Heile folket i arbeid

Arbeidskraftreserven

Heile folket i arbeid

Arbeidskrafta er vår viktigaste ressurs og ein føresetnad for berekraftige velferdsgode. Med færre yrkesaktive bak kvar pensjonist, blir velferdsordningane våre sett under press.  

Framskrivingar syner at behovet for arbeidskraft vil auke i Norge. Allereie i dag skapar mangel på relevant arbeidskraft utfordringar for mange verksemder. Årets Næringsbarometer viser at 13 prosent av verksemdene i Sogn og Fjordane opplever rekrutteringsvanskar. Til saman manglar næringslivet 650 arbeidstakarar. Figur 1 viser yrkesgruppene det er størst mangel på.

Korleis skal vi klare å få tak i den arbeidskrafta landet vil trenge framover? Enkelt sagt finst det fire svar på dette:

  • Fleire kan arbeide meir
  • Vi kan importere arbeidskraft
  • Vi kan hindre at dei som er innanfor arbeidslivet fell ut
  • Vi kan mobilisere alle dei som står utanfor arbeidsmarknaden

Rekrutterer internasjonalt
I Næringsbarometeret som kom i mai 2012 sette vi søkjelyset på kor avhengige vi har vorte av arbeidsinnvandring også i Sogn og Fjordane. Om lag 12 prosent av alle sysselsette i fylket kjem frå utlandet. I årets barometer svarar 17 prosent av verksemdene i fylket at dei planlegg å rekruttere frå utlandet. Men i eit noko lengre tidsperspektiv kan vi neppe rekne med at Norge er like attraktivt som i dag fordi fleire og fleire land i Europa har dei same utfordringane som vi.

Mange utanfor arbeidslivet
OECD har over tid peika på at Norge er i verdstoppen på helserelaterte ytingar. I 2012 gjekk 660 000 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller arbeidsløyse. Dette utgjer 20 prosent av befolkninga i alderen 16-67 år og talet vil auke om ikkje trenden snur. Dette er ein stor kostnad for samfunnet, men kanskje aller mest for den enkelte som ikkje får delta i arbeidslivet.  

Som det går fram av faktaboksen utgjer dei ulike «gruppene» eit svært stort tal. Dårleg helse er hovudårsaka til dette tapet av årsverk.  Er det råd å snu denne utviklinga?

All forsking på trygdeområdet syner at dess lengre du er borte frå arbeidet, dess større er sjansen for at du blir varig ute. – Sjukemelding kan sidestillast med vanedannande medikament, uttalte ein lege. Forsking syner også at arbeid er bra for helsa. Å støtte menneske som til dømes har lettare psykiske lidingar samstundes som dei er i jobb gir gode resultat. 

Eit typisk «trygdeforløp» for ein person som får uførepensjon har starta med ein periode på sjukepengar.  Dersom han ikkje er tilbake på jobb etter eitt år er sjukepengeretten brukt opp og arbeidsavklaringspengar (AAP) kan vere aktuelt som livsopphaldsyting. Sjølv etter tett oppfølging frå NAV med individuelle planar med sikte på å kome attende til arbeid, syner statistikken at 45 prosent av dei som hadde AAP, har fått uførepensjon 6 mnd seinare. Det mest urovekkjande er at medan veksten i avgang til uførepensjon hos godt vaksne har stoppa opp, er tendensen den motsette hos unge. Unge uføre definerer vi som mottakarar av uførepensjon i alderen 18 til 29 år. Per mars 2013 er det 10 100 personar i denne gruppa på landsnivå; ein auke på 2 200 personar dei siste 10 åra.  Diagnosestatistikken for 2011 syner at 59 prosent av unge uføre har psykiske lidingar og åtferdsforstyrringar som diagnose. I Sogn og Fjordane utgjer dette 174 unge menneske.

Deltaking og parallell bistand
– Vi er oppteken av å få folk så raskt som mogleg i arbeid igjen, om ikkje anna så på ein liten prosent, fortel fabrikksjef Anders Knut Molland i Nortura Sogndal. Som IA-verksemd arbeider dei systematisk med tiltak for å førebyggje og redusere sjukefråveret. Statistikk syner at sjansen for ikkje å komme tilbake i arbeid aukar dramatisk for personar som er sjukemelde meir enn 6 månader utan kontakt med arbeidsplassen. Støtte frå og kontakt med arbeidsgjevaren er viktig for ønskje og motivasjon for å kome attende til jobb, gjerne gradvis. Ei evaulering av IA-avtalen som Sintef gjennomførde i 2009 viste at Sogn og Fjordane har gått frå å liggje lågast til å vere eit av dei beste fylka når det gjeld å kome tilbake til jobb etter langvarig sjukemelding.

600 unge treng bistand for å kome i arbeid
Kompetansekrava i møte med arbeidslivet aukar stadig. NAV møter ofte arbeidsgjevarar som fortel om behovet for fagkompetanse av ulik art. Arbeidsplassar som ikkje stiller spesielle krav til utdanning er snart borte. Ikkje alle maktar i like stor grad å imøtekome forventingane samfunnet stiller til utdanning og arbeid. I følgje ein artikkel av Birgit Bjørkeng, publisert i Samfunnsspeilet 1/2013, hadde knapt 7 av 10 som byrja på den vidare utdanninga i 2006 fullført løpet 5 år etter. Av dei med yrkesfagleg program hadde 45 prosent ikkje oppnådd nokon formell kompetanse i løpet av 5 år.

I Sogn og Fjordane får over 600 unge under 30 år med redusert arbeidsevne oppfølging av NAV. Redusert arbeidsevne tyder at det ikkje er samsvar mellom krava i arbeidslivet og dei ressursane ungdomen representerer per no. Mange verksemder i Sogn og Fjordane opnar dørene sine for unge som treng utprøving i arbeidspraksis eller anna, og som gjennom det bidreg til å gi unge menneske mogelegheiter. Ei av desse er TINE Meierier i Byrkjelo som de kan lese meir om i artikkelen «Rota til alt godt». Også Nortura i Sogndal tilbyr ungdomar som treng det, arbeidstrening i bedrifta. – Vi har veldig positive erfaringar, seier fabrikksjef Molland. – Dei vi har hatt inne har vore forsiktige i starten. Men når dei ser at dei mestrar ting, så blomstrar dei opp. Det dei treng er sjølvtillit.

Ønskjer fleire verksemder
Arbeidet kan ofte vera krevjande, og det er mange gonger imponerande å sjå kva entusiastiske og motiverte arbeidsgjevarar får til. NAV Sogn og Fjordane er heilt avhengig av slike arbeidsgjevarar, og ønskjer difor eit endå tettare samarbeid med endå fleire verksemder som ynskjer å ta samfunnsansvar og med det bidra til å gi ein ungdom meistring og arbeidserfaring. I tillegg handlar det om ressursbehov. Sogn og Fjordane er eit fylke med låg arbeidsløyse, og i mange bransjar er etterspurnaden større enn tilgangen på arbeidskraft. Difor kan også verksemdene ha nytte av samarbeid med NAV. Kanskje ein av desse ungdomane kan bli svaret på ditt behov for stabil og framtidsretta arbeidskraft?

Artikkelen er utarbeidd for Næringsbarometeret av NAV i mai 2013.