Grøne arbeidsplassar skal doble produksjonen i Tyssedal

Industri

Grøne arbeidsplassar skal doble produksjonen i Tyssedal

Smelteverket TiZir Titanium & Iron i Tyssedal har sett i gang eit unikt prosjekt for å redusere utsleppa frå produksjonen av titandioksid. 

- Dette gir grunnlag for taktskifte til ein mykje meir klimavenleg produksjon, og for ytterlegere grøn teknologiutvikling og vekst i Tyssedal, seier ein optimistisk administrerande direktør Harald Grande i TiZir.
 
På austsida av Sørfjorden, like utanfor Odda sentrum ligg Tyssedal. Tettstaden blir i dag vitja av tilreisande frå heile verda som utgangspunkt for turar til det kjente landemerket Trolltunga. Her ligg også det som til no har vore ein av miljøverstingane i Norge; Ilmenittsmelteverket TiZir. 
 
Bedrifta har sidan 1986 produsert titan-slagg, som er ein viktig komponent i maling, og i reint råjern som mellom anna blir brukt i vindmøller. Bedrifta er den einaste titanslaggprodusenten i Europa. Viktigaste energikjelde er vasskraft, men smelteverket har også nytta omlag 100.000 tonn kol kvart år, noko som gjev store utslepp av forureinande Co2. No skjer det imidlertid eit taktskifte i produksjonen, frå forureinande kol til miljøvenleg hydrogen.
 
Måtte tenke nytt for å kunne produsere meir
– Utanfor oljeindustrien står vi for eit av dei største enkeltutsleppa av Co2. Når vi har bygd om til å bruke hydrogen, skal vi kunne redusere dei årlege utsleppa frå 370.000 tonn til 60.000 tonn, seier administrerande direktør Harald Grande.
 
Innan 2025 har ilmenittverket sett seg som mål å redusere Co2-utsleppa med heile 90 prosent, og å bruke 40 prosent mindre energi. Hydrogenet skal brukast i ein kjemisk prosess for å skilje råstoffa.
 
Det var då eigarane, franske Eramet og australske Mineral Deposit bestemte seg for å satse i Tyssdal og doble produksjonen, at Harald Grande og ingeniørane i bedrifta byrja å tenke nytt. Tanken om hydrogen kom opp, og eit team av forskarar og ingeniørar ved TiZir byrja å utvikle teknologien i samspel med mellom andre Sintef og NTNU.
 
Denne satsinga krev imidlertid store endringar i drifta, og det er også bestemt å rive eksisterande smelteverk for å bygge nytt. Planen er at nytt smelteverk er på plass om ni år.  
– Det anlegget vi har i dag fungerar godt, men vi velgjer å rive for å erstatte det med eit som er meir miljøvenleg, seier Harald Grande.
 
Enova med på laget
I mars blei det kjent at Enova investerer 122 millionar kroner til første trinn i prosjektet, og EU sitt overvakingsprogram ESA har no godkjent at tilskotet ikkje er i strid med EØS-avtalen sine statsstøttereglar.
 
- Vi er svært nøgde med investeringa frå Enova. Norge har no ei moglegheit til å bidra til at produksjon av titandioksid i framtida blir meir energieffektiv og klimavenleg, seier Harald Grande.
 
Enova ser eit stort spreiingspotensial i prosjektet.
 
– Særleg smelteverkindustrien, både nasjonalt og internasjonalt vil kunne ha interesse av resultata frå dette prosjektet, spesielt når det gjeld væskekjøling av koparkvelv. Om fleire tek i bruk denne teknologien, vil det kunne gi betydeleg energieffektivisering og reduserte Co2-utslepp, seier marknadsdirektør Audhild Kvam i Enova.
 
- Med fornybar vasskraft som viktigaste energikjelde, og hydrogen i staden for kol i prosessen, er det neppe mogleg å drive smelteverk med lavare Co2-utslepp enn vi når den nye fabrikken er ferdig bygd. TiZir blir den klimavenlege aktøren i denne marknaden, understrekar Harald Grande.
 
Omlegginga vil ha ein kostnadsramme på rundt sju milliardar kroner. Men når anlegget står ferdig, viser studiar som er gjort at verknadene blir umiddelbare.
 
– Der vi no brukar ti timar på å varme omnane opp til 1000 grader, vil det med hydrogen berre ta 20 minutt, og vi kan gjere det same på 800 grader, seier han.
 
Framtidstru i Tyssedal
Sunnmøringen Harald Grande kom til ilmenittsmelteverket i Tyssedal i 1986, og i 1997 blei han direktør for bedrifta. Åra han har vore i Tyssedal har vore ei spennande reise, frå oppstart i ei kolsvart forureinande bedrift,  til å leie bedrifta gjennom eit grønt skifte. Å drive fram og selgje eigarane eit slikt prosjekt har krevd både pågangsmot, tru på prosjektet og ein god porsjon overtalingsevne.
 
- Eg vil sei at kombinasjonen av svært kompetente tilsette, idealisme, lyst på å finne nye løysingar, tilgang på rein elektrisitet og det stabile politiske systemet her i landet førte til at eigarane har gjort ei gigantsatsing i Norge.
Kjemi- og malingsindustrien i heile verda følgjer nøye med på kva som skjer i Tyssedal. Satsing på miljø vil også vere med på å trygge arbeidsplassane, understrakar Grande. 
 
Om prosjektet lukkast er det liv laga for oss langt inn i framtida.