Kunnskap er alt

Kompetansemangelen

Kunnskap er alt

– Skal eg ha ein strukturingeniør i dag, er ein annonse i BT bortkasta, seier Bjørn Fjeld, dagleg leiar i miljøteknologiselskapet OWEC Tower. – Vi må langt nedover i Europa for å finne folk, og det kostar. 

Problemstillinga er etter kvart velkjend: Norge har eit underskot på realfagleg kompetanse og fagarbeidarar. Visse typar spesialkompetanse er nærmast umogleg å oppdrive og privilegerte verksemder byr over kvarandre i kampen om dei talenta som finst. Tal frå Næringsbarometeret viser at 20 prosent av verksemdene i fylket har hatt rekrutteringsvanskar i løpet av dei siste tre månadene (figur 1). Ei av ti verksemder seier dei løyser problemet ved å tilsetje personar med lågare kvalifikasjonar.

Fleire bransjar slit
OWEC Tower er langt frå dei einaste som slit med å rekruttere ingeniørar. Til saman manglar fylket 650 ingeniørar og 150 sivilingeniørar. Det viser NAV si bedriftsundersøking (figur 2). Sjølv om det er mangelen på kunnskapsarbeidarar og faglærde som dominerer i mediebildet, avdekkjer Næringsbarometeret eit stort behov for arbeidskraft også i mindre kunnskapsintensive yrke. Mellom anna manglar fylket 500 butikkmedarbeidarar.

Varige konkurransefortrinn
At det er kunnskap vi skal overleve på i framtida har vel nærmast vorte ein klisjé. Men den er i høgste grad sann – også for Hordaland. Fylket har rett nok ein lågare konsentrasjon av kunnskapsintensive næringar enn t.d. Oslo, Akershus og Sør-Trøndelag. Men i delar av industrien er spesialisert kompetanse eit viktig konkurransefortrinn. Det gjeld særleg offshoreretta verksemd og innanfor IKT-næringa. Subsea-klynga i Bergensregionen er eit godt døme på dette. Her finn vi eit av dei største fagmiljøa i verda innanfor undervassteknologi. –Vi er heilt avhengig av skreddarsydd kompetanse. Det er vårt einaste varige konkurransefortrinn, seier Trond Olsen i NCE Subsea. – Høgare kostnader må kompenserast med høgare kompetanse. Det inneber ikkje berre meir arbeidskraft. Det betyr også at vi må utnytte den eksisterande kompetansen meir effektivt.

Klarar ikkje vekse
Blir problemet langvarig, kan regionen si konkurranseevne bli råka. Allereie i dag opplever mange verksemder at mangelen på kompetanse legg ein dempar på vidare vekst. Over halvparten av verksemdene som melder om rekrutteringsvanskar, opplever at det hindrar ønska vekst. Det viser tal frå Næringsbarometeret. Blant verksemdene med oljerelatert omsetnad, er talet endå høgre. Her melder ei av fire verksemder om rekrutteringsvanskar. 73 prosent av desse meiner det hindrar ønska vekst.

– Mangel på ingeniørar og anna spesialkompetanse gjer at vi ikkje veks like fort som vi ønskjer. Men generelt har vi ikkje problem med å få tak i dei folka vi treng. Berre i 2012 tilsette vi over 3 000 personar her i Norge, seier Stina Kildedal-Johannessen, kommunikasjonsrådgjevar i Aker Solutions.
Aker Solutions er truleg blant dei heldigast stilte. I 2012 vart dei kåra til Norges nest mest attraktive selskap å arbeide i blant ingeniørar og økonomar. – I Aker Solutions får ein arbeide med dei meste krevjande og utfordrande teknologiprosjekta. Det er nok litt av årsaka. Med sitt globale nettverk har selskapet dessutan store interne ressursar å spele på om det skulle skorte på kompetanse her heime. – Manglar vi folk i Bergen kan vi t.d. hente nokon frå kontoret vårt i Mumbai. Slik sett er vi privilegerte, seier Kildedal-Johannessen. 

