Gode prognosar

Varehandel og personleg tenesteyting

Gode prognosar

Handelsstanden i Hordaland har lågare forventingar enn under finanskrisa i 2009. – Ingen grunn til uro, meiner Thomas Angell i hovudorganisasjonen Virke.

– Vi ligg an til rekordomsetnad, seier senterleiar på Galleriet i Bergen, Hågen Solheim. Han har ikkje merka mykje til at 2012 har vore eit år med økonomisk uro i Europa. At forbruket i Norge framleis stig, kan ein også sjå på bilsalet, som er ein god indikator på handelskonjunkturar. Ifølgje tal frå SSB auka sal og vedlikehald av bilar med 4,7 prosent mellom 3. kvartal 2011 og same kvartal 2012 på landsbasis. Ein ser liknande trendar også for andre bransjar, som til dømes detaljverksemdene.

Lågare enn finanskrisa
Verksemdene sine forventingar til 2013 er samla sett positive og forventingsindeksen ligg på 11 poeng. Dermed er det fleire verksemder som har positive forventingar til det neste året enn negative. Samstundes ser vi at næringa sine forventingar til framtida har endra seg dramatisk det siste året. Førre januar låg samla forventingsindeks for næringa på 21 poeng. Målinga i mai fall saman med høgdepunktet i eurokrisa, då uvissa kring EU si framtid var størst. Det kom til uttrykk i ein forventingsindeks som var den lågaste sidan målingane starta i 2007. Siste måling syner at uvissa som frå maimålinga har vorte litt mindre. Men forventingane er framleis lågare enn under finanskrisa i 2009.

Auka kjøpekraft
Thomas Angell, direktør for Handel i hovudorganisasjonen Virke, trur verksemdene sine varsame forventningar for 2013 kan vere påverka av uvissa knytt til krisa i Europa. Men han meiner at det er liten grunn til å vere uroa. Så framt arbeidsløysa ikkje stig framover, ser det lyst ut for næringa.          – Både nasjonalbudsjettet frå finansdepartementet og SSB sine prognosar av konjunkturane for neste år tyder på vekst for næringa, og då særleg for detaljhandelen.
Angell viser til SSB sine prognosar for forbruksutviklinga framover som tyder på jamn vekst i det private forbruket på 4-5 prosent årleg dei neste åra. – I tillegg til reallønsvekst og låg arbeidsløyse har prisstiginga stagga dei siste åra. Alt dette er faktorar som fører med seg auka kjøpekraft. Den kraftige folketalsveksten i Norge vil også føre til auke i salet av forbruksvarer.

– Rekordomsetnad
På kjøpesenteret Galleriet i Bergen gler dei seg over rekordveksten i 2012. – Vi kjem til å passere 900 millionar kroner i omsetnad, fortel senterleiar Hågen Solheim. Han forklarar veksten mellom anna med utvida opningstider: – No kjem gjerne folk hit og et frukost først, og så startar dei handlinga tidlegare. Auken i cruisetrafikken har også hatt ein positiv effekt på varehandelen i Galleriet.

Senterleiaren har positive, men varsame forventingar for 2013. – Vi har lagt opp til ein vekst på 3 prosent for 2013. Det er ingen kraftig vekst, men veksten er i takt med marknaden. Ein av utfordringane for senteret er alle utbyggingane som skjer i bydelane. I Bergen sentrum er det lite utbyggingsmoglegheiter. For å stå sterkare mot konkurransen frå bydelane har mange av dei store varehandelsaktørane i sentrum styrka samarbeidet gjennom Bergen Sentrum AS. – Ideen er at sentrum skal vere eitt stort senter. Vi samordnar marknadsføringsaktivitetar og arrangerer aktivitetar som trekkjer kundar, til dømes peparkakebyen. Tanken er at ein får ei ekstra oppleving når ein tar turen til sentrum. Med dette initiativet håpar vi på vekst neste år.

Kjelder
SSB: Varehandel omsetningsstatistikk
SSB: Annen tjenesteyting, omsetningsstatistikk, 3. termin 2012
SSB: Registerbasert sysselsettingsstatistikk