Få teikn på krise

Samla vurdering

Få teikn på krise

Medan lågkonjunkturen i Europa held fram, synes næringslivet i Hordaland å vere upåverka. Aktiviteten veks trass den låge arbeidsløysa. 

Verksemdene i Hordaland jaktar stadig på dei beste hovuda og dei flittigaste hendene. Men sjølv om arbeidsmarknaden er stram, er det framleis vekst i økonomien i Hordaland. 4 000 fleire kom i jobb i 2012. Det er ein vekst på rundt 1,5 prosent. Talet plasserer fylket godt over gjennomsnittet for landet, og også eit par hakk over nabofylket, Rogaland i sør. Tilveksten er likevel noko lågare enn i 2011 då 6 000 nye arbeidsplassar vart skapt. Samstundes vart det etablert 4 900 nye føretak i fylket i 2012. Det er over 300 fleire enn året før.

Nokre fleire utan arbeid
Dei siste tala frå arbeidsmarknaden kan likevel tyde på ei svak nedkjøling av økonomien, også her vest. Sidan utgangen av desember i fjor har arbeidsløysa auka frå 1,9 til 2,0 prosent. Det inneber knapt 400 fleire arbeidsledige. Samstundes er talet på sysselsette noko lågare i første kvartal 2013 enn i siste kvartal i fjor. Arbeidsmarknaden må likevel karakteriserast som stram. Tilgangen på ledige stillingar er så langt i år om lag fire prosent høgare enn i fjor og berre Rogaland kan skilte med ei lågare arbeidsløyse enn Hordaland.

Gullkysten
Konturane av ein oljesmurt vestkyst som skil seg markant frå resten av landet, har vorte tydelegare den siste tida. Dei fire Vestlandsfylka ligg alle på botn når det gjeld arbeidsløyse. Gjennomsnittet i desse fylka er på 2,0 prosent, i resten av landet ein knapp prosent høgare. At dette skuldast det høge aktivitetsnivået i petroleumssektoren, er etter kvart gamalt nytt. I fjor vart 172 milliardar investert i denne sektoren. Ein betydeleg del hamnar i ordrebøkene til verksemder i dei fire vestlandsfylka, særleg i Rogaland og Hordaland. Dette skapar inntekter og ringverknader som også kjem resten av næringslivet til gode.  Mykje tyder på at vekstimpulsane frå petroleumssektoren skal halde seg sterke også i tida framover. Nærare 200 milliardar vil bli investert i år i følgje SSB sine prognosar frå februar.

Grunn til uro?
Men desse prognosane vart utarbeidd før det sterke fallet i oljeprisen som vi har sett dei siste vekene.  Om dette fallet er resultat av varige endringar i etterspurnaden, og ikkje berre sesongmessige variasjonar i overgangen mellom vinter og sommar, vil nok investeringsviljen til aktørane på den norske sokkelen måtte justerast ned.

Det som gir størst grunn til uro, er signala om redusert vekst i Kina. I januar i år passerte Kina for første gong USA som verdas største importør av råolje. Landet har fyrt godt opp under oljeprisen dei siste par åra. Ein annan viktig faktor er dei nye funna av skiferolje, som er i ferd med å gjere USA sjølvforsynt med fossil energi. Men utvinning av skiferolje har høgare marginalkostnader enn den norske oljeproduksjonen. Om råoljeprisane skulle falle ytterlegare, er det difor skiferoljeproduksjonen som først vil bli ramma. 

Med i dette biletet høyrer også endringane av bedriftsskattlegginga som regjeringa la fram denne månaden. Ved å justere ned taket for kor stor del av investeringskostnadene som operatørane kan trekkje frå, vil dei mest marginale utbyggingsprosjekta kanskje ikkje lenger være lønsame. Regjeringa ønskjer med dette å legge ein svak dempar på investeringstempoet.

Vil investere
Det er altså gode tider for det lokale næringslivet. Og ikkje overraskande ser aktørane rimeleg lyst på framtida. Den samla forventingsindeksen stig frå 12 til 21 poeng frå same tid i fjor, og ligg no på same nivå som i januar (figur 2). Faktisk må ein tilbake til åra før finanskrisa for å finne ein samanhengande periode der forventingane har vore vesentleg høgare enn i dag. Særleg interessant er det at trua på vekst i investeringane er på veg opp. På same tid i fjor låg investeringsindeksen nær null, det vil seie at det var omtrent like mange som venta vekst som nedgang. No er optimistane i fleirtal. Investeringsindeksen endar på 12 poeng. Dette viser at næringslivet i fylket både har tru på framtida og økonomiske krefter til å satse. Det er stigande optimisme i mest alle bransjar samanlikna med same tid i fjor. Unntaket er finansiell og forretningsmessig tenesteyting der det er ein svak nedgang, men frå eit svært høgt nivå (figur 3).

Oljeoptimistar
Som venta er det blant aktørane i petroleumssektoren ein finn dei største optimistane. Samla forventingsindeks for verksemder med petroleumsretta omsetnad er på heile 34 poeng. For verksemder utan direkte tilknyting til petroleumssektoren, er forventingsindeksen 18. Skilnaden mellom dei to gruppene er særleg stor når det gjeld talet på tilsette. Medan halvparten av verksemdene i petroleumssektoren ventar å auke arbeidsstokken det komande året, er det berre kvar fjerde verksemd utan petroleumsretta omsetnad som planlegg å gjere det same.

Treng fleire folk
Men for å setje vekstplanane ut i livet, treng verksemdene arbeidskraft. Det er ikkje gitt at det blir enkelt å skaffe. I følgje Bedriftsundersøkinga manglar næringslivet i Hordaland 3 800 arbeidstakarar. Størst mangel er det innanfor finansiell og forretningsmessig tenesteyting, der mange av oljeserviceverksemdene høyrer heime. 950 arbeidstakarar skal til før denne bransjen har fått stett sine næraste behov. Også byggje- og anleggsbransjen slit med å skaffe seg den arbeidskrafta dei treng og manglar 675 tilsette. Eit anna område kor det for tida er stor mangel på arbeidskraft er varehandelen. Der er det behov for å auke talet på tilsette med 575.

Kampen om hendene har allereie gitt ein lønsvekst i dei mest pressa bransjane som truleg ligg nær smertegrensa. For verksemder og bransjar som ikkje har økonomisk ryggrad til å delta i denne konkurransen, kan resultatet lett bli at nødvendige ekspansjonsplanar må settast på vent. 

Kjelder
SSB: Arbeidskraftsundersøkelsen , 4. kvartal 2012
SSB: Føretak, 4. kvartal 2012
SSB: Olje- og gassvirksomhet, investeringer, 1. kvartal 2013
NAV: Hovedtall om arbeidsmarkedet, april 2013