Krise kan gi endring

Omstilling

Krise kan gi endring

Hordaland har lågare innovasjonsaktivitet enn fylke det er naturleg å samanlikne seg med. Bremsinga i oljesektoren kan vere vekkjaren næringslivet treng.  

Næringsbarometeret viser at næringslivet i Hordaland no tek grep for å møte det dei opplever som eit auka behov for omstilling. 40 prosent av verksemdene i fylket melder at dei satsar meir på omstilling i dag samanlikna med for eitt år sidan. Kring ein tredjedel planlegg å utvikle nye produkt eller tenester i 2015 og 25 prosent planlegg å ta i bruk ny teknologi. Størst er omstillingsbehovet i industrien, der halvparten melder om auka satsing på omstillingstiltak.

Olja må omstille
Situasjonen i oljesektoren er truleg ikkje heile forklaringa, men det er utvilsamt ein medverkande faktor. Næringsbarometeret viser at det går eit tydeleg skilje mellom den mest petroleumsretta delen av næringslivet og andre verksemder.

62 prosent av dei mest oljeavhengige verksemdene – som får  meir enn 50 prosent av omsetninga si frå oljesektoren – opplever at behovet for omstilling har auka det siste året. Halvparten svarar også at dei har tatt grep for å møte dette behovet. Blant verksemder som er urørt av den turbulensen som no rår i oljenæringa, svarar berre 37 prosent det same.

Ordrenedgang gir kutt
Næringsbarometeret viser at åtte prosent av verksemdene i løpet av 2014 såg seg nøydde til å gå drastisk til verks og permittere eller seie opp tilsette. Ytterlegare 7 prosent ventar å måtte gjere det same i år. Også forventingsindeksen viser at prosentdelen verksemder som ventar å måtte skjere ned det komande året, har auka noko samanlikna med i fjor.

For ein del verksemder spelar nok situasjonen i oljenæringa inn. Bedriftsundersøkinga viser at det går eit skilje mellom verksemder med og utan oljerelatert omsetnad. Ni prosent av verksemdene med oljerelatert omsetnad planlegg oppseiingar i 2015. Blant verksemder utan tilknyting til oljesektoren, planlegg berre fem prosent det same.

Lågare ordretilgang er hovudårsaka til at verksemdene no må ty til oppseiingar eller permitteringar. 54 prosent av dei som har gjennomført eller planlegg kutt, svarar at det skuldast ein allereie redusert ordretilgang. 40 prosent seier at forventingar om lågare ordretilgang det komande året er årsaka.

Figur 2 viser kva andre grep næringslivet tek for å omstille seg. Kring 40 prosent vel å satse på nye kundegrupper. Langt færre vel å investere meir i forsking og utvikling for å møte omstillingsbehovet.

Fleire innovatørar i Norge
Innovative bedrifter er gjerne meir omstillingsdyktige enn andre. Kombinasjonen innovasjons- og omstillingsevne er dessutan ofte ein betre garanti for overleving enn store kapitalreservar, noko Victor D. Norman peikar på i Nærings- og handelsdepartementets rapport frå 2012, "Innovasjon på norsk. Hvor står vi og hvor går vi?"

Då er det oppløftande at delen innovatørar i Norge har auka dei siste åra. Den seinaste innovasjonsundersøkinga til SSB viser at ein større del av næringslivet har introdusert innovasjonar i perioden 2011 – 2013 samanlikna med treårsperioden før. Det gjeld innanfor alle hovudtypar innovasjon: Produkt, prosess, organisasjon og marknad. Størst er utslaga for tenesteinnovasjon og prosessinnovasjon. Desse er meir enn fordobla i høve til førre undersøking. Prosentdelen føretak med noka form for innovasjonsaktivitet auka med over 15 prosentpoeng i perioden 2011 – 2013 samanlikna med perioden 2010 – 2012.

SSB si separate innovasjonsundersøking viser dessutan at norsk næringsliv er på linje med næringslivet i Sverige, Finland og Danmark når det gjeld innovasjon. Internasjonale målingar har lenge vist eit anna bilete. På EU sin innovasjonsindeks (Union Innovation Scoreboard) kjem Norge dårlegare ut enn alle våre nordiske naboland. I 2013 blei Norge rangert som nummer 17 av 34 – under gjennomsnittet i EU.

