Gler seg til bru

Regionalt utsyn

Gler seg til bru

Innbyggjarane i HAFS bur spreidd, arbeider i ulike bransjar, og reiser ut av regionen for å jobbe. No ser dei fram til at Dalsfjordbrua kan knyte regionen betre saman.  

Namnet er felles: Dei kallar seg HAFS. Men elles er det lite som knyt kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen saman. Regionen manglar ein felles bu- og arbeidsmarknad og det er fleire arbeidsreiser ut av regionen enn mellom kommunar i regionen. Då kan det bli vanskeleg å utvikle ein robust bu- og arbeidsmarknadsregion. 

Få utan arbeid
Nok arbeid har dei i alle fall. Arbeidsløysa er låg i regionen, både jamført med landet sett under eitt, og med resten av fylket (jf. tabell 1). Ved inngangen til 2013 var 1,4 prosent av arbeidsstyrken i regionen utan arbeid. Det ligg godt under fylkessnittet på 2,0 prosent. Solund, Hyllestad og Askvoll opplever likevel i periodar relativt stor arbeidsløyse, noko Gulen og Fjaler ikkje gjer. Denne todelinga kan truleg forklarast med bransjesamansetning og plassering. Gulen og Fjaler ligg begge nær større arbeidsmarknadsregionar – Mongstadområdet og Førde. Dei har begge ei meir kompleks bransjesamansetning enn dei tre andre kommunane i regionen. Solund, Hyllestad og Askvoll har i stor grad konjunkturutsette næringar som skipsbygging og fiskeindustri, og dei ligg alle meir enn ein times køyring til Førde eller Florø. Sjølv mellom fleire av kommunane kan det vere meir enn ein times køyring – på dårlege vegar.

Reiser ut av regionen
Det er lite intern pendling i regionen. Det heng saman med arbeidsmarknaden, men også med avstand. Reisetida mellom fleire av kommunane er i lengste laget for daglege arbeidsreiser. Sognefjorden utgjer eit klart skilje for arbeidsreisene i regionen. Kommunane nord for Sognefjorden utgjer ein liten felles bu- og arbeidsmarknad, dels saman med Høyanger, Flora, Gaular og Førde. Gulen på si side ser sørover og har sams arbeidsmarknad med Masfjorden, Lindås og Austrheim, og dels Bergen. Gulen utgjer saman med Masfjorden, Lindås og Austrheim ein felles bu- og arbeidsmarknad, med store arbeidsplassar som Mongstad og Sløvåg innanfor ei ikkje alt for lang arbeidsreise. Dei er kva ein kallar ein funksjonell region. Det kritiske punktet her er reisetid, ei klar utfordring innan HAFS-regionen.

Kortare reisetid
No ventar dei på at Dalsfjordbrua skal gi nye moglegheiter. Brua som er venta å stå ferdig i desember i år, vil redusere reisetida mellom dei to kommunesentra Askvoll og Dale til det halve. – Arbeids- og fritidspendling over kommunegrensa vil heilt sikkert tilta, seier Per Arne Tveit, sekretær for HAFS Regionråd. – Askvoll vil bli eit viktigare knutepunkt mellom sjø og land, og Askvoll-halvøya vil få betydeleg redusert reisetid til Førde Lufthamn. Det er viktig for næringsdrivande i kommunen.

Lite robust
Kommunane i regionen har eit mangfald av næringar. Men når det er tungvint å pendle mellom kommunane, klarer ikkje regionen å dra nytte av det.  Og sjølv om regionen har mange arbeidsplassar knytt til marine og maritime næringar, finn vi ingen klar næringsprofil. Telemarksforsking si regionalanalyse for Sogn og Fjordane teiknar eit lite attraktivt bilete. I følgje analysen står HAFS fram som ein region med ei lite gunstig bransjesamansetning, som saman med fråveret av ein sams arbeids- og bustadmarknad gjer regionen høvesvis sårbar. Det er i røynda berre Gulen og Fjaler som kan vise til eit nokolunde robust næringsliv. Dette er samstundes dei to kommunane i regionen som kan skilte med å vere ein del av større arbeidsmarknader utanfor eigen region.

