Ingen sure miner i Hardanger

Regionalt utsyn

Ingen sure miner i Hardanger

Fruktblomstring, turistar, Hardangerbunad, nasjonalromantikk – og fabrikkpiper, ferrosilisium og sink. To sider av same sak i Hardanger.

Seks av sju Hardangerkommunar ligg på botnen av Telemarksforsking si liste over kommunar med svak relativ vekst  i næringslivet i Hordaland. I media les og høyrer ein dagstøtt om minkande folketal, og i eit forarbeidsdokument til ein regional planstrategi for Hordaland les ein at Hardanger kjem dårleg ut på dei fleste såkalla objektive indikatorane. Kva skjer i regionen? Ligg det ei mørk sky over Hardanger?

Fall i forventingane
Den samla forventingsindeksen for Hardanger og Midthordland  ligg heile 10 poeng lågare i år enn i 2013. I 2013 var regionen på botn blant regionane i Hordaland, men låg likevel 3 poeng høgare enn i 2012. I 2014 ligg Hardanger/Midthordland også på botn med 2 poeng, like under Region Vest som hadde eit endå større fall i forventingane. Forventingsindeksen er differansen mellom forventa auke og forventa nedgang. Sjølv om indeksen er svært låg for mai 2014 er det likevel slik at kvar sjette verksemd, inkludert offentlege verksemder som helseføretak, trur at 2014 blir om lag som 2013. Det er faktisk litt fleire som er optimistiske enn pessimistiske for 2014, men denne skilnaden var større i fjor. Vi minner om at indeksen omfattar eit større geografisk område enn Hardanger og gir såleis ikkje nødvendigvis eit heilt korrekt bilete av forventingane i regionen. 

Godt klima og fossefall
Næringsbarometeret har snakka med regionrådsleiaren, reiselivsdirektøren, talspersonar for næringslivet i Odda og ein aktivitetstilbydar i Kinsarvik. Dei sutrar på ingen måte og osar nærast av optimisme (sjå eigne artiklar). Dette trass i at Hardanger ikkje ligg i olje-, energi- og proteinbeltet langs kysten. Hardanger sitt naturlege konkurransefortrinn har vore godt klima for fruktdyrking og vatn og fossefall som gjorde det mogleg å etablere smelteverk og annan kraftkrevjande industri inne i fjordane, og ikkje minst vakker natur som trekte turistar frå fjernt og nært.

I dag er det mykje av det same, sjølv om nærleiken til fossekraft ikkje er ein like stor fordel for industrien lenger. I dag er det nettverk og kompetanse – saman med vakker natur – som er konkurransefortrinna til regionen. Likevel slit fleire kommunar i Hardanger med utflytting og for få arbeidsplassar. Trass i dette auka folketalet med 149 personar i perioden 2010–2014. Storparten av veksten kom i Kvam – heradet som ligg nærast Bergen.

Innovative fruktdyrkarar
– Det går bra i Hardanger. Eg merkar ingen pessimisme blant Hardingane, seier Leiv Vambheim, dagleg leiar av Hardangerrådet, med krav på å bli trudd. Vambheim er optimistisk på vegne av Hardanger og dreg fram dei tre kjerneområda reiseliv, industri og landbruk (frukt). Han er fullt klar over at fleire kommunar i regionen slit med halde både folketalet og næringslivet på eit berekraftig nivå, samstundes som han òg ser lyspunkt. Han hevdar Hardanger har eit godt utgangspunkt for å lukkast med næringsutvikling, og nemner både kultur og natur som viktige føresetnader for dette. Samarbeid og gode kommunikasjonar er òg viktig. Her skortar det enno litt, meiner regionsrådsleiaren.

