Fleire sysselsette og fleire ledige i 2014

Arbeidsmarknaden

Fleire sysselsette og fleire ledige i 2014

Låg økonomisk vekst og reduserte rammer til arbeidsmarknadstiltak i Nav vil føre til ein auke i talet på arbeidsledige i 2014.

Hordaland er eit av dei fylka i landet som har best utsikter framover for økonomien og arbeidsmarknaden. Utviklinga er todelt, der olje- og gassektoren framleis opplever oppgangstider, medan den tradisjonelle industrien slit meir i motbakke. Totalt sett er det utsikter til framleis økonomisk vekst i Norge i 2014 og 2015, og ei nokså stabil arbeidsløyse ifølgje estimat frå SSB og OECD.

Utviklinga for fylket
Arbeidsmarknaden i Hordaland må framleis definerast som stram - prega av høg etterspurnad etter arbeidskraft og låg arbeidsløyse. Ein ventar fleire sysselsette i 2014, sjølv om arbeidsløysa vil auke. Arbeidsløysa i fylket var dalande fram til første halvår 2013. Denne trenden har no snudd til auke i andre halvår 2013, og vi reknar med at trenden vil halde fram utover i 2014. Det har også vore ein nedgang i talet på offentleg utlyste stillingar i 2013 på 12 prosent samanlikna med året før.

På bakgrunn av dette og andre estimat viser Nav Hordaland si arbeidsmarknadsprognose at arbeidsløysa i fylket vil auke med 8 prosent i 2014, og det meste av auken kjem første halvår. Arbeidsmarknaden vil stabilisere seg utover året og gi ei flat utvikling inn i 2015.

Utsette grupper
Nav har definert nokre grupper som er meir utsette for arbeidsløyse. Desse gruppene er tidlege indikatorar på rørsler i arbeidsmarknaden fordi dei har svakast tilknyting til arbeidsmarknaden, og dermed ofte er «sist inn og først ut» av arbeid. I 2013 er det ein vesentleg auke i talet på ledige med innvandrarbakgrunn (16 prosent året under eitt). Tendensen er aukande utover i året. Utover i andre halvår aukar også talet på unge ledige (5 prosent i oktober) og langtidsledige (14 prosent i oktober). Dette underbyggjer tendensen med ein auke i arbeidsløysa framover.

Endringar i tilbod og etterspørsel
Arbeidsmarknaden blir mindre stram. Der ein i 2012 hadde 2,1 personar utan arbeid per ledig stilling kvar månad, er tilsvarande tal for 2013 2,6 personar utan arbeid per stilling. Dette talet varierer sterkt mellom næringane, frå om lag éin ledig person per ledig stilling blant ingeniørar og delar av offentleg sektor og opp til seks ledige per stilling i industrien.

Det er ulike utsikter for dei ulike yrkesgruppene. I 2013 auka arbeidsløysa mest blant ingeniør/IKT og bygg/anlegg. Det er likevel låg arbeidsløyse for personar med ingeniør-/IKT-bakgrunn. Situasjonen i industrien er delt i to. Totalt sett har talet på arbeidsledige med bakgrunn frå denne næringa gått tilbake i 2013, samtidig som vesentleg færre stillingar blir lyst ut. Dette heng saman med den omtala todelinga der oljerelaterte verksemder går godt medan tradisjonell industri slit.

Auka sysselsetting - høgare arbeidsløyse
Vi er på veg inn i ei konjunkturutvikling som vil føre med seg endringar i arbeidsmarknaden. Lågare etterspurnad etter arbeidskraft og aukande arbeidsløyse vil, som for 2. halvår 2013, prege utviklinga i 2014. Det vil bli skapt nye arbeidsplassar også neste år, men auka innvandring vil, i tillegg til den generelle marknadsutviklinga, føre til fleire netto ledige. Vi står altså i den paradoksale situasjonen at vi vil få fleire ledige og fleire i arbeid. Behovet for arbeidskraft aukar, men arbeidsstyrken veks meir enn behovet.

Kjelder
Registerstatistikk NAV
NAV Hordaland arbeidsmarknadsprognose for 2014
SSB: Økonomiske Analyser 4/2013