Eksporten til Europa skyt fart

Eksport

Eksporten til Europa skyt fart

Tre av fire eksportretta bedrifter har forventingar til eksport om lag på same nivå som i fjor, medan ein av fem trur 2014 blir betre enn fjoråret, viser Bedriftsundersøkinga. 

– Vi ser at eksporten er i ferd med å ta seg opp att. Det har samanheng med at Europa er i ferd med å komme ut av krisa som har prega kontinentet etter finanskrisa i 2008. No leverer Europa igjen positive veksttall, seier Tom Knudsen, regiondirektør i NHO Hordaland. 

Eksporterer meir
For verksemder som har heile verda som marknad, som livbåtprodusenten Harding i Kvinnherad, vil nok 2014 fortone seg som 2013, fortel Bjørn Sturle Hillestad, marknadsdirektør i Harding Safety AS. – Ein stor del av omsetnaden vår gjekk til eksport i 2013. Det vil den òg gjere i 2014. Mykje av produksjonen vi har i Noreg går til den norske marknaden, det vil seie til bruk i Nordsjøen, men vi produserer også veldig mykje utanfor Noreg og ein stor del av dette går til den utanlandske marknaden: Kina, Singapore, Korea, Nederland, Storbritannia eller USA. Marknadsutsiktene for 2014 ser veldig bra ut for vår del. Vi har mange pågåande prosjekt med levering i år både i Noreg og i utlandet. Vi har budsjettert med auke i 2014 og det lovar godt så langt, seier han. 

Sveinung Hansen, administrerande direktør i Wärtsilä Norge, ventar auke i eksportandelen i 2014. – Wärtsilä er ein global leverandør av design, miljøteknologi og komplette kraftløysingar for marine- og energimarknadene. Den globale marknaden viser framgang, men er framleis omskifteleg. Vi ventar ein interessant marknad der vi òg ser at globale miljøkrav og kostnadseffektive løysningar vert stadig viktigare, seier han. – Wärtsilä er godt posisjonert til å møte desse krava, både i form av effektive produkt og teknologi – og ikkje minst når det gjeld totalløysingar.

Høge forventingar i olja
Bedriftsundersøkinga viser at verksemder i oljesektoren ser ut til å ha større forventingar til eksport i 2014 enn dei som er utanfor, anten dei leverer til oljeindustrien eller ikkje. 42 prosent av dei oljetilknytta bedriftene har tru på oppgang i eksporten i 2014, medan 23 prosent av bedriftene som i stor grad har leveransar til oljeindustrien trur 2014 blir eit betre eksportår enn 2013.

Blant bedriftene som har få eller ingen leveransar til oljeindustrien, er det berre 14 prosent som trur 2014 blir eit betre år enn fjoråret. – Olje og gass-relaterte verksemder har levert gode tall over tid, men har ei utfordring knytt til kostnadsnivået sitt. Fleire leverandørbedrifter har omstilt seg for å møte konkurransen vi ser frå til dømes Sør-Korea. For 2014 ventar vi ein liten auke i aktiviteten, noko også SSB sine tal for første kvartal viser, seier Tom Knudsen.