Ein todelt økonomi?

Samla vurdering

Ein todelt økonomi?

Olja splittar framleis næringslivet i Hordaland. Men situasjonen er no snudd på hovudet: Verksemder som tidlegare har levd i oljeskuggen er i dag dei mest optimistiske.

Nedgangen i forventingane som starta for to år sidan, held fram i årets mai-barometer. Samla forventingsindeks går ned frå 15 til 4 poeng og når sitt lågaste nivå sidan finanskrisa. Forventingane fell langs alle indikatorar, sterkast går det utover omsetnaden, der indeksen går ned med 13 poeng.

At dei fleste indeksane ligg på den positive sida, er likevel eit godt teikn. Det betyr at det framleis er fleire i fylket som trur på vekst enn nedgang. Berre når det gjeld investeringar er situasjonen motsett: der ventar no fleire nedgang enn vekst.

Ut av oljeskuggen
Undersøkinga viser tydeleg at den delen av næringslivet som tidlegare har levd i oljeskuggen, no har langt betre framtidsutsikter enn dei verksemdene som tidlegare har fått kraftig draghjelp frå olja. (Les også: Er aust blitt vest?)

Mønsteret er tydeleg: Jo meir oljeavhengige verksemdene er, jo lågare er forventingane. Medan verksemder utan tilknyting til oljesektoren har ein samla indeks på positive 11 poeng, ein nedgang på fire poeng samanlikna med i fjor, har verksemdene i oljeindustrien ein indeks på oppsiktsvekkande låge -26 poeng. Det er eit fall på heile 50 poeng sidan fjoråret. Ei tilsvarande utvikling finn vi blant leverandørverksemdene: Der er forventingsindeksen nede i -10 poeng, eit fall på 32 poeng samanlikna med i fjor.

Ei rekkje leverandørverksemder i fylket har allereie vore nøydde å gjennomføre drastiske kutt i arbeidsstokken, og resultata frå Næringsbarometeret tyder på at det vil kome ytterlegare nedskjeringar i løpet av året. 31 prosent av bedriftene i oljeindustrien ventar å redusere talet på tilsette, medan 22 prosent ventar auke. Blant leverandørane ventar like mange reduksjon som auke i arbeidsstokken (23 prosent). (Les også: Kva no, olje-Noreg?).

I resten av næringslivet er det framleis venta sysselsettingsvekst. Blant verksemdene utan oljetilknyting ventar 11 prosent nedgang i talet på tilsette, medan 21 prosent ventar auke. «Den todelte økonomien», som lenge har blitt nytta som merkelapp på norsk næringsliv, er med andre ord framleis relevant, sjølv om innhaldet har endra seg. 

Avgrensa til olja
At uroa som Hordaland no opplever først og fremst er knytt til oljesektoren, og ikkje ein generell konjunkturnedgang, ser vi også i variasjonen mellom dei ulike næringane. Nedgangen i forventingane er størst i dei næringane kor andelen oljerelaterte verksemder er høgast: Industri, transport og engros og finansiell og forretningsmessig tenesteyting går alle ned med rundt 20 poeng.

I industrien, som merkar nedgangen best, hamnar samla forventingsindeks for første gong på minussida, med -1 poeng. Det er altså samla sett fleire som venter nedgang enn auke i 2015. Industribedriftene tyr no til investeringskutt og tilsettingsstopp for å møte utfordringane. 27 prosent av verksemdene ventar å kutte i investeringane i løpet av 2015. I fjor var andelen 15 prosent. Tilsetteindeksen ligg på 0 poeng, det lågaste på mange år. Like mange reknar med å måtte kutte som å auke arbeidsstokken (19 prosent av verksemdene).

Innanfor finansiell og forretningsmessig tenesteyting er biletet noko annleis. Sjølv om forventingane også der fell kraftig, skjer nedgangen frå eit langt høgare nivå enn i industri og transport. Andelen som ventar vekst i 2015 er framleis i betydeleg fleirtal i denne næringa. Unnataket er for investeringar, der like mange ventar nedgang som vekst.

Fortsatt tru på privatøkonomien
Ei elles konjunkturutsett næring som bygg og eigedom viser derimot ei stabil utvikling med ein svak auke i forventingsindeksen på eitt poeng. Omsetnadsvekst kombinert med lågare vekst i lønsemda ser ut til å prege næringa i 2015. Tilsvarande utvikling finn vi innanfor varehandel og privat tenesteyting, der omsetnad, lønsemd og talet på tilsette ligg an til å auke.

Vi ser med andre ord at næringar som i større grad er retta mot den private konsummarknaden opplever situasjonen som langt mindre dramatisk enn næringar som er tettare knytt opp mot bedriftsmarknaden. Ei høg sparerate i åra etter finanskrisa kombinert med eit lågt rentenivå bidreg til å gjere privatøkonomien mindre sårbar. Det er truleg grunnen til at nordmenn framleis ser ut til å ha god tru på eigen økonomi. Forventingsbarometeret til Finans Norge og TNS Gallup viser at nordmenns forventingar til eigen økonomi ligg på eit høgt nivå, sjølv om forventingane har gått jamt nedover sidan tredje kvartal i fjor. Forventingane til landet sin økonomi er langt lågare hjå folk flest.

Les også: Grøn og lønsam

Kjelder:
https://www.fno.no/aktuelt/sporreundersokelser/forventningsbarometeret1/...