I offentleg teneste

Offentleg fortvaltning og tenesteyting

I offentleg teneste

Hordaland har ingen stor offentleg sektor. Men dei siste ti åra har fleire statlege arbeidsplassar flytta vestover. Dei ser ingen ulemper med å liggje langt frå Oslo.

I Norge jobba tre av ti sysselsette i offentleg sektor i 2011, i følgje tal frå SSB. Men det er store variasjonar frå fylke til fylke. Troms ligg på topp med 42 prosent av dei sysselsette innanfor offentlig sektor, medan Rogaland ligg nedst med berre 25 prosent sysselsette innanfor det offentlege. Hordaland ligg på femte plass blant fylka som har færrast offentlege arbeidsplassar. 30 prosent av alle sysselsette i Hordaland arbeider i offentleg sektor.

Innanfor fylket er det stor spreiing mellom kommunane. Austevoll og Fjell er kommunane i fylket med færrast tilsette i sektoren, høvesvis 20 og 23 prosent av alle sysselsette. Fedje og Samnanger har høgast del med 61 og 54 prosent.

Vekst i offentleg tilsette
Sidan 2008 har talet på tilsette innanfor offentleg sektor i Hordaland vakse med 1,2 prosent. Det er litt lågare vekst enn på landsbasis som ligg på 1,6 prosent. Veksten i Hordaland har hovudsakleg vore innanfor kommunal forvaltning, men det har òg vore noko vekst innanfor statleg sektor.

Flytting av statlege oppgåver
Ein av ti hordalendingar jobbar innanfor statleg forvaltning. Blant arbeidsgjevarane er Konkurransetilsynet i Bergen med 100 tilsette. Tilsynet vart flytta frå Oslo i 2004, og avdelinga i vestlandsbyen har gradvis blitt bygd opp samtidig som avdelinga i hovudstaden har blitt bygd ned. – Vi hadde nokre tilsette i Oslo fram til i fjor, men no er all verksemd konsolidert i Bergen, seier administrasjonsdirektør for tilsynet, Bjørn Braathen. – Overgangen har teke tid, for vi har ønska å ta vare på kompetansen i tilsynet. Det var eit mål at ingen tilsette skulle seiast opp, og det har vi klart.

God tilgang på nyutdanna
Nær halvparten av dei offentlege verksemdene i Hordaland som har svart på Bedriftsundersøkinga, melder om rekrutteringsvanskar. Det er særleg teknisk personell som er vanskeleg å oppdrive. Konkurransetilsynet rekrutterer hovudsakleg økonomar og juristar med høgare utdanning innanfor konkurranserett eller konkurranseøkonomi – eit relativt smalt område. Men rekrutteringa går stort sett greitt. – Vi har god tilgang på nyutdanna. Men det er vanskelegare å rekruttere medarbeidarar med lang erfaring. Dette var kanskje enklare i Oslo enn i Bergen, men det har betra seg litt medan vi har vore her, seier Braathen. Han fortel om ein sårbar situasjon like etter flyttinga. – Vi bytte ut 80-90 prosent av arbeidsstokken då vi flytta, og tilsette mange unge, nyutdanna. Men etter kvart har vi fått ein meir stabil arbeidsstokk, med meir erfaring.

Lokal arbeidskraft i Hardanger
Mellom 2004 og 2008 vart tinglysinga av eigedomar flytta ut av domstolen i Norge, og Statens Kartverk tok over oppgåva. Hardangerrådet jobba aktivt for å få delar av oppgåvene til regionen for å skape fleire arbeidsplassar. Og det lukkast. No har Kartverket ei avdeling i Kinsarvik som driv etaten sitt kundesenter, og som er ansvarleg for tinglysing av burettslag. – Vi starta med 12 tilsette i 2006, og no har vi rundt 55 årsverk, seier seksjonssjef Marita Aarhus.

- Då vi starta å byggje opp avdelinga her i Ullensvang var vi opptekne av å ha ei lokal forankring. Det har vi fått. Dei fleste stillingane vi har er sakshandsamarstillingar. Det vil seie at dei ikkje er så spesialiserte, men at søkjarane treng formell kompetanse, seier seksjonsleiaren. Kartverket i Kinsarvik har opplevd god tilgang på arbeidskraft gjennom heile oppbyggingsfasen.

Fordelar i distriktet
Korkje administrasjonsdirektøren for Konkurransetilsynet eller seksjonsleiaren for Kartverket i Kinsarvik ser ulemper med å vere plassert i Hordaland. – Det er heilt uproblematisk for oss å vere i Bergen i forhold til å vere i Oslo, men det blir jo nokre Oslo-turar i løpet av året, seier Braathen i Konkurransetilsynet. Aarhus hos Kartverket tykkjer ikkje den fysiske avstanden til sentralkontoret på Hønefoss har vore noko problem. Dei har tett samarbeid med Hønefoss og andre kontor. Interne kommunikasjonskanalar som videoutstyr, e-post, chat og telefon fungerer godt og er i dagleg bruk. Aarhus ser òg fordeler med å vere plassert i distriktet. – Ein får ikkje same konkurranse om arbeidskrafta når kundesenteret ikkje ligg meir sentralt. Det er ein fordel når det gjeld å rekruttere god arbeidskraft, og å behalde han.

Kjelde
SSB Registerbasert sysselsettingsstatistikk