Framleis tru på vekst

Norsk og internasjonal økonomi

Framleis tru på vekst

Moderat vekst i samla produksjon og etterspurnad kjenneteiknar norsk økonomi for tida. Investeringa aukar og arbeidsstokken veks med høg innvandring.

Rekordhøgt handelsoverskot
Den internasjonale økonomien står overfor store utfordringar. Men dette ser ikkje ut til å verke negativt inn på norsk økonomi generelt. Utanrikshandelen med varar er rekordhøg. Berre i mars utgjorde den 88,9 milliardar kroner, medan importen var på 42,5 milliardar kroner. Dette ga det høgste handelsoverskotet for Noreg nokon gong. Årsaka er primært særs gode olje- og gassprisar.

Verdien av fastlandseksporten gjekk òg opp, og var på 33,5 milliardar kroner i mars. Dette var ein oppgang på 12,4 prosent frå februar og 1,1 prosent høgre enn for eit år sidan. I fyrste rekkje kjem dette frå auka sal av malm og avfall frå metall, samt maskiner og transportmidlar. Samstundes gjekk eksporten av fisk, metall og kjemiske produkt ned. Mindre etterspurnad og lågare lakseprisar gjorde til dømes at verdien av fiskeeksporten vart 275 millionar kronar lågare enn i mars 2011.
Det siste året har den økonomiske veksten i OECD-området og dei toneangivande økonomiane i Afrika, Asia og Latin-Amerika stogga opp eller gått ned. I Euro-området ser ikkje framtida særleg ljos ut – med statsgjeldskrisar og private bankar i vanskar. Strammare finanspolitikk verkar negativt på veksten i Europa, medan amerikansk økonomi har betra seg noko dei siste månadane. Lågare etterspurnad globalt, kombinert med svekka konkurranseevne lokalt grunna høge lønskostnadar og ei sterk krone, vil kunne verka negativt inn på viktige bransjar innan den eksportretta industrien i Hordaland kommande månadar.
  
Kapitaltilgang
EU arbeider for tida med å skape nye reglar for kapitaldekning for kredittinstitusjonane i den indre marknaden. Krava er retta mot ein auke i andelen eigenkapital og/eller slanka balanse. Det vil kunne føre til minska utlånsvolum, ikkje minst til små og mellomstore verksemder i dei europeiske landa.  I fylgje den offentlege utgreiinga Kompetansearbeidsplasser – drivkraft for vekst i hele landet (2011:3) er tilgangen på kapital og den økonomiske utviklinga i Noreg god. Men kapitaltilgangen kan vere noko knapp for verksemder i deira fyrste fase.

Det er ikkje påvist store regionale skilnader i kapitaltilgangen for norske verksemder. Men ein auke på 11 prosent i investeringane i norsk petroleumsverksemd i 2011 kom ikkje minst vestlandsfylka til gode. Hordaland er det tredje største oljefylket i Noreg. 18 prosent av verksemdene i fylket seier at 1-24 prosent av verksemda deira er retta mot olje- og gassektoren. For seks prosent av verksemdene er dette talet 25-49 prosent, medan 12 prosent av verksemdene seier at meir enn halvparten av kva dei produserer er olje- og gassrelatert.

Innvandring skapar vekst
Investeringane i fastlandsnæringane auka òg mot slutten av 2011. Statistisk sentralbyrå har tru på fortsatt vekst i åra framover, om enn med vekstratar noko lågare enn førre konjunkturoppgang. Norsk økonomi er inne i ein periode med moderat vekst i samla produksjon og etterspurnad. Arbeidsstokken veks, i første rekkje fordi innvandringa til Noreg er høg, og med auka sysselsetting veks etterspurnaden. Etterspurnaden blir òg stimulert av ein auke i dei offentlege overføringane til hushalda.

Konsekvensane er auka prisar og løner. Bustadsprisene stig langt meir enn veksten i konsumprisindeksen, som truleg berre blir på ein prosent frå 2011 til 2012. Særleg gjeld dette dei største byane og tettbygde strok. Det viser tal frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjøra (TBU). Spørsmålet er korleis dette vil verke inn på lønene i tida framover, om ikkje tilbodet av bustadar aukar og prisane fell.

Dei høge lønene i norsk industri bidreg til å svekke konkurranseevna for eksportretta verksemder. Den gjennomsnittlege timeløna var i 2011 om lag 54 prosent høgre enn eit handelsvekta gjennomsnitt hos Norges handelspartnarar. Produktivitetsveksten er heller ikkje like stor som hos våre handelspartnarar. Saman med ei styrka krone gjer dette det vanskelegare for norske verksemder å hevde seg på den globale marknaden. Konkurranseevna i norsk industri har i gjennomsnitt svekka seg med 2,4 prosent kvart år dei siste åra, målt i relative timelønskostnadar i felles valuta. Det syner tal frå TBU.