I full gang med omstilling til nye tider

Regionalt utsyn

I full gang med omstilling til nye tider

Næringsbarometeret viser at det framleis rår ein viss optimisme i Hardanger og Midthordland. I dei andre delane av fylket er det lågare forventningar til 2016. 

Medan pessimismen brer seg langs kysten av Hordaland, er det framleis ein viss optimisme å spora i indre strok av fylket. Med ein forventingsindeks på over 19 er Hardanger og Midthordland framleis på topp av dei fem regionane som fylket er delt inn i. Den er også den einaste av regionane som viser vekst.
 
Medan Bergensregionen fell med 7 poeng, Region Vest fell med 15 poeng, Nordhordland med 28 poeng og Sunnhordland med 14 poeng, klatrar Hardanger og Midhordland heile 7 poeng på forventingsskalaen samanlikna med same tid i fjor.
 
– Vi har litt distanse til petroleumsnæringa. Dermed unngår vi den kraftige nedgangen som nokre av dei andre regionane opplever, seier dagleg leiar i Hardangerrådet, Jostein Eitrheim , når han skal kommentera optimismen i Hardanger. 
 
– Stemninga i regionen er framleis positiv, og både hos Boliden i Odda, Bjølvefossen i Ålvik og TiZir i Tyssedal er det god aktivitet.  Vi har nok begynt å merka nedturen litt her også for det er mange som bur i Hardanger og jobbar i oljebransjen, men det at prosessindustrien er i full sving gjer at vi får litt meir tid til å områ oss, seier Eitrheim.
 
Han framhevar TiZir som eit godt døme på ei bedrift som jobbar målretta med omstilling til klimavenleg produksjon og grøn teknologiutvikling. (sjå eigen artikkel)
 
– Også i regionen vår merkar leverandørindustrien til petroleumsnæringa no nedgangstidene, og dette vil gje oss utfordringar framover, seier Eitrheim. 
 
Viktig å behalda kompetansen
Etter fleire rundar med nedbemanningar og oppseiingar i oljerelaterte verksemder er ikkje forventningane til vekst like store i Sunnhordland, Nordhordland og Region Vest i 2016. Alle desse tre regionane har eit næringsliv som er sterkt påverka av redusert aktivitet i olje- og gassektoren.
 
– Etter fleire rundar med nedbemanningar og oppseiingar i oljerelaterte verksemder er ikkje forventningane til vekst like store i Sunnhordland, Nordhordland og Region Vest i 2016. Alle desse tre regionane har eit næringsliv som er sterkt påverka av redusert aktivitet i olje- og gassektoren.
 
– I nedgangstider er det viktig at vi set i verk tiltak for å halda på og utvikla kompetansen til dei som vert ledige, seier Gro Jensen Gjerde, som er dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.
 
Ho meiner det må det koma på plass ei ordning med dagpengar under utdanning. Me ser no at nokre av dei som har kombinert utdanning og jobb som vert permittert eller oppsagte får ei utfordring. 
 
– NAV har ei heilt sentral rolle her, og det må arbeidast for litt meir fleksible ordningar. Dette gjeld og lærlingordninga. Her må ein sjå på om bedrifter kan samarbeide om å fordela lærlingar og læretida seg i mellom. Læringstøtta bør også justerast slik at fleire bedrifter har moglegheit til å kunna ta i mot fleire lærlingar, seier Gjerde. Ho legg til at det også er fleire bransjar som har positiv utvikling i regionen.
 
– For Sunnhordland er det særleg reiseliv og havbruk som har ei positiv utvikling. God mat, flotte fjordar og fjell kombinert med låg kronekurs gjer regionen vår attraktiv for turistar. Den låge kronekursen er også gunstig for den eksportretta fiskeri- og havbruksnæringa, seier Gjerde.
 
Prioriterer satsing på nye arbeidsplassar
Bergen er ein sterk og drivande motor for den regionale utviklinga i Hordaland.  Byen er attraktiv for næringsliv, forsking og utdanning, og kjem til å få ein sentral posisjon når nye satsingar innan miljø, fornybar energi og klima skal setjast i gang. I dette arbeidet er Business Region Bergen (BRB) tildelt viktige oppgåver.  BRB skal bidra til at det blir etablert nye verksemder og nye arbeidsplasser i Bergensregionen. Hovudstrategiane for å nå denne målsettinga er knytt til to løp: Arbeid for å bidra til etablering av nye verksemder gjennom etablerarsenteret,  og satsinga «Invester i Region Bergen» som har som mål å få verksemder med tilhald utanfor Bergensregionen til å etablere aktivitet og arbeidsplasser i Bergensregionen. Hovudmålet med begge desse aktivitetane er å bidra til at det blir etablert nye arbeidsplasser i regionen – noko som er omstilling i praktisk handling.
 
Saman om omstilling
For å møta forventningane om tøffare tider for næringslivet har Gode Sirklar i Region Vest, Regionrådet i Nordhordland og Samarbeidsrådet for Sunnhordland starta opp eit arbeid for å sjå på kva ein saman kan gjera for å møta utfordringane. I tillegg er Hardangerrådet invitert med i arbeidet. Arbeidet tek utgangspunkt i HOG Energi sin rapport om situasjonen for leverandørindustrien i Hordaland. Den nye omstillingsalliansen  er eit samarbeidsprosjekt  mellom regionråda, næringsutviklingsselskap, forskingsaktørar og bedrifter frå regionane. 
 
– Framtidig næringsutvikling og den strukturelle omstillinga i petroleumssektoren vil i større grad krevja aktive bidrag, samarbeid, koordinering og handling frå aktørar i politikk, næring og FoU, seier Gro Jensen Gjerde, som er dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. 
 
Kjelder
Bedriftsundersøkinga