Framleis vondt i Europa

Norsk og internasjonal økonomi

Framleis vondt i Europa

Håpet om at krisa ville snu i 2013 er borte: Europa har ikkje nådd botnen. For norsk økonomi betyr det nok eit år med svake vekstimpulsar frå våre viktigaste eksportmarknader.

Så seint som i november i fjor såg ein håp. Europakommisjonen spådde då ein svak økonomisk vekst i eurosona på 0,1 prosent. Men nok ein gong er vekstprognosane justert ned. Ein ventar no ein nedgang på -0,3 prosent. Dette skjer etter fem strake kvartal med redusert økonomisk aktivitet. Særleg siste kvartalet i 2012 vart svakare enn venta. For heile EU-området vil BNP halde seg på same låge nivå som i 2012, i følgje Europakommisjonen. Medan andre delar av verdsøkonomien viser teikn på betring, er altså oppgangen i Europa igjen sett på vent. Sjølv om Den Europeiske Sentralbanken sette ned styringsrenta til 0,5 prosent i byrjinga av mai, er det få som trur at dette er nok til å få Europa ut av uføret.

Fleire utan arbeid
Samstundes veks talet på arbeidsledige. I eurosona stod over 19 millionar menneske utan arbeid i april, heile 12,1 prosent av arbeidsstyrken. Verst står det til i Hellas og Spania. Landa har rundt 27 prosent arbeidsløyse. Og Europakommisjonen ventar inga snarleg betring. Endå fleire europearar vil miste arbeidet i løpet av året, før arbeidsmarknaden vil ta seg noko opp att i 2014.

Best for britane
Også OECD og IMF har justert ned prognosane sine for eurosona. Dei ventar at nedgangen i Europa vil halde fram i 2013, høvesvis med -0,6 og -0,2 prosent. Sjølv for lokomotivet Tyskland er utsiktene moderate, med ein venta vekst på rundt 0,4 prosent (OECD). I Frankrike har president Hollande sine lovnader om å få fart på økonomien så langt ikkje gitt resultat. Der ventar OECD ein nedgang i 2013 på -0,3 prosent. Noko betre vil det gå med ein av Norges viktigaste handelspartnarar, Storbritannia, der vekstprognosane ligg rundt 0,8 prosent.

Svenskane snur
Ein annan viktig handelspartnar, Sverige, varslar også redusert vekst i 2013. Anders Borg vart i 2011 kåra til årets finansminister i Europa for sin vellukka økonomiske politikk. Men no er han merkbart mindre optimistisk enn for nokre månader sidan. Veksten for 2013 som i fjor haust var venta å bli på heile 2,7 prosent, vart i midten av april redusert til 1,2 prosent.

Forseinka oppgang
Dramatikken rundt den europeiske krisa og framtida for euro-samarbeidet har roa seg dei siste månadane. Men det tar tid å få økonomien på fote igjen. Krisepolitikken til EU, Den europeiske sentralbanken og IMF har lukkast med å stabilisere skakkøyrde statsfinansar og hindre at bankvesenet kollapsar. Likevel har den så langt ikkje gitt dei nødvendige vekstimpulsane til realøkonomien. Tvert om, dei sterke kutta i offentlege budsjett og løner har truleg utsett den økonomiske oppgangen mange ventar på.

Kan vi stole på 2014?
Det synes likevel å være semje om at botnen blir nådd i 2013, og at det deretter gradvis vil gå mot ei betring av økonomien i eurosona. Men utsiktene for 2014 er svært moderate. Dei gjeldande vekstprognosane til Europakommisjonen, OECD og IMF varierer mellom 1,0 og 1,4 prosent. Mange fryktar også at arbeidsløysa har bite seg fast og at omslaget vil kome utan at fleire blir sett i arbeid. I så tilfelle vil det private konsumet hengje etter og leggje ein dempar på veksten. Dermed må norske eksportørar bu seg på å vente endå lengre før dei får monaleg draghjelp frå den europeiske marknaden.

Verdsøkonomien
Det er også stor uvisse knytt til utviklinga i andre delar av verdsøkonomien. Som mønsteret har vore dei seinare åra, er veksten markert høgre i dei framveksande økonomiane enn i dei meir avanserte. I følgje IMF kan den første gruppa vente seg ein gjennomsnittleg vekst på 5,5 prosent i 2013, mot 2,2 prosent i den andre gruppa.

