Etterlyser motiverte lærlingar

Fagopplæring

Etterlyser motiverte lærlingar

Hordaland har flest studentar i fagskuleutdanning i landet. Men mange elevar hoppar av undervegs, og bedriftene fortel om lærlingar som manglar motivasjon for faget sitt.

Bedriftsundersøkinga viser at bedriftene berre er sånn passe nøgd med lærlingane sin kompetanse når dei har vore to år i den vidaregåande fagutdanninga. Til ein viss grad dreier det seg òg om manglande motivasjon blant lærlingane. Berre fire av ti bedrifter er nøgd med lærlingane dei får. Dei fleste finn vi midt på treet - mellom dei som er nøgd og dei som er misfornøgd. Det er likevel skilnader mellom faga. Industribedriftene er til dømes meir nøgd med lærlingane enn bygg- og anleggsbedriftene, dei to største lærefaga. Innan varehandel og privat tenesteyting finn vi bedriftene som er mest misnøgde med lærlingane.

Dårlege haldningar
Tala frå spørjeundersøkinga blir nyansert gjennom merknader frå bedriftene. Mange handlar om dårleg motivasjon og mangel på grunnleggande fagkunnskap hos lærlingane. Somme peikar også på dårleg haldning til yrkeslivet blant lærlingane. Bedriftsundersøkinga viser òg at berre halvparten av bedriftene er nøgd med fagopplæringa slik ho er i dag, men berre ein av ti svarar at dei er misnøgde. Under halvparten av dei spurte er samd i påstanden om at å vere lærebedrift er ei lønsam investering. 

Meir breidde, mindre grunnopplæring
Opplæringsleiar i Opplæringskontoret for Bygg- og anleggsteknikk (BYGGOPP) Jonny Olsen, opplever ikkje at lærlingane manglar motivasjon. Men han meiner at grunnopplæringa lir under kravet om breiddekunnskap som kom med Kunnskapsløftet, og at det kan vere frustrerande for somme. Visse fag, som betongfaget, har stor mangel på fagutdanna lærarar. Det gjer nok sitt til at grunnopplæringa på vidaregåande skule kan vere mangelfull, og at faget ikkje får så mange søkjarar som ønskjeleg, sidan det ikkje finst lærekrefter på skulen. Dette veit elevane og søkjer på andre fag. – Det er viktig å skilje mellom den fagopplæringa elevane får som lærlingar ute i bedriftene og den grunnopplæringa dei får på skulen, meiner Jonny Olsen. – Slik eg ser det, gjer bedriftene ein veldig god jobb med å utdanne fagarbeidarar. Men undervisninga i vidaregåande skule er nok blitt for omfattande med Kunnskapsløftet. Det går på kostnad av den reint faglege utdanninga. Kvaliteten på undervisninga varierer frå skule til skule og mellom faga.

Skuldar på læreplanane
Olsen vil ikkje leggje skulda på skulane og lærarane, eller fylkeskommunen som skuleeigar. – Det er fagopplæringssystemet med sine læreplanar det er noko i vegen med, seier han. Ein rapport frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) frå 2013 stør dels opp under synspunkta til Olsen. Elever som søkjer studieplass kan bli avviste av bedriftene som oppfattar at elevane ikkje har den rette kompetansen til det lærefaget dei skal rekrutterast i, og at dette skuldast at utdanningsprogrammet er gjort breiare med Kunnskapsløftet.

Stort fråfall
Nesten tre av ti elevar som startar på vidaregåande kurs innanfor yrkesfag, sluttar undervegs i studieløpet. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Men det er store skilnader i fråfall mellom ulike program i yrkesfaga, og jenter fullfører i større grad enn gutar. Det er ikkje uventa ein sterk samanheng mellom karakterar frå grunnskulen og gjennomføring og oppnådd kompetansebevis eller fagbrev i vidaregåande opplæring. Fagutdanninga for tradisjonelle industri- og anleggsfag opplever at berre omlag halvparten av elevane som byrjar på eit yrkesfagleg utdanningsprogram i Vg1 fullfører til fagbrev eller sveinebrev etter fem år. Dette er alvorleg for mange verksemder innan bygg og anlegg og industri i Hordaland.

Drøymer om offshorejobb
At nokre fag er meir populære enn andre, kan skuldast at mange elevar søkjer seg til fag kor dei kan få godt betalte jobbar i petroleumsnæringa, gjerne offshore. Dei som då ikkje kjem inn på førstevalet sitt, må ta til takke med andre- eller tredjevalet.

Fagopplæringssjef i Hordaland, Torbjørn Mjelstad, ser absolutt alvoret i at elevane ikkje fullfører vidaregåande fagopplæring. – Eg trur dette i stor grad heng saman med at mange elevar ikkje får det utdanningstilbodet dei hadde ønskt seg, eller hamnar på «feil» skule. Då misser dei mykje av motivasjonen til å gå vidare i opplæringsprogrammet. Når nokre fag er meir populære enn andre, vil ein god del ikkje få plass på det faget ein i utgangspunktet var motivert for.

