Inga krisestemning i Hordaland

Eksport

Inga krisestemning i Hordaland

Konkurransen aukar, og eksporten til Europa går ned. Krisetider til tross, eksportnæringa i fylket er framleis grunnleggjande optimistisk.

Avhengig av Europa
- Europa er viktig for oss og mange av våre kundar, så vi følgjer nøye med og er spente på utviklinga. Det seier Øyvind Risnes, kommunikasjonsdirektør i Bergen Group. Han er truleg ikkje åleine om å vere spent. Europa er den viktigaste eksportmarknaden både for verksemder i Hordaland og resten av Norge (sjå figur 1). Tala frå Næringsbarometeret viser at så godt som alle eksportverksemdene i Hordaland eksporterer til EU-landa. For rundt halvparten av eksportverksemdene utgjer eksporten til EU meir enn 25 prosent av omsetnaden. Asia er eksportmarknad nummer to, og til samanlikning er det berre 16 prosent av verksemdene som melder at eksporten til Asia utgjer meir enn 25 prosent av omsetnaden. 

Merkar prispresset
For Bergen Group og andre norske eksportverksemder har konkurransesituasjonen endra seg etter at krisa i Europa slo inn. Låge løner og slunkne ordrebøker hos europeiske konkurrentar fører til hard priskonkurranse i marknaden. – Det er mange industribedrifter i Europa som er svoltne på oppdrag. Vi har grunn til å tru at dei prisar seg ned under kostpris for å vinne oppdrag. Vi verken kan eller vil konkurrere på slike premissar, så det er utfordrande for oss, seier Risnes. 

Konkurransen merkast i heile eksportnæringa. Prisane fall både i andre og tredje kvartal i fjor. Det syner tal frå SSB. Samanlikna med tredje kvartal 2011, fall prisane på norske eksportvarer med 2,1 prosent. Nedgangen gjeld dei fleste varegrupper, utanom råolje og naturgass. I konkurranse med svoltne europeiske verksemder skapar dette ein krevjande situasjon for norske eksportverksemder. – Utanlandske kundar er meir kyniske på pris, og ser det gjerne som den viktigaste konkurransefaktoren, seier Risnes. Utfordringa er å få utanlandske kundar til å verdsetje kvalitet og leveringstryggleik framfor pris. – Der er Bergen Group og norsk industri generelt i verdsklasse og har eit godt omdøme.

Lågare vekst
Prisnedgang er berre eitt av fleire teikn på at krisa i Europa kjem nærare. I haust melde Aftenposten at norske verksemder slit med å få betaling frå europeiske kundar. NHO på si side uttala før jul at tradisjonelle norske eksportverksemder får «krisebank». Biletet er likevel ikkje heilsvart. Sjølv om tala frå SSB viser at eksportvolumet fall med 3,7 prosent frå andre til tredje kvartal i fjor, var eksporten i tredje kvartal samla sett høgare enn på same tid året før. SSB spår likevel at svak vekst ute saman med svekka norsk konkurranseevne vil gi lågare vekst i norsk eksport utanom petroleum dei neste åra. Både rekordsterk krone og høgt lønsnivå skapar vanskar for norske eksportverksemder si konkurranseevne internasjonalt. 

Risnes i Bergen Group er redd for at europeiske styresmakter set i verk tiltak som gjer situasjonen verre. – Blir krisa langvarig, er det grunn til å frykte at styresmaktene i enkelte europeiske land tek i bruk offentlege støtteordningar som vil vere sterkt konkurransevridande. Vi ser tendensar til det allereie, og om det utviklar seg, kan det bli ei utfordring for heile den norske industrien, Bergen Group inkludert, seier Risnes.

