Innvandring skapar vekst

Arbeidsinnvandring

Innvandring skapar vekst

Bruk av utanlandsk arbeidskraft får hjula til å gå rundt i næringslivet i Hordaland. Av dei verksemdene som skal rekruttere nye medarbeidarar i år, vil 20 prosent gjere det i utlandet.
 

Fyller kompetansehola
I Odda ligg ei av verdas største produsentar av koplingsutstyr for undervassteknologi i olje- og gassindustrien, NLI Odda. I fjor flytta fire personar frå Moldova for å jobbe her. Det starta med ei designar-stilling som sto ledig. – Vi leita etter ein person med ein kompetanse som er vanskeleg å finne i Norge, seier Ingvald Torblå, administrerande direktør i Odda-verksemda. - Ved hjelp av databasen til NAV Eures oppdaga vi at det berre var ein person som hadde nøyaktig den kunnskapen vi var ute etter. Han var i Moldova. Personen med den sjeldne kompetansen er no tilsett og har flytta hit med familien sin. Seinare har verksemda henta inn tre tidlegare kollegaer av han. Torblå er godt nøgd med rekrutteringa.

Ein annan som har gode erfaringar med å hente arbeidskraft frå utlandet er Ragnvald Joakimsen, assisterande rådmann i Jondal kommune. Kommunen lukkast ikkje med å rekruttere sjukepleiarar til den lokale sjukeheimen gjennom dei vanlege kanalane. Men så fekk dei tilbod frå NAV Eures om å vere med til eit jobbseminar i Danmark. – Etter seminaret sat vi igjen med ei liste på ikkje mindre enn 20 nyutdanna sjukepleiarkandidatar som kunne tenkje seg å kome til Jondal, seier Joakimsen. - Valet fall på to som var spesielt motiverte og som kjende kvarandre frå før. Vi la sterk vekt på at dei burde kjenne kvarandre, for Jondal er ikkje noko stor plass med masse tilbod til unge menneske.

Fleire arbeidstimar
På få år har talet på arbeidstimar i Noreg auka med 20 prosent, mykje grunna vekst i bruken av utanlandsk arbeidskraft.  Arbeidsinnvandringa reduserer presset i den norske arbeidsmarknaden og hjelper til med å halde prisane nede. - Om vi ikkje hadde hatt arbeidsinnvandring ville det ha vore manko på arbeidstimar, noko som ville ha ført til at fleire som etterspør tenester frå snekkarar eller rørleggjarar ikkje ville fått desse gjort. Det sa professor Erling Røed Larsen ved handelshøgskulen BI til NRK i april i år. Den kraftige auken i talet på arbeidstimar skuldast at arbeidstakarar har vorte lokka til Noreg av dei høge lønene, i følgje Røed Larsen. Spesielt etter at EØS-reglane vart endra for tre år sidan og opna for fri arbeidsinnvandring frå dei nye EU-statane, har næringar skjerma frå utanlandsk konkurranse nytt godt av den ekstra arbeidskrafta som har kome til landet.

Innvandring i endring
Innvandringa til vestlandsfylka har endra seg dei siste åra. Det seier Kjell Gunnar Salvanes, professor ved Noregs Handelshøgskole i Bergen til Bergens Tidende. Tidlegare var den typiske innvandraren ein asylsøkarar utan spesielle kvalifikasjonar. I dag kjem det òg godt kvalifisert arbeidskraft frå i første rekkje Aust-Europa og Sverige.

39 prosent av dei private verksemdene i Hordaland har nytta arbeidskraft frå EØS-området i løpet av dei siste 12 månadane. Det kjem fram i ei undersøking som Perduco nyleg har utført for NAV Eures. Av dei norske fylka er det berre Østfold som kan vise til eit høgare tal enn dette. Om lag halvparten av dei utanlandske arbeidstakarane i vestlandsfylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane har ikkje fast opphald i Noreg, i følgje Skatt Vest. Dei er her som midlertidig arbeidskraft. I dag utgjer denne gruppa rundt sju prosent av den samla arbeidsstokken på Vestlandet. Karl Husabø frå Skatt Vest trur at denne gruppa vil vekse i åra framover, særleg innafor oljesektoren. Det seier han til Bergens Tidende.

Ser mot utlandet
I Bedriftsundersøkinga til Næringsbarometeret vart verksemdene i Hordaland spurt om dei planlegg å rekruttere arbeidskraft frå utlandet i 2012. Om lag 12 prosent av dei private verksemdene svarar positivt på dette spørsmålet. Dersom vi berre ser på verksemder som har planar om å auke talet på tilsette, aukar denne prosentdelen til 21.

Tendensen er særleg tydeleg innafor tre næringar. Det gjeld olje- og energisektoren der fire av ti verksemder planlegg å rekruttere frå utlandet i 2012. Det gjeld og bygg- og anlegg og forretningsmessig tenesteyting, der tre av ti verksemder vil rekruttere frå utlandet. Den siste gruppa inkluderer mellom anna bemanningsbransjen og reinhaldsbransjen, begge bransjar som tradisjonelt har nytta mange utanlandske arbeidstakarar.