Færre forventar framgang

Varehandel og personleg tenesteyting

Færre forventar framgang

Forventingane i bransjen har falle kraftig sidan i fjor. Dei fleste bedriftene trur ikkje lenger på vekst, men litar på at ei stabil utvikling skal halde hjula i gong i 2014. 

Næringsbarometeret sin forventingsindeks for bedrifter innan varehandel og personleg tenesteyting i Hordaland ligg på 5,2 poeng i inneverande måling. Det er langt færre positive enn for tolv månader sidan. Då var forventningsindeksen på 11 poeng. Likevel er det framleis fleire som ventar vekst enn tilbakegong. Den viktigaste endringa frå 2012 til 2013 er at fleire bedrifter trur på stabil utvikling neste år i staden for vekst. Det har ikkje blitt fleire som trur på negativ vekst – den andelen er lik i 2012 og 2013. Forventingar til omsetnad og rekruttering har gått mest ned. Fleire ser positivt på investeringar for neste år enn dei gjorde for tolv månader sidan, men investeringsviljen er framleis negativ.

– Folk må ha bil uansett
Bilforretningane Næringsbarometeret har vore i kontakt med er blant dei som trur at 2014 blir lik som 2013. –  I media les og høyrer ein om reduserte forventingar, men det speglar ikkje vår verksemd, seier  May Britt Rødsten Hjelmeland i S. Rødsten Bilforretning AS i Kvinnherad kommune. – Vi har hatt gode tider både i fjor og i år, og vil leggje oss på det same for neste år.

Det same seier Eirik Lohne i Berthel O. Steen Bergen AS,  som både sel og reparerer nyttekjørety for transportnæringa og privat- og bruktbilar. Han meiner at så lenge det er låg arbeidsløyse vil drifta gå godt. – Det som påverkar privatbilmarknaden er kjøpekrafta. Folk må jo ha bil uansett. Investerer dei ikkje i ein ny bil, så reparerer dei den gamle eller kjøper ein brukt bil. Dette har vi erfaring med frå tidlegare kriser på slutten av 80- og 90-talet, seier han. I følgje SSB aukar bilsalet for 3.kvartal i 2013 til 2014 marginalt med 1,2 prosent i år. Veksten er litt lågare enn i fjor.

Prispress frå alle kantar
Det er likevel totalt sett ein reduksjon i forventingane for 2014, også nasjonalt. Handelsrapporten 2013, utgitt av hovudorganisasjonen Virke, peikar på at omsetnaden blir redusert fordi pris og lønsemd blir pressa både av netthandel og auka konkurranse innan og mellom bransjane.

Virke slår fast at over 90 prosent av handelen finn stad i butikk. Det nyetablerte e-handelsbarometeret til Virke viser at netthandelen auka vesentleg meir i første halvår enn detaljhandelen generelt. Kanskje kan det bidra til å forklare reduserte forventingar til neste år. I 3.kvartal var e-handelen på om lag 20,3 milliardar kroner, og det er venta at nordmenn vil handle for heile 3,4 milliardar på nett berre i desember. Reiser står for nesten halvparten av netthandelen og konkurrerer dermed ikkje med varehandelen. Det gjer derimot kjøp av data, heimeelektronikk og kvitevarer. Saman står desse varane for 10 prosent av omsetnaden på nettet, medan klede, sko og pynt (accessoirer) står for 7 prosent.

Bransjegliding gir nye vinnarar
Dei store kjedene tar for seg av marknaden, og får eit stadig breiare varesortiment. Fenomenet blir kalla bransjegliding, og skjer når aktørane femner andre bransjar enn den dei «eigentleg» tilhøyrer. Både sportskjeder, elektrokjeder og daglegvarekjeder tilbyr stadig fleire produkt . Vinnarane blir kjeder med mange butikkar, ein etablert kundekrets og eit lågt kostnadsnivå, meiner Virke.

Den effekten merkar senterleiar Anne Kristine Tøsdal i Amfi Os. Der har dei erfart at kjeder med mange butikkar, breitt sortiment og låge prisar gjer det godt, og at dei har positiv innverknad på det totale salet i senteret. – Vi har hatt ein sterk daglegvarehandel etter at Coop Prix etablerte Coop Extra hos oss. Dei har treft veldig bra med konseptet sitt med stort utval og låge prisar. Det trekkjer folk til senteret, seier ho. Tøsdal peikar også på at utvalet av butikkar spelar ei viktig rolle for sentera. – Vi fekk utvida tilbodet vårt i vår då Dressmann etablerte seg hjå oss. Eg høyrte fleire som sa at «no treng vi ikkje reise til Lagunen lenger». Så kanskje kan ein seie at Coop Extra og Dressmann har demma opp for kundar som tidligare handla på Obs! og andre butikkar på Lagunen, seier Tøsdal.

Treng nye løysingar
Produktiviteten i detaljhandelen er redusert dei siste åra, blir det slått fast i Handelsrapporten 2013. På 90-talet og tidleg 2000-tal lukkast bransjen å auke produktiviteten med nye forretningsmodellar som kjedesamarbeid og franchisedrift. Men effekten er gradvis svekka. Ny vekst i produktiviteten krev innovasjon i produkt- og tenesteutviklinga, men også i korleis produkta når fram til kunden. Virke har analysert fellestrekk for kjedene som veks eller lukkast med gode marginar. Dei som lukkast har tydelege konsept, er gode på innkjøp og har slanke og effektive forretningsmodellar.

Kjelder
SSB (2013). Liten vekst i salget av motorkjøretøyer. Tilgjengeleg på http://www.ssb.no/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vroms
Virke (2013). Handelsrapporten 2013. Tilgjengeleg på http://www.virke.no/omvirke/konferanser/Documents/Handelsrapporten_2013.pdf
Virke (2013). Norsk e-handelsbarometer 3.kvartal 2013. Tilgjengeleg på http://www.virke.no/talloganalyse/Documents/Norsk%20eHandelsbarometer%20...