Er aust blitt vest?

Regionalt utsyn

Er aust blitt vest?

For første gong i Næringsbarometeret si historie er det større optimisme i Hardanger og Midthordland enn i dei kystnære delane av fylket.

Medan pessimismen brer om seg nær kysten, er optimismen på framgang i indre strok. Med ein forventingsindeks på vel 11 kjem Hardanger og Midthordland for første gong ut på topp av dei fem regionane som fylket er delt inn i. Den er også den einaste av regionane som viser vekst. Medan Bergensregionen fell med 16 poeng og Region Vest med vel 5, klatrar Hardanger og Midhordland heile 9 poeng på forventingsskalaen samanlikna med same tid i fjor.

– Dette stemmer godt med det vi ser og høyrer rundt oss, seier dagleg leiar i Hardangerrådet, Leif Vambheim, når vi viser han dei ferske tala frå Næringsbarometeret.  – Stemninga i regionen er positiv, og det er mange teikn på framgang. I følgje Vambheim er det fleire årsaker til dette stemningsskiftet, men ei av dei viktigaste er den positive utviklinga vi no ser i delar av tungindustrien.

Lysare tider for tungindustri
Ved Bjølvefossen i Ålvik lovar Elkem auka produksjon og fornya satsing etter at flyttinga av produksjonskapasitet til Island viste seg å gi magrare resultat enn det eigarane venta seg.

I Tyssedal planlegg Ilmenitt- og jernfabrikken (TTI) å doble produksjonen og auke talet på tilsette. Ekspansjonen er basert på ny og meir miljøvenleg produksjonsteknologi som vil kunne gi kraftig reduksjon i CO2-utsleppa og meir effektiv bruk av energien. Verksemda fekk nyleg ei investering på 122 millionar kroner frå Enova for å realisere desse planane.

Også ved Boliden sitt sinkverk på Eitrheimsneset i Odda er det skapt grunnlag for økt produksjon. Etter år med innsparingar og fare for nedlegging, spyttar eigarane no inn 350 millionar kroner for å auke og modernisere produksjonen.

– Den nye optimismen i tungindustrien er avgjerande for utviklinga i regionen, slår Vambheim fast. – Dette er hjørnesteinsbedrifter som mykje av næringslivet i dei aktuelle fjordbygdene er bygd opp rundt. Når det går godt på sinken og ilmenittverket, gir det òg arbeid til ei rekkje andre verksemder i nærområdet.

Lokkar turistane
Også i ei av dei andre hovudnæringane i regionen, reiselivet, er det mange lyspunkt å spore, i følgje Vambheim. Fjoråret var eitt av dei beste noko sinne for reiselivsbedriftene i Hardanger. Utsiktene for 2015 ser òg lovande ut. Ein lågare kronekurs gjer det meir attraktivt å feriere i Norge, både for utlendingar og nordmenn, men reiselivet i regionen har òg makta å fornye seg.

– Ei tydeleg satsing på opplevingsturisme har gitt gode resultat, og det er i dette segmentet vi no ser den mest positive utviklinga, seier Vambheim. – Naturbaserte opplevingar trekkjer ikkje berre fleire tilreisande, det har òg gjort det mogleg å satse i fleire månader av året. Her har fjordbygdene eit enormt potensial som nærast ropar om å bli utnytta. (Les også: Gåsehudopplevingar til sals og Fjordcruise i Sørfjorden).  

Fruktbar satsing
– Vi må heller ikkje gløyme fruktdyrkarane, seier Vambheim. Trass i ei storstilt nyplanting og utviding av bruksarealet, er etterspurnaden etter eple frå Hardanger mange gongar større enn produksjonen. Her er taket langt frå nådd og mange unge satsar friskt i denne næringa. – Vi ser mange døme på ungdom som flyttar heim og overtek familiegarden for å bli fruktdyrkarar, seier Vambheim. Han trekkjer òg fram oppdrett som ei viktig næring med potensiale for vekst.

Lukta av pengar
Kontrastane mellom fjordbygdene i Hardanger og Region Vest, som består av kommunane Sund, Fjell,  Øygarden og Askøy, er store. Øyane vest for Bergen har alltid vore vende mot havet, ikkje berre geografisk, men òg økonomisk. Tradisjonelt var fiske og kystfart dei viktigaste næringane. Seinare har havbruk og ikkje minst oljenæringa kome til.

For nokre år sidan sa ein at det lukta pengar når røyken frå sildeoljefabrikken på Florvåg la seg over det steinete kystlandskapet. Dagens næringsverksemd luktar mindre, men gir større velstand.  Særleg har oljenæringa skapt mange arbeidsplassar og gode inntekter for ein folkesetnad i sterk vekst. Øysamfunna ligg òg innanfor rimeleg reisetid til Bergen, og nyt såleis godt av den meir mangfaldige arbeidsmarknaden i og rundt Norges nest største by.

