Høge løner kostar dyrt

Petroleumsnæringa

Høge løner kostar dyrt

Oljeindustrien lokkar med høge løner, og leverandørindustrien på Vestlandet følgjer etter. Men lønsfesten har sin pris. No forsvinn kontraktar ut av landet. 

I skuggen av olja har dei ramla av for lenge sidan. Eksportindustrien på land kan ikkje konkurrere med lønene oljenæringa tilbyr. Dei må anten gi tapt i kampen om den beste arbeidskrafta, eller risikere å prise seg ut av marknaden. Men også dei som leverer utstyr og tenester til oljeindustrien, har ei smertegrense. Det har synt seg dei siste månadene. Kostnadsutviklinga er no i ferd med å bli ei utfordring for leverandørindustrien. 

Mister kontraktar
For no forsvinn oppdrag ut av landet. Fleirtalet av dei store byggjekontraktane som er delte ut dei siste månadane har gått til offshoreverft i Asia. Dette gjeld bygginga av Statoil sine plattformer til felta Aasta Hansteen, Dagny og Mariner (engelsk sokkel) og Det norske sin plattform til Ivar Aasen. Berre svenskeigde Lundin og franske Total har valt å byggje i Norge den siste tida. Arbeidet med Lundin sin plattform til Edvard Grieg-feltet skal delast mellom Kværner Stord og Kværner Verdal, medan Total har gitt arbeidet med understellet til Martin Linge plattforma til Kværner Verdal. Av ein samla kontraktsverdi på rundt 65 milliardar kroner har over 50 milliardar gått til verft i Asia.

10-15 prosent billigare i Asia
– Dette handlar i stor grad om pris, seier Odd Naustdal som er kommunikasjonssjef i Kværner Stord. Han medgir at kostnadene er ei utfordring. – Men når det gjeld kvalitet og leveringsevne har vi derimot ingen vanskar med å handtere konkurransen frå dei sør-koreanske verfta. Naustdal skulle gjerne sett at dei sat på nokre av kontraktane som no er gått ut av landet. – Men det er likevel inga krise for Kværner Stord. Ordrereserven til heile konsernet er på over 30 milliardar og ein betydeleg del av dette er arbeid som vil bli lagt til Stord. Dette er nok til å halde den rundt 1 500 mann faste arbeidsstyrken i arbeid i to til tre år framover. – Og sjølv om vi kom dårlig ut av den siste runda med tildelingar, vil det kome nye sjansar framover. Dette gjeld plattformer for levering fire til fem år fram i tid, seier Naustdal.

Skuldar på lønspresset
– Det er umogleg å konkurrere på pris med dei asiatiske gigantane. Det seier Krister Paulsen i Boston Consulting Group. Han skuldar på det sterke lønspresset i den norske leverandørindustrien, men meiner at dei sør-koreanske verfta har sine motiv. – Grunna dårlege tider i internasjonal shipping er dei på jakt etter nye marknadsområde. Derfor legg dei seg svært lågt i pris for å kome seg inn på den norske offshore-marknaden.

Han er likevel ikkje så uroa for den norske leverandørindustrien sett under eitt. Konkurransen gjeld først og fremst dei arbeidsintensive oppgåvene, som bygging av nye botnfaste og flytande installasjonar. Utstyret til dei nye plattformene vil framleis i all hovudsak bli produsert i Norge. Nærleik og kjennskap til lokale tilhøve veg også tungt. Dermed står norske leverandørar rimeleg trygt på område som undervassteknologi, vedlikehald og modifikasjonar. – Framover vil spørsmålet om kapasitet hos verksemdene bli viktigare enn pris, trur Paulsen. 

Må jobbe smartare
Det som uroar meir, er at så få av aktørane i den norske leverandørindustrien har planlagt tiltak for å auke produktiviteten. Paulsen byggjer denne påstanden på ei større undersøking blant leverandørverksemdene som Boston Consulting Group nyleg har gjort på oppdrag for Olje- og energidepartementet. – Den mest nærliggande løysinga på den akutte ingeniørmangelen som bransjen no opplever, er å finne nye og smartare måtar å jobbe på. – Auka produktivitet kan lette både kapasitetsproblema og kostnadspresset, men berre ein av fire av dei aktørane som er med i undersøkinga har prioritert slike tiltak.

Odd Naustdal i Kværner Stord er absolutt samd i at løysinga er å auke produktiviteten. – Skal vi vere med å konkurrere om dei neste store byggjekontraktane, må vi lukkast med det. Kværner prioriterer dette arbeidet høgt, i følgje Naustdal. Dei har sett i verk ei rekkje tiltak som vil gjere produksjonen meir effektiv. – Dette handlar om alt frå nytt utstyr til nye måtar å organisere arbeidet og leveringskjedene på.

Konkurrerer også ute
Den norske leverandørindustrien konkurrerer ikkje berre om kontraktar på den norske sokkelen. Ein aukande del av inntektene kjem frå leveransar til utlandet. I 2011, som er det siste året vi har tal frå, omsette norsk leverandørindustri for 152 milliardar kroner internasjonalt, i følgje Rystad Energy. Dette utgjer om lag 42 prosent av den samla omsetnaden. Faktisk har veksten i den internasjonale marknaden vore sterkare enn veksten på norsk sokkel dei siste ti åra (16 prosent årleg vekst ute mot 10 prosent heime).

Medan Norge tapar byggjekontraktar til verft i Sør-Korea, går kontraktar andre vegen også. Sør-Korea utgjer den største enkeltståande marknaden for den norske leverandørindustrien. Norske verksemder sel borepakkar og anna utstyr til plattformene som blir bygde der. Så sjølv om arbeidet med konstruksjonane blir gjort utanlands, blir hovudtyngda av utstyret produsert i Noreg. På dei neste plassane kjem Brasil og Storbritannia, begge land med ein omfattande offshore oljeindustri.

Få pessimistar
Tap av byggjekontraktar til utlandet til tross, aktørane i leverandørindustrien ser framleis svært lyst på framtida. Industriverksemder utan petroleumsretta omsetnad har ein samla forventingsindeks på 12 poeng. Hos dei verksemdene som hovudsakeleg leverer til petroleumsnæringa, er den på heile 53 poeng. Skilnaden er særleg stor når det gjeld tru på vidare vekst i omsetnad og sysselsetjing.

Verksemdene som leverer til den norske sokkelen, har endå sterkare tru på framtida enn dei som også leverer internasjonalt. Medan den første gruppa har ein samla forventingsindeks på imponerande 68 poeng, ligg den andre på 41 poeng (figur 2). Det tyder på at konkurransen tross alt er mindre krevjande i den heimlege marknaden enn internasjonalt.

Kjelder
The Boston Consulting Group: Kapasitet i den norskbaserte petroleumsrettede leverandørindustrien: Studie utført på oppdrag for Olje- og energidepartementet, november 2012. (http://www.regjeringen.no/upload/OED/pdf%20filer/Rapporter/Kapasitet_i_d...)
Rystad Energy: Internasjonal omsetning fra norske oljeserviceselskaper. Rapport til Olje- og energidepartementet, august 2012. (http://www.regjeringen.no/upload/OED/Rapporter/Rapport_Rystad-Energy_Int...)