Den store granhausten

Skogbruk

Den store granhausten

Skogbruket på Vestlandet er i startfasen av den største haustinga av trevirke i regionen nokon sinne. Men korleis skal ein greie å oppretthalde ein slik råvareproduksjon i høgkostlandet Noreg? 

Prognosane tilseier at veksten i næringa skal fortsetje fram mot 2040. Det kan gi positive impulsar til transportbransjen og til treforedlingsindustrien i fylket. Vestskog SA, som er samvirkeorganisasjonen for skogeigarar i Rogaland og Hordaland, har auka volumet på tømmeromsetnad med to tredjedelar mellom 2009 og 2013. Dei har planar om ein vesentleg aktivitetsauke dei komande åra.  – I 2014 har vi budsjettert med ein produksjon på om lag 190 000 m3, og dei komande åra legg vi opp til å auke med 20–30 000 m3 årleg, fortel skogsjef Vidar Jørdre i Vestskog SA. Han fortel at Vestskog dei siste åra har knytt til seg fleire nye entreprenørar som har investert i effektive maskiner, og at dei no har om lag ti entreprenørar som kan drive hogst for dei.

Vekst gir ringverknader
Vestskog SA har i periodar vore nøydd å ta inn entreprenørar frå Austlandet for å ta toppane. Med produksjonsauken dei planlegg i åra som kjem, må dei auke med eit hogstlag per år. – Det vil også vere behov for fleire transporttenester, fortel Jørdre. Den verkelege verdiskapinga skjer likevel i foredlinga av virket. – Årleg sel vi 50–60 000 m3 tømmer til sagbruket i Granvin, fordi den virkeskvaliteten dei ønskjer høver godt med det vi har å tilby (sjå eiga sak om Moelven Granvin Bruk). Me eksporterer òg til Tyskland, resten av Skandinavia og Baltikum.

Fleire burde undersøke verdien
Det luktar søtt av nyhogd gran på det solfylte hogstfeltet ved Borgavatnet på Osterøy. Øystein Mo Kleivane i TK Skog og Maskin AS kliv ut av lassberaren for å fortelje Næringsbarometeret om drifta, og kva som påverkar kor produktivt firmaet hans kan jobbe i eit hogstfelt. – På Vestlandet er det planta gran på stader der den er vanskelig tilgjengeleg, og ofte i veldig små mengder, fortel entreprenøren. Han har i fleire år har gjort hogst på oppdrag for samvirket Vestskog SA. – Du har gjerne 200 m3 her, og 300 m3 der. Det blir ikkje volum av det, og då er det lite produktivt for oss å drive med det. Likevel er det synd at ein del grunneigarar ikkje ser verdien i det dei har ståande på rot, meiner han. - Sommarhus og gamle småbruk kan sitje på store skogeigedomar med produktiv skog. Det er berre å ringe til ein skogbruksleiar som kan gjere ei synfaring og fastslå om dei sit på eit produktivt felt eller ikkje. Det kostar ikkje meir enn dei timane synfaringa tek.

Kleivane reknar opp kva som gjer at han som entreprenør har eit lønsamt hogstfelt. – Me er avhengige av volum per time når me køyrer, og det som styrer prisen og vår økonomi er kor lett det er å hogge skogen. Det første bodet er å berre ha eitt treslag framfor deg. Då kan lasteberaren vere på hjul og plukke tømmer heile tida. Elles må ein bruke tid på å sortere dei ulike tresortane, og det tek lang tid, forklarar Kleivane.

Gode vekstforhold på Vestlandet
Spreidde felt med lågt volum kan altså påverke produktiviteten i hogstfeltet. Samstundes har naturen sjølv sytt for at Vestlandet har produksjonsføremoner. – Styrken på Vestlandet er at ein gjerne har 50–60 m3 skog per dekar, medan på Austlandet er det 20–30 m3 per dekar, fortel Vidar Jørdre. – Vekstforholda er betre fordi klimaet er mildare. Det gjev ein lengre vekstsesong. Det er òg eit godt jordsmonn for gran. Samla vil dette seie at trea er modne for hogst etter rundt 60–70 år, medan på Austlandet treng trea opp mot 100–110 år for å få same kvaliteten, seier han.

Utbygging av kaiar og vegar aukar produktiviteten
Kysten, og det at fjordane strekkjer seg innover til skogrike kommunar i Midt-Hordaland som Kvinnherad, Kvam, Granvin og Ulvik er ei føremon. – Transportkostnadene over vatn kostar ein tiandedel samanlikna med å frakte med bil, fortel Jørdre. – Det opnar òg moglegheiter for å nå marknader langs Norskekysten og i utlandet.

Det trengst investeringar både i nye kaianlegg og ikkje minst i vegnettet i Hordaland. Tømmeret skal først fraktast på private skogsvegar, men transportørane er gjerne innom både kommunale og fylkeskommunale vegar før det kan lastast over på båt. – Frå 2020 vil ein kanskje ha ein årleg hogst på rundt 750 000 m3, med ein verdi på kring 250 millionar kroner, seier Jørdre. – Om ein ikkje klarar å byggje ut infrastrukturen slik at det blir lønsamt for fleire å drive med skogbruk, vil ein kanskje berre få ut 75 prosent av volumet. Det kan utgjere eit tap på om lag 75 millionar kroner, då 25 prosent står att økonomisk utilgjengeleg oppe i liene, avsluttar han.