Kan vi snu nasjonale nedgangstider til regional optimisme?

Leiar

Kan vi snu nasjonale nedgangstider til regional optimisme?

Overskriftene i barometeret tyder på at næringslivet i fylket ikkje ser særleg optimistisk på 2015. «Lågaste forventingar sidan finanskrisa» og «Nedgang i norsk økonomi» er konklusjonar som tyder på at mange bedrifter no ser mørkare enn vanleg på tida vi går i møte.

Nyleg kom ein rapport frå Telemarksforskning som viser at bedrifter i Sogn og Fjordane har arbeidd under vanskelege strukturelle vilkår over lang tid, og at dette forklarer den svake utviklinga både i høve til folketal og nye arbeidsplassar. I tillegg slit eksportbedrifter framleis med at mange vestlege land ikkje er komne skikkeleg på fote igjen etter finanskrisa. 

Jamt over er det likevel ikkje grunn til å la svartsynet ta overhand. Sjølv om barometeret viser at kultur, reiseliv og oppleving er einaste næring som rapporterer om betre forventningar, vil utviklinga vi har sett i kronekurs, oljepris og nedskjeringar i oljebransjen dei siste månadene kunne vere ei vitamininnsprøyting for andre næringar i fylket. Alle eksportnæringane våre nyt godt av den svake norske krona som låg oljepris medfører. Det same gjer reiselivet og næringar som konkurrerer mot utanlandsk import. Ikkje berre blir det billegare for utlendingar å handle i Noreg, det blir også dyrare for nordmenn å handle i utlandet. Låg oljepris er også gunstig for dei fleste av handelspartnerane våre, som er netto oljeimportørar. Får ein høgare aktivitet i desse økonomiane, vil dette vere svært godt nytt for norsk økonomi.

Oljenæringa er ei typisk vestlandsnæring. Kostnadskutta og nedskjeringane i næringa råkar difor landsdelen hardt. Den sterkt fallande oljeprisen forsterkar behovet for vidare nedskjeringar. Forventningar om lågare investeringar påverkar igjen framtidsutsiktene til underleverandørane,  og dette kan vere ei viktig forklaring til kvifor næringar som bygg og anlegg, industri og privat tenesteyting ser mørkare på framtida no enn tidlegare.

I Sogn og Fjordane er vi likevel langt mindre eksponerte mot oljenæringa enn nabofylka våre, og slik sett blir ikkje fylket like hardt råka. Det er også svært viktig å forstå korleis rammevilkåra til fastlandsøkonomien på sikt kan bli betre av ein redusert oljesektor med høgare kostnadsfokus: Fleire kloke hovud søkjer seg til næringar på land, mangelen på arbeidskraft i næringar som slit med rekrutteringa i dag vil minke, og lønspresset i økonomien blir langt mindre. Dette vil styrkje bedrifter i mange næringar, også bedrifter som på kort sikt ser på nedskjeringane i oljebransjen som ei stor utfordring. Det er viktig at næringslivet i fylket ser dette.   Endringar som det vi ser no gir oss mange utfordringar, men kanskje er muligheitane endå fleire?

Førde, 19. januar 2015

Arvid Andenæs