Tapar mot olje- og gass
I mindre etablerte bransjar er situasjonen langt tøffare. Miljøteknologiselskapet OWEC Tower må ty til målretta headhunting for å få tak i dei rette folka. Ein prosess som kan koste opp mot 150 000 kroner. – Vi kan ikkje konkurrere med olje- og gassmarknaden. Dei skrur opp lønene og slukar den type kompetanse vi er heilt avhengig av, seier Bjørn Fjeld. – Det driv prisane oppover og gjer at vi blir mykje dyrare enn konkurrentane. Vi må drive produktutvikling med full styrke for å halde på det teknologiske fortrinnet vårt. Til det er vi igjen heilt avhengige av erfaren arbeidskraft.

Som utviklar av fundament til vindturbinar, representerer OWEC Tower framtidas næringar. Spørsmålet er kva kompetansemangelen vil få å seie for framveksten av nettopp denne typen verksemder. Og vil det føre til mindre innovasjon i fylket?

Etableringsvekst
Så langt er svaret delvis nei. Det har i alle fall ikkje vorte færre som etablerer seg i fylket. Det ser vi av statistikken over nye føretak. Sidan 2009 har Hordaland opplevd ein gjennomsnittleg årleg tilvekst av nye verksemder på 14,4 prosent. Talet er lågare enn i Oslo, Akershus og Sør-Trøndelag, men høgare enn den gjennomsnittlege tilveksten for heile landet (sjå tabell 1). Indikatorar for innovasjon i næringslivet viser derimot ei svakare utvikling. Frå 2007 til 2011 auka næringslivet i fylket sine utgifter til forsking og utvikling (innkjøpt og eigenutført) med mindre enn éin prosent. Finanskrisa kan vere ei forklaring på den låge veksten. Men til samanlikning hadde Sør-Trøndelag i same periode ein vekst på kring 3 prosent. Avstanden til Oslo og Akershus er endå større. Der auka FoU-utgiftene i næringslivet med høvesvis 35 og 44 prosent i perioden. Det syner tal frå Statistikk i vest. 

Hjernevinst
Om mange er uroa for tilgangen på høgt kvalifisert arbeidskraft, peikar likevel fleire faktorar i positiv retning. Sjølv om yrkesfagutdanninga har høgt fråfall, auka talet på avlagde fagprøvar ved vidaregåande skular i fjor. Også talet på søkjarar til ingeniørutdanningane ved Høgskulen i Bergen auka, med 14 prosent frå 2011 til 2012. Ved subsea-linja var auken på formidable 60 prosent i same periode. Det kan tyde på at plassmangel er ei større utfordring enn manglande realfagsinteresse. Også talet på realfaglege doktorgradar auka. I 2011 vart det avlagt 94 doktorgradar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Bergen. Det var 18 fleire enn året før.

Næringslivet i fylket nyt godt av å ha fleire høgare utdanningsinstitusjonar i området. Karrieresenteret si kandidatundersøking frå 2011 viser at Hordaland har ein betydeleg nettotilførsel av høgt utdanna arbeidskraft. 38 prosent av studentane ved dei tre største utdanningsinstitusjonane i fylket, UiB, HiB og NHH, blir rekruttert blant fylkets eigne ungdommar. Til gjengjeld blir 51 prosent av dei uteksaminerte kandidatane tilført den lokale arbeidsmarknaden. Høgast «brain gain» står Høgskulen i Bergen for. Dei rekrutterer 57 prosent av studentane frå fylket, men tilfører 72 prosent av studentane til den lokale arbeidsmarknaden. 

Kjelder
Bedriftsundersøkinga
Hordaland i tal 2/2012
http://statistikk.ivest.no/hf/
Statistisk sentralbyrå, foretak
http://www.hib.no/aktuelt/nyheter/2012/04/Samordnaopptak2012.asp