Hentar rikdom frå havet

Fiskeri og havbruk

Hentar rikdom frå havet

Dei blir færre, men større – og tener stadig meir. Fiskeri og havbruksnæringa trur på gode tider framover. 

Dei siste åra har marin sektor vorte viktigare for norsk økonomi, trass i krise i Europa. Men næringa er svært avhengig av korleis landet og verda elles utviklar seg. Både fiske og havbruk, mottak, fiskeforedling og utstyrsleverandørar er sterkt konjunkturavhengige næringar. Dei blir påverka av etterspurnaden både innanlands og utanlands. I 2011 eksporterte Norge fisk for 30 milliardar kroner til land i EU og rundt 23 milliardar til land utanfor EU. Det viser tal frå SSB.

Viktig eksportnæring
Oppdrettsnæringa er i dag ei av dei største eksportnæringane i Sogn og Fjordane. Tal frå Fiskeridirektoratet viser at sysselsette innan akvakulturnæringa i fylket ligg på rundt 500. Tendensen er at det blir færre lokalitetar, men aukande sysselsetting og inntening.  Ein finn den same tendensen i nabofylka, men der er tala høgare. Medan talet på løyve for laks og aure har lagt på om lag same nivå dei siste åra (91 i 2011), har talet på løyve for «andre marine fiskeartar» hatt eit kraftig oppsving i fylket dei seinare åra frå 22 i 2009 til 35 i 2011. Det viser tal frå Fiskeridirektoratet.

Sogn og Fjordane er det fjerde største fylket i talet på selskap som driv med laks og aure og delar andreplassen med Hordaland for andre marine fiskeartar som kveite (sjå figur 2). Fylket hamnar på delt femteplass når det gjeld sal av oppdrettsfisk målt etter mengd, og på sjetteplass når det kjem til salsverdi.

Ein risikosport
Fiske har alltid vore ein risikosport. Både fiskebåtreiarar og mannskap har von om dei store vinstane. Men næringa er prisgitt meir enn fiskelukka. Kvotereguleringar, prisregulerande mekanismar, etterspurnad ute i verda og strukturendringar i næringa her heime er avgjerande for god lønsemd. Akkurat lønsemd ser ikkje ut til å vere det største problemet i dag, heller ikkje i Sogn og Fjordane. For dei som får plass på eit kyst-ringnotfartøy, kan det vanke ei millioninntekt i året om ein er heldig. God lønsemd kan gjere fiskebåteigarar i stand til å investere i nye og effektive fiskefartøy, slik som Lending Rederi AS på Solund har gjort når dei har tinga ny båt frå Solund Verft (sjå eiga sak).

Millionbutikk for somme
Sogn og Fjordane har i dag ca. 580 fiskarar som landar fisk for vel ein milliard kroner i året. Flest fiskarar er det på dei 15 autolinebåtane frå fylket. Men dei som tener best, er mannskapet på dei tre ringnotfartøya og 19 kystnotfartøya. Dei har hatt mange gode år med høge prisar både på sild og makrell. Fiskarane har investert i kvotar og nye båtar og fått ein attraktiv arbeidsplass med rundt ein million kroner i årsinntekt. Samstundes har det blitt færre havgåande fartøy dei siste åra, frå rundt 30 til 20 fartøy. Det fortel Knut Rune Mulelid, sekretær i Sogn og Fjordane Rederiforening, som representerer havfiskeflåten. Rederiforeninga ventar ein ytterlegare nedgang på omlag fem fartøy dei neste par åra grunna omstrukturering i næringa.

Satsar med lokale leverandørar
Lending Rederi AS i Solund satsar på framtida med kjøp av nytt fartøy frå lokalt verft. – Vi investerer i nytt fiskefartøy for å hengje med. Ein er nøydd til både å satse og vere optimist skal ein drive med fiske i dag, seier Magnar Lending. Han er ein av fire medeigarar i reiarlaget Lending Rederi AS i Solund. Dei har teikna kontrakt med Solund Verft AS for eitt kystnotfartøy. Denne avtala vil også gi store økonomiske ringverknader i nærområdet. Sjølve skroget er rettnok bygd på eit utanlandsk verft, men ferdigstillinga skjer lokalt. – Vi nyttar i stor grad lokale verksemder i ferdigstillinga. Elektroinstallasjonar blir levert av HAFS Elektro i Solund, innreiing vil bli levert av Maritim Montering AS i Bygstad, leiteutstyr blir levert av Sigurd Solberg i Florø og båten er konstruert av Seacon AS frå Måløy.

Bedriftsundersøkinga fortel at:
• Sju av ti innan fiskeri og havbruk er nøgd med marknadssituasjonen
• Ein av tre ventar at eksporten vil utgjere over 50 % av omsetnaden i 2013
• Sju av ti har uendra verdi på ordrebehaldninga i dag samanlikna med verdien ved inngangen til 2012
• Ein av seks har problem med å rekruttere relevant arbeidskraft

Forventingsindeksen viser at det meste er på det jamne i høve til i fjor, med unntak av investeringslysta. Halvparten seier dei vil investere mindre i 2013 enn i 2012. Den andre halvparten trur investeringane blir på same nivå som i fjor. Merk at forventingsindeksen viser forventingar både frå fiskarar og oppdrettarar. Det er færre fiskebåteigarar som har svart på Bedriftsundersøkinga enn oppdrettarar, slik at forventningsindeksen i større grad vil gjelde for oppdrettsnæringa enn fiskebåteigarane.

Kjelder
Fiskeridirektoratet