Færre butikkar, meir shopping

Varehandel og personleg tenesteyting

Færre butikkar, meir shopping

100 butikkar har forsvunne i Sogn og Fjordane dei siste åra. Likevel aukar den samla omsetnaden i fylket. Kanskje ligg forklaring i kjøpesentra og nettbutikkar.

Vi handlar nesten alle på nett, viser fleire undersøkingar. I følgje tal frå Statistisk Sentralbyrå kjøpte sju av ti nordmenn, både i by og bygd, varer eller tenester over nettet i løpet av 2011. Dette var ei auke på to prosent frå 2010, og talet har vore aukande sidan 2004. Men kva gjer netthandel med den tradisjonelle butikkhandelen?

Må tilpasse seg
– Netthandel er utan tvil eit potensielt trugsmål mot vanleg butikkdrift, seier senterleiar Wilhelm Fredrik Tangerud ved Amfi Sogningen. Sjølve senteret merkar i dag lite til konkurranse frå netthandel, men somme av butikkane gjer det. Visse bransjar er meir utsette enn andre. Tangerud meiner butikkane i desse bransjane må tenkje kreativt for å overleve. Det har fleire butikkar ved Amfi Sogningen allereie gjort, gjennom å tilby netthandel i tillegg til vanleg butikkdrift.  – Butikkar som ikkje tilbyr netthandel misser kundar til dei som gjer det. Det er dei som blir taparane her, anten dei ligg i byen eller på bygda, seier Tangerud.

For folk flest
Netthandel uroar ikkje Jan Egil Fardal i Erling Fardal Sport 1 i Fjørevegen i Sogndal. – Vi har lagt bak oss eit veldig godt år, og har ikkje merka noko særleg til konkurranse frå netthandel. Fardal Sport sel mykje av vanleg sport- og fritidsutstyr, som joggesko og fritidsklede. Fardal trur netthandelen vender seg til andre marknader. – Eg har inntrykk av at netthandel innan sport dreiar seg meir om sal av dyrare sportsutstyr for entusiastar enn klede og sko for folk flest. Vi får tru at kundane også i framtida vil setje pris på nærleik til butikken og handle varene butikken, ikkje berre prøve der og handle på nett. Tal frå e-handelsrapporten 2012 viser at sportsutstyr berre står for om lag 15 prosent av netthandelen i Norge. Fardal og andre som driv med sportsbutikk, treng truleg ikkje uroe seg over utviklinga når det gjeld produkt til folk flest.

Trugar ikkje butikkane
Kva seier så tala elles? I andre kvartal 2012 vart det netthandla for 43,6 millionar kroner i Sogn og Fjordane. Dette utgjer 0,6 prosent av den totale varehandelomsetnaden i fylket. Då er bensinstasjonar ikkje rekna med. Tilsvarande tal for landet var 10,7 milliardar kroner som utgjer 2,9 prosent av varehandelomsetnaden (eks. bensinstasjonar). Netthandel utgjer altså ein langt mindre del av varehandelen i Sogn og Fjordane enn i landet sett under eitt. Utifrå dette kan ikkje netthandel seiast å vere eit stort trugsmål mot butikkhandelen i fylket.

Det er kjøp av tenester som reiser, overnatting og konsertarrangement som dominerer netthandelen. Dette er netthandel som ikkje trugar butikkhandel, verken i by eller bygd. Musikk og film er dei varene som blir kjøpt mest over nett, men også data og elektronikk ligg høgt oppe på lista. Dette er bransjar som i liten grad er representerte i typiske distriktskommunar og dei utgjer følgjeleg heller ingen trugsel mot «distriktsbutikken». Tradisjonelle platebutikkar og «videosjapper» i byar og tettstader har nok større grunn til å vere urolige.

Men medan fagbutikkar med liten kundekrets i distrikta kan ha grunn til å frykte netthandel, ser kundane i dei same områda fordelar. Truleg vil dei meine at netthandel med postleveranse er både lettare og rimelegare enn kjøp over disk.