Optimisme trass reduksjon
Kring halvparten av verksemdene som eksporterer til EU og resten av Europa melder om redusert eksport til desse landa som følgje av den europeiske krisa. Ein av tre har opplevd redusert ordrebehaldning frå Europa 
(sjå figur 2). Likevel viser Næringsbarometeret at eksportnæringa i Hordaland er grunnleggjande optimistisk med tanke på det komande året. Overraskinga er at dette òg ser ut til å gjelde dei som eksporterer til det kriseramma EU. Skilnaden mellom dei som har EU som sin hovudmarknad og andre eksportørar er marginal. I begge grupper melder kring ein av tre at dei trur eksporten vil auke det komande året, medan om lag ein av ti ventar nedgang. Det er berre ei svak auke frå januar i fjor. Då venta 7 prosent av alle eksportverksemdene ein nedgang i eksporten. I begge grupper er det dessutan langt fleire som ventar auke enn nedgang både i omsetnad, lønsemd, tilsette og investeringar (sjå figur 3). 

Oljesmurt eksportnæring
Det er altså ikkje krisestemning som pregar eksportnæringa i Hordaland. Ei årsak til det kan vere at landa som er hardast ramma av krisa utgjer ein relativt liten del av eksporten. Dei viktigaste handelspartnarane i EU, som Sverige, Tyskland og Storbritannia, har klart seg betre gjennom krisa. Men veksten har vore låg der òg siste året. SSB peikar på at norsk eksport til desse landa samla sett gjekk ned første halvår i fjor.

Ei anna viktig årsak er truleg at mange eksportverksemder i Hordaland livnærer seg godt på offshoreverksemd. Ei analyse utført av Menon Business Economics i juni, viser at Hordaland i 2011 stod for 19,3 prosent av den petroleumsretta eksporten i Norge. Berre Rogaland ligg høgare, med 34,7 prosent. I følgje Næringsbarometeret har nesten seks av ti eksportverksemder petroleumsrelatert omsetnad. 40 prosent av dei ventar å auke eksporten i løpet av 2013. Blant dei tradisjonelle eksportverksemdene er det 34 prosent som ventar det same. I begge grupper er det kring ein av ti som fryktar nedgang i eksporten. Samla sett er Næringsbarometeret oppmuntrande lesing for eksportnæringa, også for den delen som ikkje leverer til offshorenæringa. 

Dreg fordel av krisa
Så langt har éi av ti eksportverksemder sett seg nøydde til å seie opp eller permittere tilsette som følgje av krisa i Europa (sjå figur 2). Det er likevel ikkje grunn til å frykte store nedskjeringar i eksportnæringa det komande året. Blant EU-eksportørane ventar 9 prosent å måtte redusere arbeidsstokken. Seks av ti ventar derimot å auke talet på tilsette det neste året (figur 3). 

Slik sett kan ein del verksemder i Hordaland snu krisa i Europa til sin fordel. Høg arbeidsløyse ute gir tilgang på sårt tiltrengt arbeidskraft her heime. Øyvind Risnes hos Bergen Group erkjenner at krisetilstandane i Europa på eit vis har slått positivt ut for selskapet. – Vi har fått auka tilgang til kvalifisert arbeidskraft som vi i periodar har mangla. Det går lettare å rekruttere folk både til prosjektstillingar og faste stillingar i Norge. Berre det siste året har Bergen Group tilsett fleire personar både frå Aust-Europa og Sør-Europa. Risnes trur eit fleirkulturelt fagmiljø kan bidra til å styrkje konsernet si internasjonale konkurransekraft framover. 

Kjelder
«Utenlandske kunder drøyer med betalingen», Aftenposten, 14.11.2012
SSB Utenrikshandel med varer. Volum- og prisindekser, 3.kvartal 2012
SSB Utenrikshandel med varer, oktober 2012
SSB Konjunkturtendensene for Norge og utlandet
http://www.ssb.no/magasinet/norge_verden/art-2012-08-08-01.html
Christian Mellbye, Sveinung Fjose og Ola Thorseth/ Menon Business Economics (2012): Internasjonalisering av norsk oljeleverandørindustri.
Erik W. Jakobsen, Sveinung Fjose, Christian Mellbye, Leo Grünfeld og Atle Blomgren: Eksport fra norske regioner – Hvorfor så store forskjeller? Menon Business Economics, nr. 2/2012.