Eit internasjonalt fylke

Leiar

Eit internasjonalt fylke

Agnieszka Toporska og Arkadiusz Toporski er 32 år gamle. Dei kjem frå Polen, er nøkkelpersonar i Florø Mekaniske Verkstad og har busett seg med eige hus i Eikefjord. Slike menneske treng Sogn og Fjordane fleire og fleire av skal fylket få til vekst og utvikling dei komande åra.

Du kan møte Agnieszka og Arkadiusz i dette Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane. 6 000 innvandrarar utgjer i dag 10 prosent av dei sysselsette i fylket. Takka vere kvinner og menn frå utlandet klarar verksemdene stort sett å få tak i naudsynt arbeidskraft. Langt på veg er det også innvandrarane å takke at folketalet held seg stabilt rundt om i kommunane. Å lukkast med arbeidsinnvandringa er med andre ord heilt avgjerande for å få til vekst og utvikling i næringsliv og samfunnsliv dei komande åra.

Flora toppar
Flora har flest innvandrarar og er eit godt døme på kva det handlar om. Ifølgje utviklingssel- skapet FramFlora utførte innvandrarane 1 273 årsverk i kommunen i 2011. I Florø Mekaniske Verkstad, der Agnieszka og Arkadiusz jobbar, kjem 200 av 217 tilsette frå Polen og Litauen. – Dei utanlandske arbeidarane betyr alt for oss, seier dagleg leiar Ole Brandsøy. Bedrifta som driv med prefabrikkering og montering av røyr og stålkonstruksjonar vart kåra til årets Gaselle i Sogn og Fjordane i 2007.

Dobling innan 2020?
Alt tyder på at Noreg berre har sett starten på ei storstilt arbeidsinnvandring. Statistisk Sentral- byrå trur talet på innvandrarar i Sogn og Fjordane vil vere dobla allereie i 2020 og utgjere over 14 prosent av folketalet. Den økonomiske analysen i dette barometeret syner at arbeidsløysa framleis er lågast i landet og at veksten er hemma av mangel på kvalifisert arbeidskraft. Fylket manglar for tida rundt 800 kvalifiserte arbeidstakarar. Det er med andre ord grunn til å tru at SSB ikkje har tatt for hardt i. Arbeidskraft frå utlandet kan bli eit vere eller ikkje vere for mange verksemder, mange institusjonar og mange lokalsamfunn.

Store utfordringar
Arbeidsinnvandring set både næringslivet og det offentlege på prøve. Det handlar mellom anna om språkopplæring, bustadbygging, fleire skular og nye barnehageplassar. At Arkadiusz Toporski studerer norsk på eiga hand, og at ei verksemd i Florø må busse utanlandske arbeidarar heilt til Jølster for overnatting, er aktuelle døme på at vi ikkje er godt nok budde på den nye situasjonen.

Fylkesplan for innvandring?
Kva med ein fylkesplan for arbeidsinnvandring som legg til rette for språkopplæring og vellukka integrering? Kva med kommuneplanar som sikrar innvandrarane skikkelege buforhold og gode oppvekstvilkår? Kva med kulturplanar som legg til rette for møteplassar og samkvem mellom etnisk norske og våre nye landsmenn? Satsing på vellukka integrering kan rett og slett bli den viktigaste vekstimpulsen i Sogn og Fjordane dei komande åra.

Eksportverksemdene uroa
Veksten trengst. Bedriftsundersøkinga i dette Næringsbarometeret ber bod om lågare opti- misme enn for eit år sidan. Det er særleg eksportverksemdene som er usikre på konsekven- sane av den økonomiske uroa i EU. Svakare ordreinngang og skjerpa priskonkurranse er nokre av utfordringane som møter mellom andre skipsindustrien og metallverka. Verksemdene som arbeider for den innanlandske marknaden er derimot optimistiske som før og på utkikk etter fleire medarbeidarar. Dei kan i stadig større grad måtte rett blikket mot utlandet for å finne kom- petanse og ledige hender.

Arve Sandal,
Kommunikasjonsdirektør, Sparebanken Sogn og Fjordane