Dyrkar smartare

Landbruk

Dyrkar smartare

Alle vil ha frukt frå Hardanger. No tar fruktbøndene grep for å mette marknaden. Dei er blant mange gardbrukarar i Hordaland som går nye vegar for å bli meir effektive. 

Meir og betre frukt
Meir frukt på mindre areal, og meir miljøvenleg dyrking. Det er oppskrifta når dei to fruktlagera Hardanger Fjordfrukt og Ullensvang Fruktlager går saman om å utvikle nye metodar i prosjektet Dyrk Smart. Resultatet skal bli meir frukt av høgre kvalitet. Dyrk Smart startar opp ved årsskiftet, og er retta mot alle dei 300 fruktbøndene i Hardanger. Målet er auka inntening for bøndene og meir norsk kvalitetsfrukt til forbrukarane.  – Marknaden skrik etter kvalitetsfrukt frå Hardanger, seier prosjektleiar Sjur Ove Svartveit til bladet MAG Agenda.

Bøndene tenkjer nytt
Framtida til norsk landbruk er avhengig av nettopp slike initiativ frå næringa sjølv. For å utvikle seg treng landbruket nyskaping på fleire område: Innan driftsorganisering, produksjonsteknologi, produkt og tenester. Næringsbarometeret syner at nyskapinga først og fremst skjer gjennom nye produksjonsmetodar og ved å ta organisatoriske grep. Så mange som eitt av fire gardsbruk seier at dei fann nye måtar å organisere gardsdrifta på i 2012. Nesten like mange planlegg slike satsingar det neste året. Færre tilbyr nye produkt og tenester. At 12 prosent av bøndene satsa på nye produkt i 2012, er likevel positive tal. Kanskje kan den aukande etterspurnaden etter kortreist mat og spesialprodukt, og tiltak som Bondens marknad, medverke til at endå fleire satsar på produkt- og tenesteutvikling framover.

Lågare investeringsvilje
Men nyskaping krev økonomisk handlefridom og nye investeringar. Resultata må difor sjåast i samanheng med bøndene si investeringsvilje. Næringsbarometeret tyder på at det ligg an til ein nedgang i investeringane i landbruket det komande året. Berre åtte prosent ventar å auke investeringane, medan éin av tre reknar med at investeringane vil gå ned samanlikna med fjoråret.

Auka omsetnad
Det ser noko lysare ut for omsetnad og lønsemd. Eitt av tre gardsbruk ventar å auke omsetnaden det neste året. Ein av fire ventar betra lønsemd. Samstundes ventar like mange redusert lønsemd. Den mykje omtala omlegginga av tollvernet ser førebels ikkje ut til å ha slått kraftig ut på bøndene sine forventingar. Det er kanskje ikkje overraskande, sidan bøndene si inntektsutvikling først og fremst vert bestemt av landbruksforhandlingane. Det syner òg Næringsbarometeret sine data. Over halvparten av bøndene i Hordaland ser landbruksforhandlingane som svært viktige for den framtidige inntektsutviklinga. Berre ein tredel meiner omlegginga av tollvernet er like viktig.
 

Kjelder
Bedriftsundersøkinga
Mag Agenda – Hardanger. Vedlegg til Bergens Tidende 13.11.2012
http://www.dyrksmart.no