Meir teori, mindre praksis
Med Reform 94 kom også løftet om at alle skal få vidaregåande opplæring. – Det gjer at dei minst motiverte elevane også må begynne på eit opplæringsløp dei kanskje ikkje ønska seg i utgangspunktet, noko som fører til at dei bryt ut av opplæringa før dei har fullført, seier Mjelstad. – Både Reform 94 og Kunnskapsløftet legg opp til breiddekunnskap på kostnad av spesialisering, noko som inneber meir teori og mindre praksis. Dette verkar inn på motivasjonen til lærlingane, og fører i mange høve til at dei hoppar av opplæringsprogrammet.

Svikt i rekrutteringa
Fråfall blant elevar i fagopplæring fører til svikt i rekrutteringa innan fleire fag.  Betongfaget er blant faga som slit mest (jf artikkel om Stoltz Entreprenør). – Dette skuldast fleire tilhøve, meiner Torbjørn Mjelstad. – For det første er betongfaget blant dei minst synlege faga på arbeidsplassen. Her kan vi snakke om ute av syne, ute av sinn-effekten. For det andre finst det etter kvart veldig få faglærarar på skulane som kan undervise i betongfag. Det er mange gode lærarar innan byggfaga, men svært få som kan reklamere for og prate varmt om betongfaget. Elevane vel dei faga det finst undervisning i. Ein tredje faktor er at nokre få populære fag trekkjer til seg veldig mange elevar på kostnad av mindre kjente fag. Eit godt døme er industrimekanikar, som vert rekna som sikker veg til jobb innan petroleumssektoren - noko som dessutan ikkje stemmer lenger. Vi ønskjer å gripe fatt i dette, men vi klarer ikkje det utan hjelp frå bransjane, seier Mjelstad.

Samtidig som det er mangel på rekruttering av både lærlingar og fagarbeidarar i fleire fag, vil næringslivet i Hordaland fram mot 2030 årleg trenge langt fleire nye fagarbeidarar og handverkarar enn det som i dag vert utdanna. Der viser tal frå Statistisk sentralbyrå og Hordaland fylkeskommune.

Aha-oppleving på Vg1
Avdelingsleiarar for dei største utdanningsprogramma Bygg- og anleggsteknikk (BA) og Teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Knarvik og Os vidaregåande skular kjenner igjen utfordringane som kjem fram i bedriftsundersøkinga. Men frå skulane si side er biletet ikkje like klårt.

– Eg kan til dels vere samd i at utdanningsprogramma er breie, særlig på Vg1, seier Lasse Svellingen. Han er avdelingsleiar ved bygg- og anleggsteknikk (BA) og teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Os vidaregåande skule. Svellingen fortel at med Vg1 i bygg- og anleggsteknikk skal elevane kunne ende opp med 22 ulike spesialiseringar i løpet av Vg2 og Vg3. Frå Vg1 i Teknikk og industriell produksjon (TIP) skal elevane kunne spesialisere seg til rundt 60 ulike fag etter enda opplæring. Men konsekvensen av breie utdanningsprogram ikkje er eintydig, meiner han.

– Dei som er veldig målretta kan sjølvsagt bli demotiverte av det breie løpet i Vg1. Men det er ein del elevar som er usikre. Det kan vere ein elev som trur han vil bli murar på bakgrunn av det han har sett på eit byggeanlegg, og så er det eigentleg betongarbeidar han vil bli. Dersom elevane vel på feil grunnlag, så blir det gale. Vg1 er ei orientering om kva faga inneber, og vi ser at mange får ei aha-oppleving, fortel han.

Høgt utdanna lærarar
Breie utdanningsprogram stiller også krav til brei kompetanse hos lærarane. Men Svellingen vil ikkje vere med på at lærarane ikkje har tilstrekkeleg kompetanse. – For å bli yrkesfaglærar krevjast det både fagskuleutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning på høgskulenivå. Mange lærarar har 3-5 års høgare utdanning i tillegg til fagbrev; det kan vere ingeniørutdanning, men også til dømes spesialpedagogikk. Han kjenner seg heller ikkje igjen i at elevane ikkje får kompetanse i betongfaget.  – Gjennom oppdraga skulen tek i lokalsamfunnet får elevane støypt betong både i høgda og i breidda, seier han.

Kjelder
Hordaland fylkeskommune: http://www.hordaland.no/Hordaland-fylkeskommune/opplaering/Fagopplaring/
http://www.mittyrke.no/no/laererportalen/arbeidsmarkedskunnskap/Opplarin...
NIFU: http://www.nifu.no/publications/1037028/
SSB: http://www.ssb.no/en/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/_attachmen...