Framleis låg arbeidsløyse i Sogn og Fjordane

Arbeidsmarknaden

Framleis låg arbeidsløyse i Sogn og Fjordane

I motsetnad til nabofylka, har Sogn og Fjordane merka lite til nedgangskonjunkturen. Hittil er det berre nokre få av kommunane våre som er råka av problema i oljeindustrien. 

Lågast arbeidsløyse i landet

Ved utgangen av april var 1 204 personar i Sogn og Fjordane – 2,1 prosent av arbeidsstyrken – heilt utan arbeid. Det er ein reduksjon på éin prosent frå april 2014.

Samla sett har arbeidsløysa auka med sju prosent hittil i år (til og med april). På landsnivå er det ein auke på 11 prosent. I Sogn og Fjordane er auken størst i yrkesgrupper med tilknyting til oljeverksemd.

Til tross for auken, har Sogn og Fjordane framleis lågast arbeidsløyse i landet. I 1. tertial i år hadde Sogn og Fjordane i gjennomsnitt 2,3 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt utan arbeid, mot 3,3 prosent på landsbasis. I tillegg var 0,3 prosent av arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane på arbeidsmarknadstiltak, mot 0,6 prosent på landsnivå (figur 1). 

Størst auke innan ingeniør- og ikt-fag
Ingeniør- og ikt-fag er den yrkesgruppa som har klart størst auke i arbeidsløysa. Dette har samanheng med problema i oljeindustrien. Deretter kjem kategoriane reiseliv/transport og bygg og anlegg. Også i desse næringane er mykje av auken knytt til oljeverksemda. Innan butikk- og salsarbeid har arbeidsløysa gått ned (figur 2). 

Regionale forskjellar
Arbeidsløysa varierer mykje mellom dei ulike regionane i Sogn og Fjordane. Arbeidsløysa har auka mest i kommunar med verksemder som leverer varer og tenester til oljesektoren. Ytre Sogn/ytre Sunnfjord og Sunnfjord-regionen hadde ein auke på høvesvis 55 prosent og 26 frå 1. tertial 2015 til 1. tertial 2016. Kommunane Hyllestad, Florø, Førde og Naustdal står for det meste av auken i desse regionane.

I same periode hadde Nordfjord og Sogn ein reduksjon på høvesvis 14 og 2 prosent.

 

Sogn har lågast arbeidsløyse med 1, 6 prosent, mens Sunnfjord har høgast arbeidsløyse med 2,7 prosent (figur 3). I Sunnfjord er det særleg Flora som dreg opp gjennomsnittet.

Ventar svak auke i arbeidsløysa i Sogn og Fjordane
Ifølgje dei siste prognosane frå NAV, kan gjennomsnittleg arbeidsløyse auke med 13 prosent på landsnivå i 2016. NAV Sogn og Fjordane sin prognose er ein auke på 9 prosent i Sogn og Fjordane. Hittil i år har vi hatt ein noko lågare arbeidsløyse enn prognosen, og tala frå den siste månaden tyder på at denne utviklinga kan helde fram.  

 

Artikkelen er utarbeidd for Næringsbarometeret av NAV i mai 2016.