Statleg styring frå Sogn

Offentleg fortvaltning og tenesteyting

Statleg styring frå Sogn

Sogn og Fjordane er eit av fylka med flest offentleg tilsette. I Leikanger lokkar dei med interessante statlege arbeidsplassar, og trekkjer høgt utdanna tilbake til heimfylket. 

– Vi er kjent for å ha bygt opp eit kompetansemiljø, og slike kompetansemiljø og interessante arbeidsplassar rekrutterer stort sett bra, seier Jostein Fondenes. Han er avdelingsdirektør for IT drift og utvikling i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) på Leikanger. Direktoratet vart oppretta i 2008 med ei avdeling i Oslo og ei i Leikanger. Kontoret på Leikanger er mellom anna ansvarleg for drifta av ID-portalen, ei felles påloggingsløysing, og utvikling av offentlege tenester på nett.

Vekst i talet på offentleg tilsette
Med 66 prosent tilsette i offentleg sektor, ligg Leikanger på topp i fylket når det gjeld talet på offentlege arbeidsplassar i høve til samla sysselsetting. I motsett ende finn vi Stryn, med 24 prosent tilsette i offentleg sektor. Til samanlikning jobba totalt 35 prosent av dei sysselsette i fylket i offentleg sektor i 2011. Med det ligg Sogn og Fjordane på femte plass blant fylka som har flest offentlege arbeidsplassar, i følgje tal frå SSB. Tala for heile landet viser at tre av ti var tilsette i offentleg sektor i 2011.

Talet på tilsette innanfor offentleg sektor i Sogn og Fjordane har auka med 1,7 prosent sidan 2008. Det ligg tett opptil landsgjennomsnittet på 1,6 prosent. Auken i Sogn og Fjordane har hovudsakleg vore innanfor kommunal forvaltning.

Fleire statlege oppgåver
8,5 prosent av arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane arbeider innanfor statleg sektor, og fleire vil det truleg bli. Difi på Leikanger har vakse jamt sidan starten i 2008 og tel i dag 90 tilsette. I 2013 får avdelinga ei ny oppgåve; Tilsyn for universell utforming av IKT. Det krev fleire medarbeidarar. I første omgang vil dei trenge fem-seks personar, men det kan bli snakk om fleire stillingar etter kvart.

Trekkjer kvalifisert arbeidskraft
Ifølgje Bedriftsundersøkinga har 37 prosent av verksemdene innanfor offentleg forvaltning og tenesteyting problem med å rekruttere relevant arbeidskraft. Men hos Difi i Leikanger har dei ikkje slike problem. – Det hender enkelte spesialistar kan vere vanskeleg å få tak i, men slik er det uansett kor ein er plassert. Avdelinga rekrutterer folk frå heile landet. Likevel har over halvparten ei eller annan tilknyting til regionen. – Ein god del av dei vi rekrutterer, er folk som har budd i fylket før, og som kjem tilbake for å jobbe for oss.

Fordelar i distriktet
Fondenes peiker på fleire fordeler ved å vere plassert i Leikanger og ikkje i Oslo. – Vi held lenger på arbeidskrafta. Sidan vi er plassert i distriktet er det færre jobbar å velje mellom. Det er ikkje så lett å byte jobb som det er i Oslo eller Bergen. Det gjer at vi har veldig stabil arbeidskraft.

Men avdelingsdirektøren merkar også ulempene. – Vi kunne kanskje ha tenkt oss eit betre og meir stabilt flytilbod. Widerøe har mykje kanselleringar og forseinkingar på flyplassane i fylket. Dette fører til problem for verksemder og etatar som er avhengige av hyppige møter andre stader i landet og utanlands. Lufthamnsjef på Sogndal luftham, Gunnar Solbakken, stadfestar at det har vore litt vanskar med regulariteten på flytilbodet i periodar. – Widerøe har hatt nokre tekniske problem, og det får konsekvensar, seier han. – Likevel har det vore ei betring i regulariteten i år samanlikna med i fjor og året før. Samstundes har det vore ein kraftig vekst i talet på passasjerar, så no må ein vere tidleg ute med å tinge billettar, særleg når det gjeld morgon- og ettermiddag/kveldsflya til og frå Oslo.

Kjelder
SSB: Registerbasert sysselsettingsstatistikk