Framtida er i Florø

Arbeidsinnvandring

Framtida er i Florø

- Det er dette som er heime no, seier Agnieszka Toporska (32). Etter 6 år i Florø har ho funne roa i kystkommunen, og har ingen planar om å vende tilbake til Polen. Saman med mannen Arkadiusz (32) har ho sidan 2006 vore tilsett hos Florø Mekaniske Verkstad. For få år sidan etablerte dei seg med eige hus, hund og katt i Eikefjord.

På fylkestoppen i innvandring
Ekteparet er to av dei kring 150 innvandrarane frå Polen som er registrert busett i Flora. Tal frå SSB viser at Flora er den kommunen i Sogn og Fjordane med høgast innvandring, med til saman 1 180 innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre per 1.1. 2012. Av desse hadde kring 600 bakgrunn frå Europa. Men desse tala viser berre delar av biletet. Sysselsette på korttidskontraktar blir ikkje rekna med, heller ikkje personar med innvandrarbakgrunn som pendlar frå heimlandet og frå andre kommunar.

Arbeidsinnvandringa til kommunen tok til for alvor i 2005. I byrjinga var det først og fremst mannlege pendlarar som kom, men i dag tek stadig fleire med seg familien. Næringsutviklingsselskapet FramFlora, som òg er kommunen sitt næringsapparat, har sett nærare på bruk av utanlandsk arbeidskraft hos dei største næringsaktørane i kommunen. Utrekningane deira viser at 1 273 årsverk vart utførd av arbeidsinnvandrarar i 2011. Om seks år, i 2018, reknar dei med at arbeidsinnvandrarar vil stå for kring 2 800 årsverk i desse verksemdene.  - Dette viser kor nyttig arbeidsinnvandringa er for Flora kommune. Vi hadde ikkje klart oss utan, seier dagleg leiar i FramFlora, Jan Tore Bø. Saman med ordførar Bengt Solheim-Olsen trekkjer han fram dei mange positive verknadene av arbeidsinnvandringa. – Dei representerer ein verdi for oss gjennom skatt og overføringar. I tillegg gir dei ringverknader for andre verksemder, innan catering og transport til dømes, seier Solheim-Olsen.

Men sjølv om arbeidsinnvandrarane er ein viktig ressurs for Flora, manglar kommunen ein klar strategi for å rekruttere utanlandsk arbeidskraft til lokalsamfunnet og sikre at dei som kjem blir verande. – Vi veit lite om kva arbeidsinnvandrarane ønskjer, og om kva som skal til for å få dei til å busetje seg her, seier Arild Melvær, dagleg leiar ved innvandrarsenteret i Flora. Men han legg til at senteret skal gjennomføre ei brukarundersøking mellom anna for å få avklart behova i denne gruppa.

Bustader og barnehagar
Skal fleire gjere som Agnieszka og Arkadiusz og busetje seg i kommunen, er oppgåve nummer éin å sørgje for at det finst nok husvære til alle. Då er det naudsynt å samarbeide med nabokommunane. – Det er ikkje lett å vekse så fort, men dette er noko vi arbeider med, seier Solheim-Olsen. Òg for dei som er her midlertidig eller på pendlarbasis, kan det vere vanskeleg å finne eigna innkvartering lokalt. Ei av verksemdene må køyre 3 busslass med arbeidarar til Jølster for natta. Andre arbeidsgjevarar brukar hotellbåtar for sine tilsette, og det er planar om å byggje ein brakkeby.

Men arbeidsinnvandringa aukar òg trykket på det kommunale tenestetilbodet. Det komande året er det søkt om nærare 50 fleire barnehageplassar enn det kommunen har planlagd for. Ein god del av dette kjem av arbeidsinnvandringa. Ordføraren innrømmer at det gjer samfunnsplanlegginga meir krevjande. – Det viser jo at stadig fleire blir her. Men det er ei utfordring sidan vi ikkje veit kor lenge dei blir, og kor lenge tilstrøyminga kjem til å vare.

