Ingen snarveg til vekst

Transport og engros

Ingen snarveg til vekst

Transportbransjen har ikkje mista trua på auka lønsemd. Men i ei næring prega av låg inntening og sterk konkurranse, vågar ingen å investere.

- Konkurransen blir hardare frå år til år. Det seier Gunnar Kvåle, dagleg leiar i DB Schenker i Bergen. Tala frå Bedriftsundersøkinga viser at han ikkje er åleine om den oppfatninga. Transportbransjen er langt mindre optimistisk for året som kjem enn kva han var i januar 2012. Forventingsindeksen viser eit fall frå 37 til 15 poeng frå januar i fjor. Skiftet har truleg samanheng med utviklinga på kontinentet. Investeringslysta innan transport og engros er heller ikkje stor, til liks med dei fleste bransjar. Likevel finst det ein gryande optimisme. Samla forventingsindeks går så vidt opp frå mai-målinga. Bransjen ønskjer å tilsetje nye medarbeidarar og har tru på at lønsemda blir betre.

Ingen store utslag
Tre av fire verksemder som har svart på Bedriftsundersøkinga vurderer den generelle marknadssituasjonen som tilfredsstillande eller god. Svært få vurderer situasjonen til å vere svært dårleg eller svært god. Verdien på ordrebehaldninga er uendra eller noko større for sju av ti verksemder i dag jamført med verdien ved inngangen til 2012. Men 20 prosent av verksemdene i bedriftsundersøkinga har noko mindre ordrebehaldning enn ved same tid i fjor. 

Sterk konkurranse
Transportbransjen slit med innteninga, og møter sterk konkurranse frå utanlandske transportselskap. I dag går 60 prosent av importen med utanlandske bilar, fortel Erling Sæther, næringspolitisk direktør i NHO Logistikk og transport til nettavisa E24.

I Bergen fortel Gunnar Kvåle, dagleg leiar i DB Schenker, om stadig sterkare konkurranse, både frå utanlandske og norske selskap. Mindre sal av norske varer i Europa verkar også inn på transportbransjen. - Vi merkar godt lågare etterspurnad på kontinentet etter norske varer, seier Kvåle. – Det er færre turar til Europa i dag enn før krisa sette inn for alvor. På Vestlandet peikar bransjen også stadig på dårleg infrastruktur som sterkt kostnadsdrivande. – Forutan hard konkurranse om kundane, er dårleg vegstandard, dyre bompengar og ferjer sterkt medverkande til lågare inntening. I tillegg kjem avstandsfaktoren, men den kan vi ikkje gjere så mykje med, seier Kvåle. Han er likevel ikkje pessimist: - Vi har tru på at 2013 blir eit betre år enn 2012.

Manglar sjåførar
Forventingsindeksen tyder på at fleire har behov for nye tilsette det neste året. Samstundes melder ei av tre verksemder i bedriftsundersøkinga om rekrutteringsvanskar. Som for dei fleste andre bransjane er det fagarbeidarar, her i form av sjåførar, det er størst problem å få tak i. Men også teknisk personell er mangelvare for somme verksemder.

Kjelder
E24 26.09.12: http://e24.no/naeringsliv/transportbransjen-sliter-60-prosent-av-importen-foregaar-med-utenlandske-biler/20278734
SSB: http://www.ssb.no/transport/