Investerer i tilsette

Industri

Investerer i tilsette

Framtida ser stadig litt lysare ut for bedrifter som driv med transport og engros. Men framleis er det tøff konkurranse frå utanlandske transportørar. 

Dei fleste industriverksemdene i Hordaland ventar at 2014 blir om lag som i fjor. Det viser tala frå Næringsbarometeret. Likevel viser samla indeks eit kraftig fall i forventingar til året som kjem - frå 24 poeng ved same tid i fjor til 10 poeng i år. Det er viljen til nye investeringar som er blitt borte. Investeringsindeksen har rast frå 24 poeng for eitt år sidan til minus 10 poeng i år. Samstundes viser tala at heile 57 prosent av verksemdene faktisk ventar at investeringa vil vere stabil i høve til fjoråret. Forventingane til omsetnad har også blitt kraftig redusert frå i fjor, frå 25 til 13 poeng. Det er likevel ikkje verre enn at vel halvparten meiner at omsetnaden blir om lag som i fjor.  Forventingane til lønsemd og tilsetjingar har ikkje blitt vesentleg mindre.

Nisjeprodukt sel
Vinnarane er verksemder som anten sel eit produkt få andre sel, eller som produserer eit produkt marknaden etterspør. Inst inne i Sørfjorden finn vi to slike verksemder. Den eine av dei, Tizir Titanium & Iron AS (TTI) i Tyssedal, er einaste produsent av titandioksidslagg i Europa, og produserer titandioksidslagg og høgreint råjern frå ilmenitt. Dei greier seg bra, men opplever likevel at marknaden deira ikkje er heilt sikker. – 2013 var eit bra år historisk, men vi ser at verda ikkje går i den farten som vi ønskjer, seier dagleg leiar ved Tizir Titanium & Iron AS i Tyssedal, Nils Johan Ystanes. Produkta frå Odda Plast AS i Odda er også ettertrakta. Dagleg leiar Gisle Markus fortel at i dag er offshore og industri like store marknader, men at dei i framtida ser for seg at offshore vil bli størst. (Sjå artikkel samla vurdering).

Vil tilsette fleire
I Lonevåg på Osterøy ligg den tradisjonsrike verksemda Mjøs Metall med 52 tilsette. Dei har også lukkast i å omstille seg til nye marknader. I dag leverer dei eit breitt spekter av presisjonsmaskinerte komponentar og samanstilte produkt til den maritime marknaden og offshore & subsea.  Hovudproduktet er vakuumpumper. – 2013 var eit svært bra år, med auka omsetnad og god inntening, fortel dagleg leiar Bjørn Øvsthus. – Vi ventar auke i omsetnaden neste år, men noko nedgang i innteninga sidan 2013 var eit spesielt bra år. Det blir berre mindre investeringar i år sidan vi gjennomførte nokre større investeringar i 2013.

Verksemda venter å tilsetje to nye medarbeidarar i 2014.  – Det har stort sett gått greitt å rekruttere dei medarbeidarane verksemda treng, men det har vore noko verre å få  tak i visse typar kompetanse. Det er marginal tilgang på erfarne CNC operatørar og anna teknisk personell som maskiningeniørar og personar med teknisk fagskule, seier Øvsthus.