Framleis tru på vekst

Norsk og internasjonal økonomi

Framleis tru på vekst

Moderat vekst i samla produksjon og etterspurnad kjenneteiknar norsk økonomi for tida. Investeringane aukar og arbeidsstokken veks med høg innvandring.

Rekordhøgt handelsoverskot
Den internasjonale økonomien står overfor store utfordringar. Men dette ser ikkje ut til å verke negativt inn på norsk økonomi. Utanrikshandelen med varer er rekordhøg. Berre i mars utgjorde den 88,9 milliardar kroner, medan importen var på 42,5 milliardar kroner. Dette ga det høgaste handelsoverskotet for Noreg nokon sinne. Årsaka er primært særs gode olje- og gassprisar.

Verdien av fastlandseksporten gjekk òg opp, og var på 33,5 milliardar kroner i mars. Dette var ein oppgang på 12,4 prosent frå februar og 1,1 prosent høgre enn for eit år sidan. I første rekkje kjem dette frå auka sal av malm, samt maskiner og transportmiddel. Samstundes gjekk eksporten av fisk, metall og kjemiske produkt ned. Lågare lakseprisar førte mellom anna til at verdien av fiskeeksporten vart 275 millionar kronar lågare enn i mars 2011.

Det siste året har den økonomiske veksten i OECD-området og dei toneangivande økonomiane i Afrika, Asia og Latin-Amerika stoppa opp eller gått ned. I Euro-området ser ikkje framtida særleg lys ut – med statsgjeldskriser og private bankar i vanskar. Strammare finanspolitikk verkar negativt på veksten i Europa, medan amerikansk økonomi har betra seg noko dei siste månadene.

Lågare etterspurnad globalt, kombinert med svekka konkurranseevne lokalt grunna høge lønskostnader og ei sterk krone, vil kunne verke negativt inn på viktige bransjar innan den eksportretta industrien i Sogn og Fjordane komande månader.
  
Kapital og kompetanse
EU arbeider for tida med å skape nye reglar for kapitaldekning for kredittinstitusjonane i den indre marknaden. Krava er retta mot ein auke i andelen eigenkapital og/eller slanka balanse. Det vil kunne føre til minska utlånsvolum, ikkje minst til små og mellomstore verksemder i dei europeiske landa. 

I følgje den offentlege utgreiinga Kompetansearbeidsplasser – drivkraft for vekst i hele landet (2011:3) er tilgangen på kapital og den økonomiske utviklinga i Noreg god. Men kapitaltilgangen kan vere noko knapp for verksemder i deira første fase.

Det er ikkje påvist store regionale skilnader i kapitaltilgangen for norske verksemder. Men ein auke på 11 prosent i investeringane i norsk petroleumsverksemd i 2011 kom vestlandsfylka til gode. Unntaket er Sogn og Fjordane. Langt færre verksemder i fylket tilbyr olje- og gassrelaterte varer og tenester samanlikna med nabofylka. Medan 17 prosent av verksemdene i Noreg seier at 1-24 prosent av produksjonen er retta mot olje- og gassektoren, tre prosent seier 25-49 prosent og seks prosent seier meir enn 50 prosent, er tala for Sogn og Fjordane 13, ein og fem prosent. Dette er langt lågare enn i nabofylka og ei utfordring for fylket når så mykje av private og offentlege investeringar i Noreg er knytt til petroleumsnæringa.

Høge løner svekker konkurranseevna
Investeringane i fastlandsnæringane auka òg mot slutten av 2011. Statistisk sentralbyrå har tru på fortsatt vekst i åra framover, om enn med vekstratar noko lågare enn førre konjunkturoppgang. Norsk økonomi er inne i ein periode med moderat vekst i samla produksjon og etterspurnad. Arbeidsstokken veks, i første rekkje fordi innvandringa til Noreg er høg, og med auka sysselsetting veks etterspurnaden. Etterspurnaden blir òg stimulert av ein auke i dei offentlege overføringane til hushalda.

Konsekvensane er auka prisar og løner. Lønene stig langt meir enn veksten i konsumprisindeksen, som truleg berre blir på ein prosent frå 2011 til 2012. Det viser tal frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjøra (TBU). Og medan prisveksten for varer og tenester varierer på tvers av sektorar, går lønene opp for alle sektorar og yrkesgrupper. I 2011 auka lønene i gjennomsnitt med 4,6 prosent i industrien, 3,6 prosent innan varehandel og 4,2 prosent innan offentleg forvaltning.

Dei høge lønene i norsk industri er med på å svekkje konkurranseevna for eksportretta verksemder. Den gjennomsnittlege timeløna var i 2011 anslagsvis 54 prosent høgare enn eit handelsvekta gjennomsnitt hos Noregs handelspartnarar. Produktivitetsveksten er heller ikkje like stor som hos handelspartnarane våre. Saman med ei styrka krone gjer dette det vanskelegare for norske verksemder å hevde seg på den globale marknaden. Den kostnadsmessige konkurranseevna i norsk industri har i gjennomsnitt svekka seg med 2,4 prosent kvart år dei siste åra, målt i relative timelønskostnader i felles valuta. Det syner tal frå TBU.