Skapar vekst for Florø Mekaniske
Den utanlandske arbeidskrafta har vore heilt avgjerande for veksten som Florø Mekaniske Verkstad har opplevd dei siste åra, og som gjorde at verksemda i 2007 vart kåra til årets Gaselle i Sogn og Fjordane. – Vi hadde ikkje vore der vi er i dag utan dei. Norsk arbeidskraft er nærmast umogleg å oppdrive, seier Ole Brandsøy, dagleg leiar i Florø Mekaniske Verkstad. Saman med Asbjørn Brandsøy og Stig-Arne Brandsøy starta han verksemda i 2003. FMV driv prefabrikkering og montering av røyr og stålkonstruksjonar og rettar seg mot landbasert industri, havbruk og skipsindustri. No ønskjer dei òg å satse inn mot offshore. I dag har verksemda ein stab på til saman 217 tilsette, der om lag 200 er innvandrarar frå Polen og Litauen. Bortsett frå dei 5 tilsette ved verkstaden i Florø, er storparten pendlarar og arbeider på verfta der verksemda har oppdrag.

Økonomien avgjer
Agnieszka og Arkadiusz er blant dei få som har etablert seg i kommunen. - Vi ønskte eit betre liv, seier Arkadiusz. Han arbeidde på skipsverft i Gdynia frå han var 16 år, før han bestemte seg for å søkje lukka utanlands.  – Arbeidstida er kortare, og løna er høgare her. I Polen jobba vi frå tidleg morgon til sein kveld. Dei to kollegaene hans på verkstaden i Florø, Wojciech Markiewicz og Tomasz Brust, nikkar samstemd. At økonomi var det viktigaste motivet for å søkje seg hit er det ingen tvil om, og at det er den viktigaste grunnen til å bli verande er heller ikkje til å kome utanom. - Big money, ler dei.

- Løna i Polen rekk sjeldan til anna enn mat og bustad. Feriar og andre ekstragode må difor vente. Her kan vi få alt dette, berre ved å arbeide normalt, seier Agnieszka.

Så kva no når den polske økonomien går betre, og løningane stig? – Det er berre på tv! flirar Arkadiusz. - Det er framleis mykje betre her enn i Gdynia. Det er klart, løna har vorte litt betre på skipsverfta i Polen, så nokon vel nok å bli. Men eg trur ikkje at dei som har etablert seg her i Noreg, vil dra tilbake med det første.

Dersom det skulle skje, vil det vere krise for norsk økonomi. Arbeidsinnvandringa har vore heilt avgjerande for den veksten Noreg har opplevd det siste tiåret. For mange distriktskommunar har arbeidsinnvandrarane òg vore viktig for å oppretthalde busetnaden, ikkje minst i Sogn og Fjordane.

Turnusordning og velferdstiltak
For Ole Brandsøy handlar det no om å halde på den grunnstamma som verksemda har bygt opp. Eit av tiltaka verksemda har innført, er ny turnusordning for pendlarane som arbeider på verfta. Kortare intervall gjer at heimturane kjem oftare. Velferdstiltak som eige treningstilbod, båtar som dei tilsette kan låne og sosiale arrangement er òg viktig for å få dei tilsette til å trivast. Personalsekretær Grethe Brügger Olsen tek seg av det praktiske. – Ho ordnar med innsjekking, skattekort, opphaldsløyve og anna papirarbeid. Gode intensjonar utan tvil, men som Brandsøy sjølv seier: Til sjuande og sist er det den økonomiske utviklinga som avgjer om dei blir verande eller ikkje.

Saknar ikkje storbylivet
Tilbake på verkstaden i Florø er dei tre arbeidskarane skjønt samde: Framtida er i Florø. - Vi likar oss her. Det er ope, trygt og roleg. Ingen saknar storbylivet i Gdynia. Det gjer heller ikkje Agnieszka, sjølv om situasjonen var ein annan då ho kom hit i 2006. - Det regna heile tida, eg hadde ingen vener og eg kunne ikkje språket. Eg ville berre heimatt. I jobben vart ho kasta ut i det. – Eg hugsar ein gong eg skulle bestille flybilletter frå Ålesund til Gdansk, og dei spurde korleis eg ville betale for billettene. Det hadde ingen fortalt meg, så det kunne eg ikkje svare på. Det var ein del slike situasjonar. Men dag for dag vart det betre, fortel Agnieszka. I dag er det ho som er bindeleddet mellom administrasjonen i Florø og arbeidarane på verfta. Ho har òg hjelpt verksemda å finne folk. - Agnieszka har betydd mykje for oss, det var eit funn å få tak i henne, konstaterer Brandsøy.