Importstans gynger ikkje båten

Marin

Importstans gynger ikkje båten

Norsk fiskeeksport trassa russisk importstans og auka med ni prosent i 2014. Den marine næringa i Hordaland ventar oppgang også i år. 

Norsk sjømatnæring har lagt bak seg eit krevjande år. Eksporten av sild, aure og til dels laks blei hardt råka av importrestriksjonane i den russiske marknaden. Det tvinga fram store omstillingar i marknadsarbeidet hos enkelte aktørar. For Pelagia, verdas største eksportør av pelagisk fisk, utgjer eksporten til Russland fem prosent av den årlege omsetnaden. Importstansen gjorde at dei måtte erstatte den russiske marknaden med andre, mindre betalingsdyktige marknader. Også Lerøy blei råka av russisk importstans. Selskapet er Norges største produsent av aure, og Russland har tradisjonelt vore ein av dei aller viktigaste marknadene.

Nye beitemarker
Utfordringane i marknaden er vonleg forbigåande. Konsernleder i Lerøy Seafood, Henning Beltestad, meldte i november at marknadsarbeidet deira hadde gitt positive resultat, og venta at det ville bidra til ei gradvis normalisering av marknadssituasjonen. Eksportstatistikken frå november viser at norsk aureeksport auka til viktige marknader som Polen, Japan og Kviterussland.

Situasjonen i Russland ser heller ikkje ut til å ha lagt den store demparen på utsiktene for 2015 i næringa samla sett: Næringsbarometeret viser at nesten 60 prosent av dei marine verksemdene vurderer den generelle marknadssituasjonen som god eller svært god. Berre fire prosent vurderer den som dårleg. 18 prosent av verksemdene ventar å auke eksporten i 2015 medan 14 prosent ser for seg nedgang. Også omsetnad, lønsemd og talet på tilsette er venta å auke i 2015. 

– Næringa har eit fantastisk marknadsapparat som gjer at ein stadig finn nye marknader for norsk sjømat, gjennom eigne og felles kanalar som Norges Sjømatråd, seier dagleg leiar i Fiskeriforum Vest, Tanja Hoel. Ho trekkjer fram Kina, India og Brasil som store marknader med ein betydeleg og veksande middelklasse. – Å utvikle nye marknader for fersk sjømat blir berre viktigare framover.

Å finne nye marknader er likevel tidkrevjande. Næringsbarometeret viser at berre åtte prosent satsa på nye geografiske marknader i 2014. Langt fleire kjem til å styrke denne innsatsen i år: 31 prosent av verksemdene planlegg å satse på nye geografiske marknader i 2015. 35 prosent vil rette seg mot nye kundegrupper.

Omstillingsdyktig næring
Næringsbarometeret tyder på at marine verksemder opplever eit noko større omstillingsbehov enn resten av næringslivet. 45 prosent av verksemdene  svarar at behovet for omstilling er større enn for eitt år sidan – mot 40 prosent i næringslivet samla sett.

I tillegg til utfordringane i marknaden det siste året må den marine næringa ta omsyn til krav og forventingar frå forbrukarar og myndigheiter både til produktkvalitet, mattryggleik og berekraft. – Næringa har gjort store framsteg, men det trengs framleis mykje arbeid for å sikre ein berekraftig produksjon, seier Hoel. – Kontinuerleg kunnskapsutvikling og innovasjon både i teknologi og produkt blir difor viktig framover,

Forskingssentrum
Hordaland har eit betydeleg forskingsmiljø innanfor fiskeri- og akvakultur. I 2013 vann to forskingsgrupper frå UiB Fylkeskommunen sin oppfinnarpris for å ha utvikla diagnoseverktøy til bruk i oppdrettsnæringa. Karin Pittman og Bjarne Ravnøy blei tildelt prisen for å ha utvikla ein metode for å slimteste og måle helsetilstanden til fisk, medan Frank Nilsen og Per Gunnar Espedal fekk prisen for ein gentest som gjer det mogleg å identifisere resistent lakselus.

Teknologi- og produktutvikling
Næringsbarometeret viser likevel at delen verksemder i den marine næringa som planlegg å styrke FoU-innsatsen er lågare i år enn i fjor. Medan 31 prosent styrka satsinga på FoU i 2014, planlegg 19 prosent det same i år. Derimot står teknologi- og produktinnovasjon høgt på agendaen i næringa samla sett. 43 prosent planlegg å ta i bruk ny teknologi i løpet av året. 39 prosent planlegg å utvikle nye produkt.

Trenden i næringa går i retning av meir tilverka produkt. – Forbrukarane ønskjer enkel, rask og sunn kvardagsmat, seier Hoel. Ho peikar dessutan på at stadig fleire forbrukarar ønskjer å utrykke haldningar og identitet gjennom maten. – Omsyn til mattryggleik, miljø og etikk blir viktigare i mange marknader, særleg for kjøpesterke grupper, seier Hoel. Dette er trendar også sjømatnæringa må ta inn over seg. – Utfordringa framover blir å hauste sjømat på ein berekraftig måte, utan å auke miljøavtrykket vårt.

Kjelder:
http://stocklink.no/Article.aspx?id=110743
http://www.seafood.no/Markedsinformasjon/Statistikk
http://www.sysla.no/2014/10/24/havbruk/han-skal-lede-ny-fiskerigigant-fr...
http://www.hordaland.no/Aktuelt/Arkiv-nyhende/2013/Desember/Oppfinnarpri...