Nettbutikken i Fjøra
Ein av dei som har tilpassa seg nye handlemønster, er Bratt.no. Butikken ligg knapt 100 meter frå Amfi Sogningen og sel fjellsportsutstyr over disk og nett. – Vi er ein utprega nisjebutikk som sel høgkvalitetsutstyr til kundar over heile landet, fortel dagleg leiar Mads Teigen, tilflyttar frå Nord-Gudbrandsdalen. – Eg trur vi kan vere den mest spissa fjellutstyrsbutikken i landet, og vi har av den grunn også medarbeidarar som alle er aktive og dyktige innan ein eller annan fjellsport.

Er Bratt.no eit trugsmål mot tradisjonelle sportsbutikkar? – Nei, meiner Teigen. – Vi konkurrerer i hovudsak på ulike marknader og utfyller kvarandre meir enn vi konkurrerer. Det kan like gjerne vere slik at vi merkar konkurransen frå G-Sport og XXL som også driv med netthandel. Vi merker også konkurranse frå utanlandske nettbutikkar. Kundane går etter kvar dei kan få kjøpt produkta dei ønskjer billigast. Det er gjerne i utlandet. Sidan vi ikkje kan konkurrere på pris, må vi i staden bli best på kundebehandling og oppfølging av kundane, seier Teigen. Som så mange andre nettbutikkar er Bratt.no også ein vanleg fysisk butikk der kundane kan sjå og ta på varene og kjøpe dei over disk.

Søkjer til sentrum
Trenden med færre butikkar og høgare omsetnad har nok ei endå enklare forklaring enn netthandel. Stikkordet er sentralisering. Folk og butikkar følgjer same utvikling: Dei flyttar frå utkantkommunar til meir sentrale stader. Regionsentra som Sogndal og større tettstader som Stryn etablerer nye kjøpesentra eller utvider eksisterande sentra på kostnad av butikkar på mindre stader. Auka folketal aukar kundegrunnlaget i slike sentra. Samstundes blir kundegrunnlaget til butikkane i utkantkommunar mindre på grunn av fråflytting.  

Tettar lekkasjen
Men for regionsenteret Sogndal fører utviklinga med seg gode tider. Dei kan glede seg over både folketalsvekst, næringslivsvekst og handelsvekst, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Varehandelen veks no meir i Sogndal enn i Førde. – Det er viktig for oss å gi eit attraktivt tilbod, ikkje minst for å hindre handelslekkasje ut av kommunen og regionen. Det som er bra for Sogndal er også bra for nabokommunane, meiner senterleiar for Amfi Sogningen, Wilhelm Fredrik Tangerud. Han har ei fortid som næringssjef i Sogndal. – Vi har i dag mykje mindre handelslekkasje både til Førde og Bergen enn tidlegare. Folk reiser framleis til Bergen, men ikkje så ofte som før.

Treng fleire tilsette
Tala frå Næringsbarometeret si spørjeundersøking viser at forventingane innanfor varehandel og privat tenesteyting har auka sidan mai i fjor. Det er faktisk den næringa som viser størst auke i forventingane sidan i fjor. Forventingsindeksen aukar frå 8 til 15 poeng. Næringa er særleg optimistisk når det gjeld utviklinga i omsetnaden og talet på tilsette. 20 prosent ventar å auke talet på tilsette framover, medan nesten ingen ventar reduksjon. Behovet for arbeidskraft i bransjen er med andre ord stort.

Ser vi på det større biletet, viser utviklinga at forventingane har gått jamt nedover sidan 2007, særleg når det gjeld omsetnad (figur 1). Dette er interessant med tanke på at varehandelomsetnaden viser ein jamn auke i same periode (sjå figur 3). Det er også eit tankekors at samstundes som omsetnaden i bransjen aukar, blir det stadig færre varehandelbedrifter i fylket. I 2007 var det 1 505 varehandelsbedrifter i Sogn og Fjordane, ved utgangen av 2012 var det 1 413.

Kjelder
Statistisk Sentralbyrå
Posten og Brings e-handelsrapport 2012