Når olja sviktar
At Region Vest denne gongen skårar lågare på forventingsindeksen enn alle dei andre delane av fylket, skuldast i all hovudsak utfordringane i oljenæringa. Fallet i oljeprisen råkar sjølvsagt ekstra hardt i ein region der så mange hentar inntekta si frå olja. I følgje ein ny rapport er nærare 10.000 arbeidsplassar i dei fire øykommunane direkte eller indirekte knytt til olje- og gassverksemd.

Vel 4 000 av desse er lokaliserte på eller rundt Coast Center Base, forsyningsbasen på Ågotnes – den største i sitt slag i heile verda. Så langt har rundt 350 arbeidstakarar ved sjølve basen og verksemdene omkring mista jobben og det stoppar neppe der. Den største kunden, Statoil, har nyleg varsla at forsyningsverksemda til dei sentrale delane av Nordsjøen skal samlast på Mongstad, noko som vil gi redusert aktivitet på Ågotnes.

– Dette vil merkast av alle som på ein eller annan måte får inntekta si frå oljeklynga rundt basen, seier Sigmund Kvernes, dagleg leiar i Gode Sirklar AS – eit felles næringsutviklingsselskap for kommunane Sund, Fjell og Øygarden. – Vi kan vente fleire oppseiingar og truleg konkursar i tida framover, sjølv om vi har stor tru på at fleirtalet av verksemdene vil overleve krisa (sjå eigen artikkel).

Blå framtid
Men olja er ikkje den einaste ressursen frå havet som gir arbeid og inntekt i Region Vest. Her er det også ei livskraftig marin næring, dels basert på fiske og i endå større grad på havbruk. – Den marine næringa kan ikkje måle seg med oljenæringa når det gjeld arbeidsplassar, men den er viktig og den har framtida føre seg, seier Kvernes.

– Marin matproduksjon har eit enormt globalt utviklingspotensial. Men også her må ein vere frampå, utvikle nye produkt og finne nye marknader. Mange ledd i næringskjeda er svakt utvikla her vest, ikkje minst på foredlingssida. Det er òg ein svak kultur for samarbeid i dei marine verksemdene, seier Kvernes. – I Gode Sirklar har vi jobba for å få etablert eit nettverk som kan utvikle bransjen saman, men det har vore vanskeleg å få dette til å ta av. Aktørane har ikkje sett nytten av strategisk samarbeid på same måten som ein no har byrja å få til i oljeklynga, seier Kvernes. Eit positivt signal frå bransjen er at det har vorte enklare å skaffe seg kvalifisert arbeidskraft etter at oljebransjen sette bremsene på.

Byen vest i havet
Ein del av dei som no mistar jobben i oljenæringa vil òg kunne få arbeid i byggjenæringa. – Det skal jo reisast ein heil liten by her ute, seier Kvernes entusiastisk. – Vi veit at Bergensregionen vil få ein sterk folkevekst i åra framover, og det er øyane vest for byen som er best rusta til å ta i mot den største delen av denne veksten. Her er det lagt godt til rette for vidare bustadbygging, og det offentlege tenestetilbodet er rigga for vekst.

Demografien avgjer
Her ser vi truleg den største kontrasten mellom dei ytre og indre delane av fylket: Region Vest har hatt den sterkaste folkeveksten av alle regionene i Hordaland dei siste 10-15 åra. Sidan tusenårsskiftet har folketalet auka med over 36 prosent, ein gjennomsnittleg årleg vekst på over to prosent. Dette har gitt regionen ei ung befolkning med mange barn og mange i arbeidsfør alder.

I Hardanger og Midthordland er situasjonen ein heilt annan. Sjølv om nedgangen har snudd til svak vekst dei siste åra, bur det færre i regionen i 2015 enn det gjorde i 2000. Den svake folkeveksten ein har sett sidan 2009 skuldast tilflytting, ikkje minst av innvandrarar og utanlandske livsstilstilflyttarar. Den naturlege folketilveksten er derimot negativ, og befolkninga aldrande. Nesten 19 prosent av dei som bur i regionen er over 67 år, samanlikna med knapt 11 prosent i Region Vest.

Treng tilflytting
– Dette er kanskje den største utfordringa Hardanger og Midthordland står overfor, seier Vambheim. Aldersprofilen til innbyggjarane gjer det vanskeleg å skape eit fødselsoverskot, og regionen vil difor vere avhengig av tilflytting for å oppretthalde folketalet. – Dei positive signala vi no får frå fleire av hovudnæringane i regionen er difor særs viktige. Om vi ikkje klarer å gjere dei indre stroka meir attraktive som bu- og arbeidsregion,  er framtida meir usikker.

Kvernes i Gode sirklar er derimot overtydd om at arbeidsplassane i framtida i minst like stor grad som i dag vil liggje ved kysten og vere knytt til havet. Han trur difor ikkje at den nødvendige tilpassinga som oljenæringa no gjennomgår, vil endre den geografiske balansen i fylket.

Kjelder: 
SSB befolkningsstatistikk