Inga oljearbeidsløyse

Arbeidsmarknaden

Inga oljearbeidsløyse

Så langt i år er det små endringar på arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane. Fylket har få oljeretta verksemder og vi er i liten grad råka av dei same problema som nabofylka. 

Ved utgangen av april var 1 251 personar i Sogn og Fjordane – 2,2 prosent av arbeidsstyrken – heilt utan arbeid. Det er ein auke på fire prosent frå april 2013.

Samla sett er arbeidsløysa redusert med éin prosent hittil i år (til og med april). På landsnivå er det ein auke på seks prosent. Reduksjonen er størst innan helse, pleie og omsorg og barne- og ungdomsarbeid. Kontorarbeid og bygg og anlegg er dei næringane som har størst auke. I industrien er arbeidsløysa uendra.

Lågast arbeidsløyse i landet
Sogn og Fjordane har framleis lågast arbeidsløyse i landet. I 1. tertial i år hadde Sogn og Fjordane i gjennomsnitt 2,2 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt utan arbeid, mot 3,0 prosent på landsbasis. I tillegg var 0,4 prosent av arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane på arbeidsmarknadstiltak, mot 0,5 prosent på landsnivå (figur 1).

Størst reduksjon innan barne- og ungdomsarbeid
Halvparten av yrkesgruppene har ein reduksjon i arbeidsløysa samanlikna med 1. tertial i fjor (figur 2). Reduksjonen er størst innan barne- og ungdomsarbeid og helse, pleie og omsorg. I kategoriane kontorarbeid, bygg og anlegg og butikk- og salsarbeid, er det ein auke. I industrien er arbeidsløysa om lag uendra.   

Regionale forskjellar
Arbeidsløysa varierer mykje mellom dei ulike regionane i Sogn og Fjordane. Sunnfjord-regionen hadde ein auke på seks prosent frå 1. tertial 2014. Nordfjord hadde uendra arbeidsløyse, mens Sogn og ytre Sogn/ytre Sunnfjord hadde ein reduksjon på høvesvis ti og åtte prosent.

Ytre Sogn/ytre Sunnfjord har lågast arbeidsløyse med 1, 5 prosent, mens Nordfjord har høgast arbeidsløyse med 2,8 prosent (figur 3). I Nordfjord er det særleg kystkommunane Bremanger, Vågsøy og Selje som dreg opp gjennomsnittet.

Ventar uendra arbeidsløysa i Sogn og Fjordane
Ifølgje dei siste prognosane frå NAV, kan gjennomsnittleg arbeidsløyse auke med ni prosent på landsnivå i 2015. NAV Sogn og Fjordane trur på uendra arbeidsløyse i Sogn og Fjordane. Utviklinga så langt i år stemmer dermed godt med prognosen.

Artikkelen er utarbeidd av Nav.