SSB peikar på at dei svake resultata mellom anna kan ha samanheng med at den norske undersøkinga kombinerer spørsmål om forsking og utvikling med spørsmål om innovasjon. Dette kan ha bidrege til underrapportering på enkelte indikatorar som inngår i EU sin indeks. Dei fleste andre land som er omfatta av indeksen har separate undersøkingar for dei to områda. EU sin innovasjonsindeks fangar heller ikkje opp skilnader i næringsstruktur. Norsk næringsliv er dominert av små- og mellomstore verksemder, og desse har gjerne dårlegare føresetnader for å ha omfattande FoU-aktivitet enn store verksemder.

Hordaland ligg etter
Næringslivet i Hordaland kjem relativt svakt ut når det gjeld innovasjonsaktivitet. Denne er målt i prosent verksemder som har ferdigstilt eller byrja å utvikle nye produkt eller prosessar. I 2012 låg fylket på åttande plass i landet. Også når det gjeld næringslivets bruk av FoU hamnar Hordaland eit stykke bak dei store lokomotiva Oslo, Akershus og Sør-Trøndelag. I 2012 låg Hordaland på sjette plass, bak både Rogaland og Buskerud, målt i eigenutført og innkjøpt FoU. Bruken av FoU i næringslivet har rett nok auka i fylket dei siste åra, men er framleis lågare enn før finanskrisa i 2007.

Næringsstrukturen påverkar sjølvsagt resultata. Fylke som er dominert av FoU-intensive næringar vil naturleg nok kome betre ut enn fylke kor slike næringar er mindre dominerande. Tal frå Hordaland fylkeskommune viser at Hordaland har noko færre sysselsette i dei mest FoU-intensive næringane samanlikna med til dømes Oslo og Akershus. Fylkeskommunen sine analysar tyder likevel på at Hordaland gjer det dårlegare enn kva ein kunne forvente gitt næringsstrukturen i fylket.

Ei innvending mot statistikken er at den ikkje tek omsyn til såkalla hovudkontorsproblematikk. Fleire av dei store aktørane innanfor olje - og gassindustrien med betydeleg aktivitet i Hordaland har hovudkontor utanfor fylket. Det kan gjere at FoU-verksemd som skjer i Hordaland, blir registrert i andre fylke.

Omstilling i krisetider
Innovasjonsteori legg vekt på bedriftenes evne til å vere i forkant av utviklinga og skape konkurransefortrinn ved å sjå nye moglegheiter. I realiteten må det likevel ofte ei krise til for å få til endring. Forsking frå NHH viser at den interne omstillingsaktiviteten i norsk næringsliv auka markant under finanskrisa. Mange verksemder valde å nytte den ledige kapasiteten som krisa gav dei til å investere i organisasjonen og dei tilsette – anten gjennom opplæringspakkar eller ved å gjere organisatoriske endringar. Større strukturelle omstillingar, som oppkjøp og fusjonar, fall i same periode.

Same studie viser at investeringar i humankapital og organisatorisk kapital var dei to einaste investeringskategoriane som auka under krisa. Både investeringar i forsking og utvikling og fysiske investeringar fall i same periode. At verksemder kuttar i FoU-investeringar skuldast først og fremst finansieringsvanskar, og i mindre grad svikt i etterspurnaden.

At ei krise gir sterkare insentiv til endring, er kanskje ikkje overraskande. Når kapasiteten aukar, blir det billegare for verksemda enn elles å bruke tida på endring og omstilling. Samtidig aukar forståinga og viljen blant tilsette til å gjere endringar når dei opplever at arbeidsplassen er truga. Det betrar sjansen for å lukkast med endringsprosessar i dårlege tider.

Kjelder
http://ec.europa.eu/enterprise/policies/innovation/policy/innovation-sco...
http://www.forskningsradet.no/prognett-indikatorrapporten/Siste_tilgjeng...
http://ssb.no/teknologi-og-innovasjon/artikler-og-publikasjoner/flere-in...
Lasse Lien og Eirik Sjåholm Knudsen: Norske bedrifter gjennom krisen: En oversikt (Magma, 2012)
Hordaland fylkeskommune: Forsking og utvikling i Hordaland. Kvifor presterer næringslivet under pari? AUD-rapport 2-13.
Nærings- og Handelsdepartementet (2012): Innovasjon på norsk. Hvor står vi og hvor går vi?