Grøn og lønsam

Omstilling

Grøn og lønsam

Dersom Greenstat får det slik dei vil, kjem lønsemd og berekraft til å gå hand i hand i framtida. 

– Greenstat skal vere meir enn ei bedrift som tener pengar. Vi skal vere med på å byggje ein industri. Det var den klare bodskapen prosjektleiar Vegard Laukhammer hadde til dei som møtte opp til Greenstat si startskotmarkering 27.april. Blant tilhøyrarane var representantar frå næringslivet, akademia og verkemiddelapparatet.

Det manglar ikkje på ambisjonar for selskapet som har teke mål av seg å bli for fornybar energi det Statoil har vore for olje og gass. Kva Greenstat konkret skal drive med er enno ikkje avgjort, selskapet er framleis på planleggingsstadiet. Men dei som var til stades 27.april fekk presentert fleire konkrete moglegheiter: Nullutsleppsskip, kortreist kraftproduksjon, eksport av hydrogen og offshore vind. – Vi skal levere dei mest lønsame, grøne prosjekta, var beskjeden frå Laukhammer. Selskapet er no i ferd med å utvikle eit faktabasert avgjerdsstøttesystem som skal gjere det lettare å ta dei riktige vala. Målet er kommersiell drift frå neste sommar. 

Omstiller meir
Greenstat sin ambisjon er eit utsleppsfritt samfunn som sysselset menneske i grøne næringar. Det kling godt for dei som lenge har etterlyst eit grønt skifte i norsk næringsliv. Mange meiner at nedgangen i oljesektoren må nyttast som eit høve til å setje fart i omstillinga og spreie verdifull kompetanse og teknologi til andre område.

Funn frå årets Næringsbarometer kan tolkast i positiv retning. 45 prosent av verksemdene i Hordaland satsar meir på omstilling i dag enn for to år sidan og andelen har auka sidan januarmålinga. 42 prosent planlegg å utvikle nye produkt eller tenester, og 40 prosent vil ta i bruk ny teknologi eller nye prosessar.

Grøn business
Skal ein få til eit verkeleg skifte, trengs næringsaktørar som både tenkjer langsiktig og har musklane til å satse. Men korleis får ein fleire til å tenkje berekraft på lang sikt i ei verd styrt av børskursar og kvartalstal? Det multinasjonale selskapet Unilever tok eit radikalt grep då dei i 2014 slutta å kvartalsrapportere finansielle tal. I staden innførte dei kvartalsvise berekraftsrapportar. Grunngjevinga var at berekraft dannar grunnlaget for selskapet sine finansielle prestasjonar, ikkje omvendt.

– Ny forsking tilseier at ansvarlege selskap gjer det betre enn andre, seier Lars Jacob Tynes Pedersen, førsteamanuensis ved Norges Handelshøyskole. Som økonom er han oppteken av korleis bedrifter kan drive forretningsverksemd som både er berekraftig og lønsam. Ein studie frå Harvard av 180 amerikanske selskap viste at berekraftige selskap gav langt høgare avkastning for investorane enn selskap som blei definert som ikkje-berekraftige. – Ei oppfølging av denne studien tyder dessutan på at dei verksemdene som gjer vesentlege endringar i forretningsmodellen, er langt meir lønsame enn dei som berre gjer overflatiske endringar, seier Tynes Pedersen.

Berekraft er med andre ord ikkje berre eit spørsmål om etikk. – For mange verksemder er berekraft rein business. Det gjeld særleg dei som er avhengige av knappe ressursar, seier Tynes Pedersen.

I følgje Tynes Pedersen er det to måtar å drive berekraftig på – anten kan ein utvikle si eiga verksemd i meir berekraftig retning, eller ein kan bygge ein forretningsmodell som bidreg til å gjere andre meir berekraftige. Han trekkjer fram Storm Geo som eit døme på det siste. – Dei melder ikkje berre vêret, men òg konsekvensane av vêret. Slik har dei funne ein lønsam måte å gjere andre verksemder grønare på, seier han.

Syklisk produktliv
Gründer Sigmund Larsen har basert sin forretningsmodell på det same prinsippet. Gjennom selskapet EnviroNor (sjå eigen artikkel) tilbyr han ei løysing som sørgjer for betre utnytting av vassressursane. – Ideen er å ta i bruk gamle skip og byggje dei om til flytande reinseeanlegg for kloakk og avløpsvatn, seier Larsen. – I staden for å køyre milevis med tankbilar for å dumpe kloakk i ørkenen, slik eg har sett det skje i Midtøsten, kan ein transportere det via røyr ut til skipa og reinse det der. Slik slår han to miljøfluger i éin smekk: vassressursane blir fornya og skipa si levetid blir forlenga.

Larsen sin forretningsidé tek utgangspunkt i ei sirkulær verdikjede. Målet er å hindre at ressursar forsvinn ut av verdikjeda, sjølv om dei ikkje lenger kan brukast til det opphavlege føremålet. Eit grønt skifte vil måtte innebere at fleire går over til ein slik modell.

Leasing forlenger livet
Ei rekkje produkt har i dag ei levetid som er forkorta slik at folk stadig har behov for å kjøpe nytt. Slik kan produsenten oppretthalde marknaden og auke innteninga. – Eit berekraftig alternativ er å nytte ein betalingsmodell som til dømes leasing, seier Tynes Pedersen. – Då betaler kunden for bruksretten til produktet. I ein slik modell har produsenten lite å tene på å forkorte levetida til produktet. Ein  annan måte er å tenkje gjenbruk eller nedsirkulering i produktdesign og produktutvikling, slik ein til dømes gjer med bioplastprodukt.

Han meiner likevel at utviklinga mot eit meir berekraftig norsk næringsliv går i riktig retning. – Miljøspørsmål er løfta opp på leiarnivå og inn i styreromma. Det er ei mykje større vilje til å satse på miljø i dag enn for berre fem år sidan, avsluttar han.