Færre ventar vekst

Samla vurdering

Færre ventar vekst

Etter fleire år med låg vekst går det mot betre tider for dei eksportretta verksemdene. Samstundes viser årets mai-barometer låge forventingar i fleire bransjar. 

Forventingane i fylket er lågare enn på lenge. Den samla forventningsindeksen går ned frå 10 til 5 poeng i årets mai-barometer. Indikatorane for investering, lønsemd og omsetning viser alle nedgang. Verst ser det ut for investeringane. For første gong sidan 2009 er det no fleire verksemder som ventar reduksjon enn auke i investeringane. Det er gjerne ikkje overraskande i ei tid der norsk økonomi er prega av svakare vekst. Noko meir urovekkande er det at også lønsemda viser ei svak utvikling. Indikatoren når sitt lågaste nivå sidan finanskrisa i 2009, og det er nesten like mange som ventar reduksjon som auke. Berre indikatoren over tilsette held seg stabil: det er framleis fleire som ventar å auke enn redusere talet på tilsette. 10 prosent ser for seg nedskjeringar i arbeidsstokken – ein like stor prosentdel som for eitt år sidan.

Fleire bransjar negative
Næringsbarometeret viser ei negativ utvikling for dei fleste næringane. Tre av dei har negative forventingsindeksar. Det vil seie at det er fleire som samla sett ventar nedgang enn auke. Det gjeld både bygg og anlegg, reiseliv, kultur og oppleving og varehandel og privat tenesteyting. Verst står det til i byggjenæringa, som har ein samla indeks på minus 9 poeng. Til dømes ventar så mange som éi av tre verksemder i byggjenæringa å redusere investeringane. Berre 10 prosent ventar auke.

I varehandelen er forventingsindeksen òg negativ, med minus 5 poeng. Her er det fleire som ventar reduksjon enn auke i alle fire indikatorar det komande året. For verksemdene innanfor reiseliv, kultur og oppleving er den samla indeksen på minus 6 poeng. Dei låge forventingane gjeld alle indikatorar, men handlar aller mest om manglande investeringsvilje – eller evne. Investeringsindikatoren viser minus 15 poeng. Det er med andre ord langt fleire verksemder som ventar å redusere investeringane i år, samanlikna med dei som ventar å auke investeringane.

Industrien framleis positiv
Stemninga er ikkje fullt så laber i industrien og innanfor finansiell og forretningsmessig tenesteyting.  Dei har framleis forventingsindeksar på den positive sida. Forventingane er likevel langt lågare enn i fjor. I industrien går indeksen ned 6 poeng frå i fjor, og endar på 13 poeng. Det skuldast først og fremst reduserte forventingar til lønsemd, men òg at fleire verksemder ventar lågare investeringar det neste året. Talet på tilsette ser derimot ut til å halde seg stabilt gjennom 2014.

Transportnæringa er den einaste som viser oppgang samanlikna med mai i fjor. Forventingsindeksen landar på 20 poeng, opp 6 poeng frå i fjor. Det er særleg forventingar om nye tilsette og investeringar som trekkjer opp. Med tanke på at mange transportverksemder er avhengige av at det òg går godt i andre næringar, kan dei gode resultata verke overraskande. Men næringa er samansett og omfattar ulike typar verksemder innan land-, sjø- og lufttransport. Ikkje alle er like konjunkturutsette. Det gjeld mellom anna passasjertransport, som er blant dei bransjane som trekkjer resultata i positiv retning.

Ikkje heilsvart
Sjølv om utviklinga kan gi grunn til ei viss uro, er det likevel lyspunkt. Tre av fire verksemder ventar at marknadsutsiktene vil halde seg stabile. Det er òg viktig å understreke at den samla forventingsindeksen trass alt er på den positive sida, noko som vil seie at optimistane framleis er i knapt fleirtal. Enkelte regionar ligg dessutan betre an enn fylket samla sett. I Sunnfjord og Sogn landar dei samla forventingsindeksane på 10 og 9 poeng. Sogn er òg den einaste regionen som opplever aukande optimisme samanlikna med i fjor.

Eit anna lyspunkt er at marknadsutsiktene for eksportnæringa ser ut til å betrast etter fleire år med låg vekst. Næringsbarometeret viser ein samla forventingsindeks blant eksportverksemdene på 23 poeng, opp heile 12 poeng frå i fjor. Ei av fire verksemder ventar at eksporten vil auke i løpet av året.