God bør

Fiskeri og havbruk

God bør

Om lag som i fjor eller noko betre. Det er kva fiskeri- og havbruksnæringa ventar seg for 2013. Verksemdene er likevel lite lystne på å investere. 

2013 blir omtrent lik 2012 når det gjeld omsetnad, tal på tilsette og lønsemd – eller litt betre. Det svarar verksemdene innan fiskeri og havbruk i Hordaland i den siste Bedriftsundersøkinga. Investeringsviljen er noko lågare i høve til fjoråret. Det treng ikkje vere eit symptom på ein usikker marknadssituasjon, men kan derimot vere ei praktisk tilpassing til verksemda si strategiske utvikling. 

Bedriftsundersøkinga tyder på at fiskeri- og havbruksnæringa vurderer marknadssituasjonen for 2013 som akseptabel. Svært få meiner situasjonen er dårleg. Tre av fire svarar at ordreverdien i dag er større eller uendra samanlikna med verdien ved inngangen til 2012. 

Rekrutteringsvanskar i havbruk
For dei som får plass på ein fiskebåt i dag, kan det vanke ei millioninntekt i året om ein er heldig. Dette viser også att i spørjeundersøkinga. Ingen fiskebåteigarar meldte at dei hadde rekrutteringsproblem. Innan havbruksnæringa slit ein nok meir, men rekrutteringsproblema varierer truleg etter kvar anlegget er lokalisert. Denne todelinga med omsyn til rekruttering skuldast nok både tradisjon og løn. Å bli fiskar om bord på ein fiskebåt har vore ein naturleg leveveg for mange unge menn ved kysten, medan det å arbeide på eit havbruksanlegg ikkje har den same tradisjonen. For ein fiskar stig løna i gode tider med store fiskekvotar, medan gode tider i havbruksnæringa ikkje viser att i løna på same måten. I tillegg opplever havbruksnæringa i Hordaland truleg langt meir konkurranse om arbeidskrafta frå til dømes petroleumsnæringa, enn kva fiskebåtreiarane gjer. - Bransjen slit litt med å finne nordmenn som er villige til å jobbe med fysisk arbeid. Oljebransjen verkar nok meir forlokkande for mange, seier Gustav Folkestad, dagleg leiar i Sævareid Fiskeanlegg. Men sjølv om havbruksnæringa har opplevd vanskar med rekrutteringa, har den hatt ein auke i talet på tilsette over fleire år.

Viktig for norsk økonomi
Marin sektor har dei siste åra fått ei større betyding i norsk økonomi enn tidligare. Det skjer trass i krisa i Europa. Dagleg leiar i Fiskeriforum Vest, Tanja Hoel, fortel om aukande etterspurnad etter norsk sjømat. - Dei økonomiske utsiktene for sjømat er veldig positive. Rundt halvparten av dei som svarte på spørjeundersøkinga ventar at eksport vil utgjere over 50 prosent av omsetnaden i 2013. Dei fleste av desse har fram til i dag ikkje blitt påverka av krisa i Europa. 

Sviktande sal av fartøy
Bedriftsundersøkinga viser at investeringslysta er låg i 2013. Det gjeld ikkje berre innan fiskeri og havbruk, men i så å seie alle næringar. For fiskebåtreiarar kan vi finne noko av årsaka i lågare prisar. Skipsmeklar Manfred Janson i Bergen fortel til Kystmagasinet.no at det i løpet av siste året har vore 15 til 25 prosent fall i prisane på brukt tonnasje. I følgje skipsmeklaren er det svært mange fartøy til sals, og det er ikkje lett å finne kjøparar til alle. Konsekvensen er at mange fiskebåtreiarar sit med fartøy dei ikkje får seld, og såleis kvir seg for å investere i nytt. Dette heng nok saman med den generelle marknadssituasjonen som gjer at mange vel å vente med både å kjøpe og selje fiskefartøy.

Kjelder
Kystmagasinet 27.11.12: http://www.kystmagasinet.no/Nyheter/2012/Brukt-tonnasje-bremser-byggelysten/
Hordaland fylkeskommune: http://statistikk.ivest.no/hf/  
SSB: http://www.ssb.no/fiskeri_havbruk/
Fiskeridirektoratet: Fiskeridirektoratets årlige statistikkundersøkelse for akvakulturnæringa