Dårlegare signal i byggjenæringa

Bygg og anlegg

Dårlegare signal i byggjenæringa

Det kraftigaste fallet i forventingar i denne utgåva av Næringsbarometeret er å finne innan bygg og anlegg. 

Om lag halvparten av dei spurde bedriftene trur 2014 blir om lag som 2013. Likevel er det langt færre enn tidlegare som trur på oppgang i året som kjem samanlikna med fjoråret. Den samla forventingsindeksen har falle frå 22 poeng våren 2013 til 9 poeng våren 2014.

Kapitalbehov i bustadmarknaden
Det er særleg verksemder som driv med oppføring av bygg og handverkarar som har lågare forventingar til omsetnad og driftsresultat i 2014. – Det er viktig å hugse på at investeringane i bygg og anlegg har auka år for år etter 2008, og har vore på eit rekordnivå dei to siste åra, meiner Hans Martin Moxnes i EBA Vestenfjelske. – Det undersøkinga viser er at bedriftene er meir skeptiske til om det vil vare.

Men korleis heng dei låge forventingane saman med at bustadprisane framleis veks i Hordaland? – Det kan verke merkeleg, men det skuldast at utbyggarane slit med å få finansiering, trur Moxnes. – I heile fylket er det færre prosjekt for nye bustader som vert realisert enn på lenge, og det merkar entreprenørane, seier han.

Han peikar på at bankane i 2013 auka kravet til førehandssal av nye bustadprosjekt, og samtidig hadde høge eigenkapitalkrav til utbyggar. På den andre sida trur han at strengare krav til eigenkapital for dei som skal kjøpe bustad, gjer eksisterande bustader meir attraktive enn nye bustader. – Mange kjøparar vil ikkje vente i to til tre år på at bustaden vert realisert, men vil kjøpe noko som er klart med ein gong, seier Moxnes.

Bankmarknad i ubalanse
Jomar Talsnes Heggdal i Byggenæringens Landsforening (BNL) ser den same tendensen, og meiner at bankmarknaden ikkje er heilt i balanse. – Det vi er bekymra for er at Husbanken finansierer stadig fleire bustader. Problemet er at Husbanken berre forvaltar dei pengane dei får tildelt, og når dei er brukt opp er det tomt. Det seier noko om at den ordinære bankmarknaden ikkje er heilt i balanse.

Direktør Atle Ulveseth i Brødrene Ulveseth synes at salet har gått greitt i Kronstadparken i Bergen, der firmaet er utbyggjar saman med OBOS. Men han kjenner seg delvis igjen i biletet som teiknar seg i bedriftsundersøkinga. – Vi har mykje bustadbygging på gang, men nokre har vorte litt utsette i tid fordi det må seljast nok bustader før byggjestart. Det er fleire grunnar til det, mellom anna høgare krav til eigenkapital og at det har vore uvisse knytt til Startlån frå Husbanken, trur direktøren.

Stabil marknad for næringsbygg
I andre delar av marknaden går det betre. – Vi opplever vekst i talet på kundar som ønskjer å rehabilitere bygg i Bergen, og etterspurnaden etter næringsbygg er nokolunde jamn, seier Ulveseth. Han meiner etterspurnaden etter rehabilitering av næringsbygg kan vere knytt til utbygginga av Høgskolen i Bergen,  som medfører behov for justeringar og endringar i den bygningsmassen som vil verte fråflytta. Brødrene Ulveseth har også fleire prosjekt for næringslivet på Ågotnes og i Straume-området.

Hans Martin Moxnes trur på si side at det er offentlege midlar som bidreg mest når det gjeld næringsbygg. – I Bergen er det ein del aktivitet i bygging av næringsbygg og statlege bygg. I distrikta er ein meir avhengig av at kommunen eller fylkeskommunen gjer investeringar. Det fører til ein del lokale variasjonar i bedriftene sine forventingar.

Positivt i anleggsverksemdene
Anleggsverksemdene held ein stø kurs. Både Moxnes i EBA Vestenfjelske og Jomar Talsnes Heggdal i Byggenæringens Landsforening peikar på at det vert gjennomført store satsingar på veg og infrastruktur.– Fylkeskommunane er flinke til å byggje og vedlikehalde vegar, og det slår positivt ut for bedriftene, seier Talsnes Heggdal.