege verdiskapinga som kjem av cruisenæringa på 4-5 milliardar kronar, seier Eeg.

På Flåmsbrygga fortel Aud Melås at dei tener lite på alle cruiseturistane som kjem til Flåm. – Dei får både mat, drikke og losji om bord, og i tillegg er dei fleste av aktivitetane kjøpt på førehand. Men det finst dei som ikkje slengjer seg på alt som blir arrangert av cruiseselskapet. Dei kjem gjerne til lunsj på restauranten eller besøkjer puben. – Cruisetrafikken er ikkje så viktig for oss, men den har jo stor verdi for andre her, særleg for suvenirbutikkane og Flåmsbana, seier Melås. – Når ein tenkjer på naturen, er det ikkje eit så fint syn, men det skapar jo mykje liv og røre i Flåm.

Jørgensen i Fjord Norway er uroa for korleis cruisenæringa påverkar norsk reiseliv og meiner at cruisenæringa ét av andre delar av reiselivsnæringa. – Somme av dei tradisjonelle gruppemarknadene som før reiste inn i fjorden har etter kvart flytta seg over på cruise, for kostnadsnivået er høgare på land enn på vatn. Ein kan seie at cruisenæringa har kannibalisert nokre av dei andre segmenta i reiselivsnæringa. Blant taparane i kampen om turistane er distriktshotella, meiner Jørgensen.

Kjelder
SSB: Talet på gjestedøgn. Tilrettelaga av Fjord Norge
SSB: Losjiomsetnad. Hotell og andre overnattingsverksemder
Cruise Norway: Cruiseanløps- og passasjerstatistikk
Nationen.no – artikkel om turiststrategien på Vestlandet: http://www.nationen.no/2012/04/18/naring/vestlandet/reiseliv/reiselivast...
Sogn Regionråd