Gåsehudopplevingar til sals

Kultur, reiseliv og oppleving

Gåsehudopplevingar til sals

Vakre fjordar og fjell er ikkje lenger nok. Stadig fleire turistar ønskjer seg aktivitetar som skapar opplevingar for livet.

– I 2009 var det knapt nokon som visste kva Trolltunga var for noko. I fjor var det 40 000 besøkande her, seier Jostein Soldal. Som dagleg leiar i Trolltunga Active kan han ta sin del av æra for utviklinga. Dei siste seks åra har selskapet bevisst bygd aktivitetar for å trekkje fleire betalande overnattingsgjestar til kommunen. Trolltunga har vore sjølve navet i satsinga.

– Strategien vår er å lage turar som varar lenge nok til at dei krev overnatting. Difor er ingen av turane kortare enn 8 – 10 timar, seier Soldal. Fleirdagsturar med overnatting i telt eller friluft er heller ikkje eit tema. Resultatet av satsinga er klar: Då dei første turane starta i 2009 deltok til saman 20 personar. I fjor hadde Trolltunga Active 2 500 betalande gjestar. Totalt auka talet på kommersielle overnattingar i Odda med 40 prosent sommarsesongen 2014. Blant utanlandske turistar var auken på 50 prosent.

Enormt potensial
Reiselivsfolk kallar det «gåsehudopplevingar». Dei magiske augneblinkane som blendar sjølv den mest kresne turist. Det er slike opplevingar Vestlandet skal konkurrere med i framtida, skal vi tru ekspertane.

Utviklinga i Odda er nemleg del av ein større internasjonal trend: Stadig fleire vel å fylle feriane med aktive opplevingar. På verdsbasis reknar ein at kring 40 prosent av reisene i dag er opplevingsturisme. Innan 2020 vil det gjelde annankvar reise. I Norge utgjer salet av opplevingar førebels berre fire prosent. Dag Aksnes, direktør i NCE Tourism Fjord Norge, meiner difor det er betydeleg meir å hente.

– Fjordane på Vestlandet er unike fordi det bur folk der, men utanlandske operatørar melder tilbake at det er lite å bruke pengar på. Då blir det fort keisamt, seier Aksnes og listar opp moglegheitene på Vestlandet: Eit heilårleg skitilbod, verdsleiande lakseelver, stavkyrkjer på verdsarvlista og eit levande kulturlandskap å bevege seg i, til fots eller i kajakk. – Eit anna døme er dei nasjonale turistvegane våre, som er langt eldre enn til dømes Route 66, seier Aksnes og viser til den legendariske vegen som strekkjer seg gjennom store delar av USA. 

Norge i tet
Målet er å gjere Fjord Norge verdsleiande innan temabaserte naturopplevingar. Regionen skulle ha gode føresetnader for å lukkast: To gongar har norske fjordar blitt kåra til verdas beste reisemål av magasinet National Geographic. Organisasjonen Adventure Travel Trade Association rangerer Norge på 4.plass på lista over land med det beste potensiale for opplevingsbasert turisme. Det er føre land som New Zealand og Canada, men bak Sveits, Island og Tyskland. Rangeringa omfattar til saman 28 industriland.

Må jobbe saman
For å nå målet om å bli best må det satsast på produktutvikling og nettverksbygging.  – Vi må få ting til å henge saman og lage pakkar som kombinerer aktivitetar på tvers av reisemål. Det krev meir kontakt mellom aktørane, seier Aksnes. Han anslår at kring tusen bedrifter på Vestlandet driv med opplevingsbasert reiseliv i dag. 100 av dei er med i nettverket til NCE Tourism. 

Gjennom nettverket «Aktiv heile året» samarbeider Trolltunga Active med reiselivsbedrifter frå Voss,  Flåm og Indre Hardanger. Dei marknadsfører kvarandre sine aktivitetar og utviklar pakkar som kombinerer aktiviteter frå dei ulike destinasjonane. – Eit besøk til Trolltunga kan til dømes kombinerast med raftingtur til Voss, eller eit besøk i vindtunellen hjå Voss Vind, seier Soldal.

Opplevingar året rundt
Satsinga til Trolltunga Active har ikkje berre gitt fleire betalande overnattingsgjestar – ho har også resultert i ein utvida sesong. Til no har sesongen vara frå juni til september/oktober. På direkte førespurnad frå ski-interesserte turistar, starta Soldal i år eit nytt tilbod med guida skiturar. Med det har sesongen blitt utvida med to månader. – Berre i april hadde vi 15 slike turar. Folk kjem eins ærend både frå USA og Irland for å oppleve dette, seier Soldal.

No håpar han å kunne etablere fleire aktivitetar for å trekkje besøkande til kommunen. Norges største isklatrevegg kan om få år bli å finne i det gamle smelteverket. Marknadsundersøkingane anslår at det vil trekkje 8 – 9 000 besøkande årleg.

– Heilårsdrift vil gjere reiselivsnæringa meir økonomisk berekraftig, seier Aksnes. Det inneber å gjere typiske sommar- og vinterdestinasjonar til heilårsdestinasjonar. Fleire stader går utviklinga i riktig retning. – I Myrkdalen kan du no gå på ski om vinteren og køyre RIB frå Flåm om sommaren. I Aurland er Flåmsbana i drift heile året, seier Aksnes, som meiner norske fjordar er vel så bra om vinteren som om sommaren – om ikkje betre.

Forsiktig optimisme
Kanskje er opplevingsturismen det som skal til for å styrke lønsemda i næringa og bidra til fleire heilårsarbeidsplassar. Tal frå Næringsbarometeret tyder på at næringa framleis har nokre utfordringar. Forventingane til lønsemd har gått jamt nedover sidan 2012, og fleire er blitt meir tilbakehaldne både med å gjere nye tilsetjingar og investeringar.

Men dette kan like gjerne vere eit uttrykk for ei kortsiktig utvikling, mellom anna knytt til den reduserte oljeaktiviteten, som underliggande strukturelle utfordringar. På den positive sida kan reiselivet nyte godt av lågare kronekurs. Det kjem også til uttrykk i årets næringsbarometer, der den negative trenden i omsetnad og lønsemd er snudd.

Verdas vakraste samferdsel
For å styrke næringa ytterlegare meiner Aksnes at reiseliv bør sjåast i samanheng med andre samfunnsområde. Eit døme er samferdsel. – Tenk på Lærdalstunnelen, det er verdast lengste tunnel,  men blir knapt marknadsført som det. Hardangerbrua er eit anna døme. Det er blant verdas lengste hengebru i verdas vakraste fjordlandskap. Her kunne ein latt seg inspirere av Golden Gate og nytta sjansen til å skape eit ikon. Vi sit på enorme verdiar, og må vite å utnytte dei, seier Aksnes.

Kjelder
Statistikknett.no
Adventure tourism development index. The 2015 report. http://adventureindex.travel/docs/atdi_2015.pdf