Ulike arbeidsmarknader
Hyllestad er ein industrikommune, kor dei fleste arbeider for verftet til Havyard Ship Technology. Der designar og byggjer dei forsyningsbåtar til offshore verksemd. Fjaler har ingen klar næringsprofil. Her finst innslag av småskalaindustri, privat tenesteyting, landbruk og undervisning. Men kommunen har store forventingar til det planlagde industriområdet med djupvasskai på Lutelandet. Solund har også ein samansett næringsstruktur, med havbruk, fiske og skipsbygging. Ein viktig næringsaktør i kommunen er Solund Verft (sjå eiga sak). Askvoll har innslag av småindustri, fiske, havbruk og landbruk. Gulen er den største oppdrettskommunen i Sogn og Fjordane, med rundt 20 laksekonsesjonar. Kommunen har også ein stor del mekanisk småindustri og verksemder innan bygg, anlegg og transport. Heilt sør i kommunen ligg Sløvåg som kan seiast å vere blant dei heitaste næringsområda i fylket. Gulen er blant dei 100 kommunane i landet med høgast arbeidsplassvekst i næringslivet mellom 2000 og 2011. 

Skuledebatt
Spørsmålet om kvar elevar frå regionen skal gå på skule i framtida har skapt stor debatt det siste året. Innbyggjarane har frykta nedleggingar, og at Hordalandsavtalen blir kutta for å spare pengar. Avtalen sikrar at elevar frå Solund og Gulen får krysse fylkesgrensa og gå på Austrheim Vidaregåande skule. – Slik saka står no, kan det sjå ut til at både Hordalandsavtalen og Dale Vidaregåande skule vil kome til å overleve fylkestinget sitt junimøte, seier Per Arne Tveit i HAFS regionråd. – Men Dale Vidaregåande vil uansett vere ein utsett skule på grunn av storleiken. Vi må difor ha sterkt fokus på vidareutvikling av skulen i åra framover.

Lokalt og regionalt næringsliv har samla inn ein halv million kroner til å etablere eit International Baccalaureate ved skulen i samarbeid med United World College på Hauglandsenteret. – Det har vi gjort for å få på plass eit internasjonalt utdanningstilbod, men også for å styrke Dale Vidaregåande skule, seier Tveit. 

Meir stabil folketalsutvikling
Eit positivt teikn for regionen er at nedgangen i folketalet har stabilisert seg noko dei siste par åra. Etter fleire tiår med nedgang, har folketalet sidan 2009 lege stabilt på kring 10 500 personar. Per 1. januar i år var det registrert 10 464 busette i HAFS-regionen. I den same perioden kor folketalet har lege stabilt, har talet på verksemder med tilsette auka.

Framtidsoptimisme trass alt
Trass i utfordringane som Telemarksforsking peikar på i si analyse, ser framtidsoptimismen ut til å vere tilbake i kystregionen. Det viser tala frå Næringsbarometeret. I mai i fjor hadde regionen Ytre Sunnfjord/Ytre Sogn, eller HAFS, dei lågaste forventingane i fylket. Årets måling viser ein framgang i samla forventingsindeks på fem poeng. Regionen er no berre to poeng under Sunnfjord som ligg på topp. Det er særleg forventingane om auka omsetnad som trekkjer opp. Kanskje ser vi her utslaget av at ferdigstillinga av brusambandet nærmar seg, og dei positive verknadene ein vonar det vil få for regionen. Viktige hjørnesteinsverksemder som Havyard Leirvik har dessutan hatt ei god utvikling siste året. Saman med ei positiv utvikling i Sløvåg kan det ha bidrege til å styrkje optimismen i regionen. 

Sunnfjord har erstatta Nordfjord som regionen med mest framtidsoptimisme. Forventingsindeksen stig med 3 poeng. Det er nærliggjande å tru at dette har samanheng med petroleumssatsinga i fylket. Florø er den viktigaste drivkrafta for denne satsinga. Både Sogn og Nordfjord viser derimot tilbakegang. Det fell saman med stigande arbeidsløyse i desse regionane. Sogn har den lågaste forventingsindeksen av alle regionar, med berre fem poeng. Det speglar kan hende noko av uroa kring Hydro tidlegare i vår. Tidspunktet for Bedriftsundersøkinga fall saman med nyhendet om at Hydro prioriterer Karmøy framfor Årdal når dei skal byggje nytt testanlegg for aluminium – trass i at teknologien er utvikla i Årdal. 

Kjelder:
Knut Vareide og Hanna Nyborg Storm (2012): Regionanalyse Sogn og Fjordane. Telemarksforsking

NAV
SSB Befolkning
SSB Bedrifter