Svakare Kina påverkar Norge
Fremst mellom dei framveksande økonomiane står Kina. Med ein årleg vekst på opp mot ti prosent har landet vore ei vesentleg drivkraft i verdsøkonomien dei seinare åra. Ikkje minst har Kina spelt ei viktig rolle for Norge. Landet sin store etterspurnad etter råvarer kombinert med billig masseproduksjon av industrivarer, har gitt Norge eit særs gunstig byteforhold i handelen med utlandet. Etter eit noko turbulent 2012, der veksten i Kina fall til 7,8 prosent, venta dei fleste analytikarane ein langt sterkare start på 2013. Så langt har forventingane ikkje vorte innfridd. Makrotala frå første kvartal var langt svakare enn venta og veksten enda på 7,7 prosent. Professor Hilde C. Bjørnland ved BI fryktar at dette kan vere starten på ein lengre periode med svakare vekst i den kinesiske økonomien. Det kan få konsekvensar for prisen på råolje og dermed indirekte råke vekstkrafta i norsk økonomi.

Uvisse i USA
Også USA har fått ein noko svakare start på året enn kva analytikarane venta seg. Talet på nye jobbar utanom jordbruket, som er rekna som den kanskje viktigaste indikatoren på helsetilstanden i den amerikanske økonomien, fall kraftig i mars. Dei nyaste tala frå april kan likevel tyde på at den amerikanske økonomien igjen er tilbake på eit vekstspor. I følgje OECD skal USA sin økonomi vekse med 1,9 prosent i 2013. Men framleis skapar striden mellom presidenten og det republikanske fleirtalet om budsjettet og statsfinansane uvisse om den vidare utviklinga.

Konsekvensar for norsk økonomi
Statsminister Jens Stoltenberg åtvara for nokre månader sidan om at dei svake internasjonale konjunkturane, særleg i Europa, etter kvart også ville få konsekvensar for norsk økonomi. Dei same vurderingane kjem til uttrykk i SSB sine prognosar for dei komande åra som har vorte merkbart mindre optimistiske enn for nokre månader sidan. Grunna sviktande vekstimpulsar frå internasjonale marknader, ventar SSB ein moderat vekst i BNP for Fastlands-Norge på 2,4 prosent i 2013. Dette er svakare tal enn i 2012 då veksten i fastlandsøkonomien enda på 3,5 prosent trass ei markert oppbremsing mot slutten av året. SSB ventar ei endå svakare utvikling hos våre viktigaste handelspartnarar i 2013 enn den vi såg i fjor.

Handlar stadig meir
Med svakare vekstimpulsar frå utlandet, vil dei viktigaste drivarane for vidare vekst måtte kome frå innalandsk etterspurnad. Det gjeld først og fremst privat konsum og investeringar i petroleumssektoren. SSB ventar framleis vekst i det private konsumet, stimulert av eit lågt rentenivå kombinert med reallønsvekst. I Handelsbankens konjunkturrapport frå april blir det likevel åtvara mot å leggje for stor lit til at veksten i privatkonsumet vil kunne halde fram i same takt som no. I følgje Handelsbanken har gjeldsnivået i privathushalda nådd eit nivå som vil leggje ein dempar på veksten. Ein større del av del av inntektene vil måtte gå til betening av gjeld, hevdar dei.

Petroleumssektor på høggir
Investeringstakta i petroleumssektoren ligg derimot på eit historisk høgt nivå. Nærare 200 milliardar kroner vil bli investert i sektoren i 2013 i følgje SSB, mot 172 milliardar i 2012. Veksten i investeringar dei siste ti åra har vore på formidable 220 prosent og har utan tvil spelt ei særs viktig rolle for utviklinga i norsk økonomi.  Men sjølv om veksten vil halde fram, i alle høve til 2017, vil veksttakta gå dramatisk ned. Samstundes har vi dei siste månadane sett at fleire større utbyggingskontraktar har gått til utlandet, grunna det høge prisnivået i den norske verfts- og leverandørindustrien. Det er såleis ikkje lenger berre den tradisjonelle eksportindustrien som slit med eit særnorsk og oljedrive kostnadsnivå. Også dei som er ein integrert del av oljeøkonomien stangar etter kvart hovudet i taket grunna kostnadsutviklinga. Justering av skattesystemet i byrjinga av mai må sjåast i dette perspektivet. Regjeringa ynskjer å dempe investeringspresset i oljesektoren samstundes som andre delar av næringslivet får varsame skattelette. 
 

Kjelder:
Europakommisjonen: Winter forecast 2012-14: Gradually overcoming headwinds (http://europa.eu/rapid/press-release_IP-13-151_en.htm)
OECD, Economic Outlook May 2013 (http://www.oecd.org/eco/outlook/economicoutlook.htm)
IMF, World Economic Outlook, Hopes, Realities, and Risks, April 2013 (http://www.imf.org/external/pubs/ft/weo/2013/01/index.htm)
SSB: Konjunkturtendensene for Norge og utlandet. Pause i konjukturoppgangen, 30. mai 2013 (http://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/artikler-og-publikasjoner/pause-i-konjunkturoppgangen)