Vambheim understrekar at fruktdyrkarane har lukkast med å tenkje nytt og innovativt, og held fram prosjektet «Dyrk smart», iverksett som eit samarbeid mellom tre fruktlager i Hardanger. Målet med prosjektet er å gi fruktbøndene i Hardanger ein «kick-start» i nye dyrkingsmetodar som gir vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Andre innovative tiltak frå fruktbønder i Hardanger er Frukt- og siderruta i Ulvik der tre gardar har gått saman om å tilby smaksprøvar og omvising i produksjonsanlegga. – Dette viser at landbruket i Hardanger både tenkjer nytt og vågar å investere, seier Vambheim. Siderbøndene i Ulvik viser òg at ein kan kombinere landbruksdrift med opplevingar gjennom det opplegget dei har for å trekkje tilreisande til bygda – og Hardanger. God frukt og gode produkt i eit vakkert landskap er eit konkurransefortrinn fruktbøndene i Hardanger har ovanfor sine utanlandske konkurrentar.

Odda slit med varehandel
Hardangerrådsleiaren er uroa over Odda sin funksjon som regionsenter for indre delar av Hardanger og gir kommunen 10 år på seg til å utvikle seg til eit attraktivt regionsenter. Sjølv om mykje faktisk går ganske bra og vel så det i den gamle industristaden, slit Odda med oppretthalde viktige senterfunksjonar innan handel og helse. – Om dei ikkje maktar å snu utviklinga blir Odda som ei anna mindre bygd i Hardanger, seier han. – Dei må satse på handel, destinasjonsutvikling for reiselivet og på å ruste opp det gamle sentrumsmiljøet. Oddingane må sjå framover, bli samde om retninga og våge å satse. Slik eg ser det treng Odda eit kjøpesenter som kan trekkje handlande inn frå eit større omland.

Norheimsund – det andre regionsenteret i Hardanger – har satsa på næringsutvikling og stadutvikling, og det har gitt resultat. Leif Vambheim meiner Odda må ta lærdom av Kvam.  – Norheimsund er i dag blitt ein forstad til Bergen med ein breitt bustadtilbod. Både i Kvam og i Odda ønskjer dei seg ferjefri veg mellom Bergen og Oslo med ny bru over Hardangerfjorden – Belsnes-Ljones. I Kvam meiner dei fleste at vegen bør gå om Norheimsund med tunnel under Kvamskogen – Hardangertunnelen. I Odda meiner mange at vegen heller bør går om Søfteland i Os. Begge alternativa vil vere med på å korte ned reisetida mellom Hardanger og Bergen, noko som kan gi positive verknader for både busetjing og næringsliv både i ytre og indre Hardanger, hevdar Vambheim. 

Dette er Jan Ove Aasen og Ranveig Canjon i SMB-Odda samde i. Dei representerer over 60 små og mellomstore bedrifter i Odda, og har stor tru på at om den gamle i industristaden i Hardanger skal klare å vekse både i folketal og arbeidsplassar, må E134 over Haukeli bli forlengd som grein til Odda og vidare til Bergen med ei ny bru over Hardangerfjorden (sjå «Odda – feilstinget i Hardangersaumen?»).

Landbruk framleis viktig
Hardanger er først og fremst ein landbruksregion med fruktdyrking som den største næringa. Det er Kvam og Ullensvang som har dei fleste landbrukseiningane. Bygg- og anleggsverksemd er den nest største næringa i regionen, der Odda, Ullensvang og Kvam har flest verksemder. Varehandel og reparasjon av motorvogner kjem på tredjeplass, og det er naturleg nok dei to største kommunane Kvam og Odda som har flest verksemder i denne næringa. Industri kjem først på åttande plass – noko som kan forklarast med at det er få enkeltmannsføretak innan industrien, i motsetnad til landbruket og innan bygg og anlegg. Både Odda og Kvam har industriverksemder av ein viss storleik.

Reiselivsnæringa i Hardanger er fordelt på overnattingsverksemder – dei fleste i Eidfjord, Ulvik, Ullensvang , Odda og Kvam – og transportverksemder. Også varehandel og privat tenesteyting nyt godt av tilreisande. Målt i talet på verksemder utgjer reiselivsbedrifter ganske få einingar i reiselivsregionen Hardanger, men reiselivet gir ringverknader i form av sysselsetting, kjøp av tenester og varer med meir.

Kjelder:
Telemarksforsking. Analyse av næringsutvikling, attraktivitet og innovasjon - Kvam. TF-notat nr. 48/2013.
Statistisk sentralbyrå 2014: Statistikkbanken