Utviklar for det offentlege

Offentleg-privat samhandling

Utviklar for det offentlege

Innovasjonstakta i næringslivet er lågare i Sogn og Fjordane enn elles i landet. Kanskje kan løysinga liggje i å lytte til behova frå næraste kommunehus. 

– KvalitetsLosen hadde ikkje blitt etablert om det ikkje var for Høyanger kommune, seier dagleg leiar John Tonheim. Verksemda er eit døme på at behov frå kommunen fort kan bli til nye idear i næringslivet. Då KvalitetsLosen starta opp i 2004, var det som eit resultat av eit samarbeid mellom John Tonheim og Høyanger kommune. I dag leverer verksemda kvalitetsstyringssystem til offentlege og private kundar over heile landet.

Smartare innkjøp, meir innovasjon
Sogn og Fjordane kjem dårlegare ut enn mange andre fylke på statistikken over forsking og utvikling i næringslivet. Frå 2005 til 2011 auka FoU-utgiftene med 16,7 prosent i Sogn og Fjordane, mot 43,9 prosent for heile landet.

Nettopp auka innovasjon er eit av måla for leverandørutviklingsprogrammet som NHO no ønskjer å starte opp i fylket (sjå eiga sak). Ideen er å etablere kontakt mellom kjøpar og leverandørmarknaden på eit tidleg stadium i prosessen. Slik vonar ein å bidra til smartare innkjøp og til auka innovasjon i næringslivet. – Vi gir kjøpar kjennskap til den nyaste teknologien, produkta og tenestene i marknaden, seier prosjektleiar Marit Gjerstad i NHO Sogn og Fjordane. – Kanskje fører det til eit OFU-prosjekt (offentleg forsking og utviklingskontrakt), dersom det viser seg at det produktet som best svarar til kundens behov, ikkje finst i marknaden. På denne måten kan programmet også bidra til meir nyskaping i næringslivet.

Satsar meir på utvikling
Ei av fem verksemder har gjort som KvalitetsLosen og utvikla nye produkt eller tenester spesielt for offentleg sektor. Det viser tal frå Næringsbarometeret. Innanfor finansiell og forretningsmessig tenesteyting gjeld det éi av tre verksemder. Tala tyder også på at slik samhandling skjer i noko større grad enn tidlegare. Ei av tre verksemder svarar at dei har satsa meir på å utvikle produkt og tenester for offentleg sektor dei siste to åra samanlikna med tidlegare. Størst er prosentdelen innanfor bygg og anlegg.

Skjerpar kvaliteten
Ei av tre verksemder meiner også at det å levere til offentleg sektor bidrar til betre kvalitet på produkta og tenestene deira. – Gode innkjøpsprosessar verkar skjerpande for leverandørleddet, seier Tonheim i KvalitetsLosen. – Då stiller alle leverandørane på lik line, og den som dekkjer behova best vinn fram.

Samarbeider om produktutvikling
Sjølv samarbeider dei kontinuerleg med sine kundar om forbetring og vidareutvikling av det modulbaserte kvalitetsstyringssystemet dei tilbyr. – Vi jobbar tett både med Høyanger kommune og andre kommunar. Alle nye modular i systemet er utvikla i samarbeid med kommunar. Vi utviklar til eigen kostnad og risiko, så det betyr at vi må kjenne produktet og marknaden godt. Deretter vel vi ut dei beste kommunane i landet til å teste modulen. Elles melder også kommunar inn behov for nye funksjonar i eksisterande modular, fortel Tonheim.

Kjelder
http://statistikk.ivest.no/hf/