Det går likar no

Leiar

Det går likar no

Det er forsiktig optimisme og auka forventingar til vekst i næringslivet i fylket ved inngangen til 2013. Det fortel denne utgåva av næringsbarometret om. 

Auka økonomisk verdiskaping i næringslivet er ein føresetnad for vekst her i fylket. Det er partnarskapen bak Næringsbarometret samde om og difor er også det nyleg igangsette arbeidet med ein regional verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane av stor betyding for utviklinga her i fylket.

Auka økonomisk verdiskaping handlar først og fremst om at me klarar å få fram fleire gode grunderar, fleire vekstkraftige verksemder og fleire innovative næringsmiljø. Innovasjon, internasjonalisering, profilering og regional utvikling er viktige verkemiddel for å klare dette. Men det handlar også om rammevilkår som til dømes at kommunane har fokus på arealplanlegging og anna fysisk tilrettelegging og at regional stat i sterkare grad kan samhandle med næringslivet for auka optimisme og vekst. Her har fylkesmannen sitt stat-næringsprosjekt ei viktig rolle.

Norske verksemder blir frå tid til anna skulda for å være dei minst marknadsorienterte i Skandinavia. Spissformulert betyr det kanskje at vi er litt eigenrådige og sjølvopptekne. Mange har svært spanande produkt, tenester og god teknologi, men er ikkje tilstrekkeleg medvitne om kven kunden er, dei veit ikkje kva verdi dei skapar for kunden, eller korleis dei best skapar verdi for seg sjølv.

Nyleg kåra lesarane av Aftenposten GSM-teknologien til Norges beste oppfinning gjennom tidene. Dette er symptomatisk sidan dette var ei revolusjonerande løysing, men samstundes ei løysing som ingen nordmenn i grunn fekk noko stor kommersiell suksess ut av.

Manglande marknadsorientering betyr altså ikkje at vi er tomme for idear, oppfinningar eller gode produkt og tenester. Det er likevel slik at produktutvikling aleine er noko av det minst lønsame ein kan drive med. Verksemder som ser at fokuset må dreie seg om meir enn det som skjer i produksjonslokala og verkstaden, og som meistrar å også tenkje nytt på andre delar av forretningsmodellen sin, er dei som vinn marknaden.

Sogn og Fjordane går inn i 2013 med den lågaste arbeidsløysa i landet. Det er slik det plar vera. Utfordringa framover blir at vi klarar å skape dei rette arbeidsplassane her i fylket. I det norske samfunnet er det auka konkurranse mellom regionar og byar om å trekke til seg og behalde kunnskapsarbeidarane. Folk flytter til store byar og kunnskapssenter. Globalisering fører til hardare lokaliseringskonkurranse mellom land og regionar. I denne samanhengen er det ofte dei som har dei leiande kunnskapsmiljøa som vinn konkurransen.

For å nå fram i ein slik konkurransesituasjon må også Sogn og Fjordane dyrke det unike og det som gjer at vi når fram i konkurransen frå andre regionar. Det er ikkje berre ein nasjonal konkurranse, men marknadane og konkurransen blir stadig meir internasjonal. Mange verksemder har større marknader utanfor Norge, men samtidig er konkurransen meir intens der. Når næringslivet blir meir kunnskapsbasert, og konkurransen meir innovasjonsdriven stiller det også krav til forskingsmiljøa, mellom anna at det er kort veg frå utvikling til kommersialisering. Vi må tore å prioritere og satse skikkeleg der vi har fortrinn. Hovudfokuset må vere eit meir innovativt og framtidsretta kunnskapsbasert Sogn og Fjordane.
 

Halvor Flatland
Direktør Innovasjon Norge